Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, fredag 10. februar, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120209
Kultur & medier
Fredag 19. februar, 2010
Utanfor allfarvegen
Små: Menneska er små i dei nådelause landskapa til Cormac McCarthy. Viggo Mortensen og Kodi Smit-McPhee i «The Road» Foto: Scanbox

Utanfor allfarvegen

Fredag 19. februar, 2010

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
Cormac McCarthy skriv om grunnleggjande livsvilkår, men syner også eit snev av menneskeforakt, meiner Mattis Øybø.

I dag er det premiere på filmatiseringa av Cormac McCarthys «The Road», eller «Veien», som romanen heitte då han kom på norsk i 2008. Den dystopiske boka er hylla av litteraturkritikarar, miljøaktivistar og det lesande publikum. Det beksvarte universet har jamvel slått an i Hollywood.

- Samfunnsskildringa i «Veien» er nådelaust dyster. Samstundes er det ei forteljing om ein far og ein son. Den historia er også fylt av kjærleik, omsorg og von, seier Mattis Øybø, som sjølv drøfta grensene for sivilisasjon og førestellingar om verdas undergang i romanane sine.

Handlinga i «Veien» går føre seg i eit øydelagt samfunn som kunne vore vårt eige. Ein katastrofe har råka jorda, som lir under ein slags atomvinter. Naturen døyr, ingenting veks, dyra er utrydda, dei fleste menneska er døde, og mange av dei attlevande har tydd til kannibalisme. Ein far og den unge sonen hans følgjer vegen sørover, mot havet, utan å vita om det vil vera von å finna der. Dei kjempar for å overleva og for å berga sin eigen humanitet.

«Gudsblikk»

«Veien» er Cormac McCarthys første «framtidsroman». Men forteljingar om menneske som er prisgjeve eit miskunnlaust miljø, er kjende frå heile forfattarskapen, frå «Et Guds barn» via den såkalla Grensetrilogien («Alle de vakre hestene», «Over grensen», «Byene på høysletten») og fram til «Ikke et land for gamle menn».

- Cormac McCarthy har ei unik litterær røyst, på same tid som han er ein klassisk amerikansk forfattar, i det at han skildrar mennesket som om det er sett ut i ei «villmark». McCormacs bøker er «frontier-litteratur». Skildringa av landskapa står sentralt. Mennesket er lite jamført med omgjevnadene. Det minkar også tyngda av dei menneskelege handlingane, same kor grufulle dei måtte vera - og det er dei i bøkene til McCarthy. Den nekrofile mordaren Lester Ballard blir omtala som «Et Guds barn» - på line med oss andre. Poenget blir mest ekstremt illustrert i valdelege «Blodmeridianen» (kjem på norsk i vår), som handlar om nedslakting av indianarar.

I McCarthys bøker blir mennesket observert frå ståstaden til ein ikkje-agerande gud, eller frå den likeglade naturen sjølv. Øybø meiner noko av styrken i McCarthys litteratur nettopp ligg i at han konsekvent unngår psykologisering, men heller spelar på episke strenger.

- McCarthy gjer mennesket si rolle mindre. Samstundes er det sjølvsagt denne «litenheten» som gjer tekstane så nådelause at du nesten får frysningar under lesinga.

Mange vil kalla McCarthys forfattarskap nihilistisk. Det er Øybø samd i.

- Når ein les korleis McCarthy briljerer litterært i detaljerte skildringar av den verste brutalitet, kan ein heller ikkje la vera å tenkja at det må liggja ei viss nihilistisk nyting i det. Men nett fordi McCarthy skriv så godt om vald, gjer desse framstillingane også inntrykk.

Kampen for tilværet

I «Veien» viser McCarthy oss ruinane av det moderne samfunnet. I dei tidlegare bøkene let han handlinga gå føre seg i det ein langt på veg må kalla førmoderne samfunn, jamvel om Grensetrilogien ender opp på 1950-talet og «Ikke et land for gamle menn» utspelar seg på byrjinga av 1980-talet. Frå og med Grensetrilogien er det det opne «westerlandskapet» i det sørvestlege USA som dominerer både miljøskildringane og menneska. Karakterane er sterkt bundne til naturen, som igjen er definert av villmarka. Det moderne og urbane vedkjem ikkje McCarthys litterære verd. Cormac McCarthy har i det heile ikkje mykje godt å seia om den moderne kulturen.

- Han er likevel ikkje blant dei som snakkar om eit kulturelt forfall. Når temaet kjem opp i bøkene, er konklusjonen klår: Verda var ikkje betre før. Jamvel om ein mann som Ed Tom Bell, sheriffen i «Ikke et land for gamle menn», meiner det: Før var folk meir høflege, dei respekterte eldre også vidare. Men den som går «sigrande» ut av romanen, er Ed Toms store motstandar, leigemordaren Anton Chigurh. Ingen(ting) kan stoppa han, og gjennom sine kyniske observasjonar er det han som ser verda for kva ho er.

Mattis Øybø meiner i det heile at Cormac McCarthy er ein betre skildrar av det dystopiske og mørke enn av det oppløftande.

- Eg synest han stør seg vel tungt på religiøse førestellingar når han skal uttrykka si spede von. I «Veien» blir vona formidla i uttrykket «å bera elden». Faren seier noko slikt som at han vil tenna i hjarta til sonen det som no berre er oske i hans. For å gjera dette truverdig, for å få sonen som er fødd inn i dette vonlause og amoralske universet, til å vera god, må han gjera guten til ein Kristus-figur.

Men denne bodskapen blir også utfordra av boka sjølv:

- Det som bryt like sterkt fram gjennom teksten, er synet på at mennesket er eit produkt av omgjevnadene sine - som dei fleste bukkar under for. Den spede handlinga krinsar jo i stor grad om kampen for å overleva. Det er reaksjonen på omgjevnadene, meir enn det menneska ber inni seg, som avgjer om dei er gode eller vonde.

Mattis Øybø meiner Cormac McCarthy på den eine sida er ein «gammaldags» forfattar, som ekskluderer fjernsynsskjermen frå bøkene sine. På den andre sida er han ein høgst moderne forfattar, som heile tida viser oss kvar vi kjem ifrå.

- Det finst også eit menneskefiendtleg drag ved McCarthys litteratur, som han heller ikkje unngår i forteljinga om faren og sonen i «Veien». Han teiknar her, gjennom alle dei andre, eit bilete av kva vi ender opp som, og det er eit veldig dystert bilete.

Tid for apokalypsar

At ei bok som «The Road» blir film no, er ikkje tilfeldig, meiner Øybø.

- Vi lever i gode tider for apokalyptiske forteljingar. Då tenkjer eg ikkje berre på miljøkrisa og liknande scenario. Alle tider har sine undergangsbilete. For tretti år sidan var det atombomba. Eg tenkjer like mykje på at jo meir sivilisert og jo meir gjennomorganisert samfunnet blir, jo meir medvitne blir vi om kva vi kan mista. Og jo meir individualisert ansvaret for velstand og tryggleik blir, frå pensjonsplanar til barnebilsete, jo meir klårt blir det medvitet: Fokus på tryggleik gjer ein også merksam på kva ein skal vera redd for. Vi blir som ein skjelvande rev i hiet, som McCarthy skriv.

Kultur & medier
Fredag 10. februar, 2012
Bedre enn sitt rykte

Bedre enn sitt rykte

Færre og færre lærer tysk. Med dette står nordmenn i fare for å miste viktige deler av egen selvforståelse, mener Helge Jordheim.
Utenriks
Fredag 10. februar, 2012
Skyhøyt spill om Syria

Skyhøyt spill om Syria

HØY INNSATS: Spillet rundt Syria er en kamp om regionale interesser, mener analytiker Rakha Ahmed Hassan.
Innenriks
Fredag 10. februar, 2012
Truer med vikardissens

Truer med vikardissens

NEKTER: Audun Lysbakken sier SV er villig til å ta ut dissens i regjeringen mot vikarbyrådirektivet. Mandag sier også Sp nei. Dermed må Ap få hjelp av Høyre for å vinne vikarkrigen mot LO i Stortinget.
Dagens leder
Fredag 10. februar, 2012
Bjørgulv Braanen
Flybonus

Flybonus

Dagens leder
Powered by eonBIT