Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, fredag 25. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120525
Kultur & medier
Onsdag 24. februar, 2010
Dystopiane hjelper oss
Dit vi ikkje vil: Når livsgrunnlaget er rive bort, er vi i eit postmoralsk samfunn. Foto frå filmen «The Road». Foto: Euforia

Dystopiane hjelper oss

Onsdag 24. februar, 2010

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
Dystopiske historier som «The Road» kan kanskje spela ei rolle for å utvida refleksjonen om framtida.

Filmen «The Road», basert på Cormac McCarthys roman, viser ein skrekkversjon av framtida. Ei døyande verd, der eit fåtal attlevande menneske fører ein alles kamp mot alle for å overleva. Ein far og sonen hans er følgjet vårt gjennom øydelandet. Langs vegen møter dei ein gammal mann, som noko kryptisk refererer til tida før den store katastrofen, og til «åtvaringane som ingen ville høyra på». I dag åtvarar mange om ein komande apokalypse. Ikkje minst i samband med miljøkrisa.

Også i røynda har mennesket store vanskar med å ta inn over seg katastrofar som kan koma i framtida. Likeeins slit vi med å tenkja konsekvensetisk: Vi greier sjeldan radikalt å endra åtferd i dag for å unngå noko fælt eller oppnå noko bra i framtida.

- Kan filosofien hjelpa oss på noko vis her?

- Vi bør nok ikkje setja vår lit til at filosofien kan redda oss frå til dømes miljøkrisa, men Hans Jonas har i alle fall peika ut ein tankefeil som er viktig for desse spørsmåla, seier filosofen Alfred Fidjestøl, som mellom anna har skrive introduksjonsboka «Hans Jonas» på Universitetsforlaget.

- Det Jonas gjer oss merksame på, er at all overlevert etikk frå filosofihistoria er naboetikk og presensetikk: Den gjeld direkte samhandling med folk her og no. Fram til moderne tid har den etikken vore tilstrekkeleg. Slik er det ikkje lenger, hevdar Jonas, fordi vi no, i vår teknologiske tidsalder, er i stand til å gjera handlingar som grip lenger både i tid og rom.

Jøde i skyttargravene

Den tysk-amerikanske filosofen Hans Jonas’ (1903-1993) personlege røynsler var avgjerande for den ansvarsetikken eller framtidsetikken han har vorte kjend for. Han var elev av Martin Heidegger, og såg det som eit stort svik då Heidegger vart nazist. Jonas, som var jøde, måtte flykta frå Tyskland, men vart ein av dei jødiske soldatane som den britiske hæren trena for å slåst mot Hitler.

- Medan han låg i skyttargraver i Italia, fekk Hans Jonas erfara både svolt og frost. Han vart oppteken av at den europeiske eksistensfilosofien, som han sjølv hadde vore ein del av, var blotta for kroppslege røynsler, for biologi. Heilt sidan Descartes har det tenkjande mennesket stått i fokus for filosofien. Det som sameinar oss med alt liv, er gløymt. Jonas las Darwin innimellom soldatpliktene sine, og enda opp med ein biologisk eksistensialisme, som har vorte viktig for ei retning innan økofilosofien.

Tenkjeplikt

Premissen til Hans Jonas verkar lett å slutta seg til: I ei globalisert, høgteknologisk verd får handlingane vidtrekkande konsekvensar. Til dømes vart det denne snøvinteren klart at norske revar er forgifta av stoff som finst i skismurning og menneskeklede. Det tenkte du neppe over sist du gledde deg over synet av ein rev når du gjekk skitur. Det er ikkje så rart. Om vi ser nokon mishandla eit dyr, vil vi reagera instinktivt og direkte. Eit slikt reaksjonsmønster har vi ikkje for hendingar langt borte eller i framtida.

- Korleis kan vi endra på det?

- Hans Jonas meiner vi har det han kallar ei «tenkjeplikt»: eit ansvar for å utvikla empatien vår. Det kan verka som ei stor utfordring, men om vi ser bakover i historia, så har vi også tidlegare greidd å utvikla empatien. Tenk berre på korleis barneoppsedinga har endra seg.

Alfred Fidjestøl trur at i eit Jonas-perspektiv kan filmar som «The Road» spela ei rolle for utvida den refleksjonen filosofen etterlyser.

- Eg meiner det er ein styrke ved filmen at det er uklårt kva katastrofen kjem av. Eg er litt skeptisk til verknadene av miljøpropaganda. Om ein får powerpointane til Al Gore rett i fjeset, er det lett at ein mobiliserer ein forsvarsmekanisme. I tillegg likte eg også at vi får sjå tilbakeblikk på livet før katastrofen. Solfylte bilete av blomar og kjærleik. Det er ei påminning om det umistelege.

Den positive dystopien

«The Road» er ei dystopisk forteljing, og Hans Jonas var oppteken av at nettopp dystopien kunne ha ein positiv funksjon for tanken.

- Dette var eit tilsvar til Ernst Bloch, som var den store tyske marxistiske filosofen i samtida. Bloch var kjend for sine vonfulle utopiske skrifter. Hans Jonas argumenterte for at nettopp det 20. hundreåret hadde vore dei store utopiane sitt hundreår, både i form av kommunismen og nazismen. I staden for å leggja vekt på dei verste scenarioa, hadde ein fantasert om ei strålande utopisk framtid. Det gjekk ikkje vel. Hans Jonas meinte at dystopien kunne verka modererande på ideane til fordel for fatning og ettertanke. Ikkje ulikt det Ottar Brox her heime kalla «Dit vi ikke vil», som var ein freistnad på å førestella seg det verst moglege framtidsscenarioet med framleis stø kurs.

Hans Jonas la også vekt på dystopien fordi han meinte det ville vera lettare å einast politisk om kva vi ikkje vil, enn kva vi vil. Ein kan vel trygt slå fast at ingen ønskjer å enda opp der «The Road» er.

Elden og moralen

Stikk motsett Hans Jonas er forfattaren Cormac McCarthy ingen utprega etikar. I bøkene er han ikkje i første rekkje oppteken av skilnaden mellom godt og vondt. I «The Road» fører han likevel ein debatt om muligheitene for det gode, jamvel i eit øydelagt samfunn: «Vi ber elden,» seier faren i historia. Kampen for å overleva som menneske er også ein kamp for å berga det menneskelege.

- Hans Jonas var moralsk realist - som er ein påstand om at det eksisterer ein moralsk realitet uavhengig av våre moralske idear. Han meinte det eksisterer eit «bør» i det som «er». Menneskets evne og plikt til å ta ansvar er det mest forfina naturen har frambrakt, meinte han. Det er ein parallell til det som ligg i uttrykket «å bera elden».

Ifølgje Alfred Fidjestøl har mange økofilosofar, som Peter Wessel Zapffe og Georg Henrik von Wright, noko menneskefiendtleg med seg, med å vera likeglade til mennesket sin lagnad. Eit liknande standpunkt finn vi att hjå Alan Weisman. Han skreiv «Verden uten oss», der pessimismen på menneska sine vegner bleiknar mot optimismen på planeten sine vegner. Hans Jonas skil seg ut med å vera humanist. Han bryr seg om korleis det går med menneska.

- Fagfilosofar meiner gjerne at moralsk realisme er naivt, men Hans Jonas meiner augo til det nyfødde barnet er eit slags bevis for posisjonen. I den mirakuløse mellomtilstanden mellom heilt levande og heilt hjelpelaust gjev barnet oss eit påbod om å ta vare på det. Ser ein ikkje det, ser ein ikkje barnet. Historia i «The Road» byrjar også i fortida med at paret i hovudrolla får eit barn, som blir fødd inn i katastrofen.

Redningsbåten

- Faren i filmen syner likevel i nokre situasjonar nærast eit parodisk overlevingsinstinkt. Ein kan spørja seg kvifor han driv seg sjølv og sonen gjennom alle desse mareritta, når det ikkje finst noka verd å overleva for. Det har jo mora alt tatt konsekvensen av, og tatt livet av seg sjølv.

«Redningsbåtsituasjonen» var det Hans Jonas kalla tilstanden der samfunnsgrunnlaget er rive vekk, og det ikkje lenger er plass til alle i redningsbåten.

- I redningsbåtsituasjonen er vi i eit post-moralsk samfunn. Då blir alle etiske val vanskelege. Ifølgje Hans Jonas er vi moralsk forplikta til å hindra at vi hamnar der.

Innenriks
Fredag 25. mai, 2012
Statsrådene må koke kaffe selv

Statsrådene må koke kaffe selv

KAMPVILJE: Statens forhandlingsleder Rigmor Aasrud hentet selv kaffen og tok telefonen i går. Hennes eget forværelse sto streikevakt.
Utenriks
Fredag 25. mai, 2012
Valgets tikkende bombe

Valgets tikkende bombe

ULØST: Egypterne håper på stabilitet etter presidentvalget. Men uten en grunnlov som bestemmer den nye presidentens oppgaver, kan mer uro være i vente.
Kultur & medier
Fredag 25. mai, 2012
Poet refser oljegiganten

Poet refser oljegiganten

For et år siden mottok han penger fra Statoil. Nå skriver Helge Torvund dikt om selskapets oljesandprosjekt.
Dagens leder
Fredag 25. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Ny praksis

Ny praksis

Dagens leder
Powered by eonBIT