Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, fredag 10. februar, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120209

Vaktbikkje

Vaktbikkje

Mandag 30. august, 2010

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
  • Å handheva likestillingslova i likestillingsparadiset Noreg er ikkje berre enkelt. Derfor er det mange som set pris på at vi har eit Likestillingsombod, sjølv om det av og til kan vera brysamt for dei som sit med makta. Ikkje alle synest vaktbikkjene er dei trivelegaste dyra. NRK Dagsrevyen sette laurdag eit kritisk søkjelys på Likestillings- og diskrimineringsombodet. Kritikken var knytt til saker der Likestillingsombodet ikkje har vunne fram med sine standpunkt, med spørsmålet om hijab i politiet og likelønnspotten i tariffoppgjeret som aktuelle eksempel. Dette vart brukt til å byggja opp under spørsmålet om Likestillingsombodet har nokon funksjon.
  • Også nestleiaren i LO vart intervjua, og ho let etter seg eit inntrykk av Likestillingsombodet kan ha valt feil kampsaker. Kva blir logikken om ein skal følgja eit slikt resonnement? Det skulle vera velkjent at Likestillingsombodet korkje har lovgivande eller utøvande makt i det norske demokratiet. Likestillingsombodet er sett til å ha ein vaktbikkjefunksjon, ikkje ut frå allmenn synsing, men for å følgje med på om likestillings- og diskrimineringslovgivinga blir følgd i praksis. Kva blir det att av vaktbikkjefunksjonen dersom Likestillingsombodet berre skal snakka høgt i dei sakene ein er sikker på å få medhald i?
  • Vi undrar oss over både NRK og LO sitt ærend i denne saka. LO har ei viktig rolle å spela for å styrkja likestillinga i norsk arbeidsliv, både i lønnspolitikken og elles. Eit aktuelt eksempel kan lesast i Fredriksstad Blad. Ein SFO-leiar har fått støtte frå både Likestillingsombodet og Likestillings- og diskrimineringsnemnda i at ho har rett til same lønn som ein leiar i teknisk sektor. Kommunen har sagt nei. No oppmodar KS kommunen til å gå inn for likelønn. Bør ikkje det også vera LO si rolle, framfor å kritisera Likestillingsombodet for å velja feil kampsaker? At Likestillingsombodet ikkje automatisk får full siger og klapp på skuldra for alle sine utspel og standpunkt, er for somme av oss det beste beviset for at Ombodet trengst - iallall om Noreg skal forsvara ein status som verdsmeister i likestilling.
Kultur & medier
Fredag 10. februar, 2012
Bedre enn sitt rykte

Bedre enn sitt rykte

Færre og færre lærer tysk. Med dette står nordmenn i fare for å miste viktige deler av egen selvforståelse, mener Helge Jordheim.
Utenriks
Fredag 10. februar, 2012
Skyhøyt spill om Syria

Skyhøyt spill om Syria

HØY INNSATS: Spillet rundt Syria er en kamp om regionale interesser, mener analytiker Rakha Ahmed Hassan.
Innenriks
Fredag 10. februar, 2012
Truer med vikardissens

Truer med vikardissens

NEKTER: Audun Lysbakken sier SV er villig til å ta ut dissens i regjeringen mot vikarbyrådirektivet. Mandag sier også Sp nei. Dermed må Ap få hjelp av Høyre for å vinne vikarkrigen mot LO i Stortinget.
Dagens leder
Fredag 10. februar, 2012
Bjørgulv Braanen
Flybonus

Flybonus

Dagens leder
Powered by eonBIT