Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, fredag 25. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120525
Kultur & medier
Fredag 8. februar, 2008
Jarle + Yngve = normalt
TROLLBUNDEN: Raddisen og heteroen Jarle får verda snudd på hovudet når han forelskar seg i den upolitiske streitingen Yngve. Rolf Kristian Larsen spelar Jarle og Ole Christoffer Ertvaag er Yngve i filmatiseringa av Tore Renbergs roman.

Jarle + Yngve = normalt

Fredag 8. februar, 2008

FAKTA

Mannen som elsket Yngve

  • Tore Renbergs store gjennombrotsroman frå 2003. Boka har seld 116.000 eksemplar og er omsett til fleire språk
  • Ein generasjonsroman frå Stavanger anno 1990. Sentralt står skildringa av eit venstreradikalt og sterkt musikkorientert ungdomsmiljø som blir splitta då Jarle forelskar seg i streitingen Yngve.
  • Renberg skreiv i 2005 oppfølgjaren «Kompani Orheim»
  • «Mannen som elsket Yngve» er no omarbeidd til film av forfattaren sjølv, og regissert av debutanten Stian Kristiansen. Filmen har premiere på kino 15. februar.

Tore Renberg (fødd 1972)

  • Forfattar frå Stavanger
  • Debuterte i 1995 med kortprosasamlinga «Sovende floke», som fekk Tarjei Vesaas debutantpris
  • Har skrive 14 bøker i ulike sjangrar
  • Har skrive drama for fjernsyn og manus til både kort og langfilm
  • Har vore litteraturkritikar og programleiar i fjernsyn
«Der var eg nok litt meir radikal enn eg sjølv var klar over då eg skreiv»
Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
- Om ein politisk roman er ein roman som får politisk effekt, så er homsetemaet i «Mannen som elsket Yngve» det mest politiske eg har gjort, seier Tore Renberg.

Neste fredag er det kinopremiere på «Mannen som elsket Yngve», filmatiseringa av Tore Renbergs bestseljarroman.

«Mannen som elsket Yngve» kom ut våren 2003. Sidan då har boka vorte folkelesnad blant ungdom og unge vaksne. Romanen er seld i formidable 116.000 eksemplar.

Klassekampen såg boka som det endelege farvel til det ironiske 90-talet. Avisa starta debatt om ei sosial vending i litteraturen, med utgangspunkt i Renberg si skildring av politisk medvite norsk ungdomsliv i 1990. Det heile mot eit bakteppe av politisk oppbrot etter den kalde krigen og den økonomiske baksmellen etter jappetida.

Sjølv heldt Renberg fast på at dette i fyrste rekkje var ei kjærleiksforteljing om Jarle og Yngve.

Korleis ser forfattaren på «Mannen som elsket Yngve» i dag, etter å ha omarbeidd romanen til filmmanuskript?

- Då eg skreiv boka, hadde eg ei kjensle av å ha skote gullfuglen, men då tenkte eg på salstal kring 10.000, fortel Renberg til Klassekampen. - Eg trudde kanskje det kunne bli ei kultbok, sidan eg skreiv om alternative folk og ei homofil forelsking i eit heterofilt liv. Det at over 100.000 folk har kjøpt boka, gjer det vanskeleg å vurdera ho i dag.

Forfattaren meiner at hovudaksen i boka framleis er kjærleiken. Men Renberg er også overraska og glad for at så mange har ynska å lesa ei bok om alternative folk, som ynskjer eit anna liv og ein annan politikk.

- Samstundes skildrar boka ei overgangstid der det smale vart det breie: med eitt skulle alle vera miljøvernarar og det sære i populærkulturen vart det alle ville ha. Og no har boka på eitt vis vorte ein del av dette skiftet sjølv, ler Renberg.

Homopolitisk

Tore Renberg meiner likevel at det mest politiske med boka er handsaminga av homofilispørsmålet.

- Der var eg nok litt meir radikal enn eg sjølv var klar over då eg skreiv, seier Renberg i dag.

Boka vart som forventa motteken med interesse i homsemiljø, men vart også møtt med intens og hard irritasjon frå nokre. Nett dét kom som «ei bombe» på forfattaren.

- Mellom andre frå miljøet rundt Blikk fekk eg mykje kritikk. Det fall ikkje i god jord at eg var ein heterofil forfattar som i tillegg ikkje ville vedgå at dette var ei rein homsehistorie. Dei meinte hardnakka at ei homofil forelsking i eit heterofilt liv var umogleg, og dei kravde at eg sjølv stod fram, eller at eg stod fram med Jarle som homse. I dag synest eg at det er heilt greitt at denne diskusjonen finst, men då var det eit sjokk for meg.

Renberg vil presisera at kritikken kom frå eit mindretal og at langt dei fleste reaksjonane frå homofile lesarar har vore svært positive.

- Mange har kasta seg om halsen på meg av takksemd for at eg sette fokus på kjærleiken, i staden for det homofile, og at eg slik gjorde forelskinga meir allmennmenneskeleg.

- Kor medvite var det frå di side å skriva ei bok som normaliserte homofil kjærleik?

- Det var halvt om halvt. I utgangspunktet var eg interessert i å skriva om kva ekstrem forelsking kan gjera med eit menneske. Eg såg både muligheiter og paradoks i den heterofile mannen si homofile forelsking, jamvel om nokre homsar altså vil nekta for at det går an. Det var heilt medvite at eg tona ned Jarle si skam over å forelska seg i ein av sitt eige kjønn. For han er det eit større problem at han har ein kjærast frå før, jamvel om spørsmålet om seksuell legning sjølvsagt er frustrerande.

Renberg føler at boka er i takt med tida på dette planet. Dei røynslene han har, er at romanen korresponderer med korleis ungdom i dag tenkjer.

- Og då vil eg ikkje bli mistydd: Eg er fullstendig klar over at det framleis ikkje er lett å vera ung homofil, og at det speglar seg i sjølvmordsratane.

Tore Renberg har lese høgt frå «Mannen som elsket Yngve» i mange klasserom sidan boka kom ut. Om han hadde villa, kunne han hatt heiltidsjobb dei siste fem åra med å reisa omkring på skular. Han er takksam for å ha hatt høve til å møta og lesa for «lukka tenåringsgutar».

- Det eg erfarer, er at unge i dag ikkje bryr seg om homo eller hetero. Det er veldig lite fnising når eg les. Jentene synest det er heilt herleg, utan at eg heilt veit kvifor, og om det er litt småkremting frå gutane, så er det lite.

- Om ein målar kor politisk ein roman er ut frå kva slags politisk effekt han har, så er homsetemaet i «Mannen som elsket Yngve» det mest politiske eg har gjort, og det er kult, seier Tore Renberg.

Hardt, men gøy

Tore Renberg brukte to år på å skriva «Mannen som elsket Yngve», no har han sjølv skrive manus til filmen. Regien har ein jamgammal kjenning av Renberg, den debuterande langfilmregissøren Stian Kristiansen, også han frå Stavanger, sjølvsagt.

- Korleis har det vore å klyppa ned romanen til halvannan times film?

- Då produksjonsselskapet Motlys spurte fyrste gongen, sa eg nei. Men då dei ikkje fann ein høveleg forfattar, gjekk eg likevel med på å gjera det. Det er klart det er vanskeleg, men etter kvart var det gøy også. Det kjendes ikkje som noko offer, men som ein ny runde med desse folka.

Renberg har arbeidd både med fjernsyn, kort- og langfilm, mellom anna musikalen «Alt for Egil», regissert av Tore Rygh. Han er klar over utfordringane filmmediet byr på.

- Det er eit nådelaust format, med omsyn til informasjonsmengde til dømes, medan romanen kanskje er det mest rause forteljarformatet vi har.

Fokus i filmen er likevel det same som i romanen, forsikrar forfattaren.

- Det som går tapt i filmen er mykje av bakgrunnshistoria, foreldra til Jarle til dømes. Slikt er det lite rom for i ein film.

- Men kjærleikshistoria er kanskje endå meir sentral, sidan alt blir så konkret på film: To unge gutar i dusjen er to unge gutar i dusjen. Det er nesten endå sårare og sterkare i filmen, tykkjer eg.

Renberg er svært nøgd med filmen.

- Eg var veldig nervøs, det er mange funksjonar og mange viljar ein må ta omsyn til i ein filmproduksjon, men det har vorte ein skikkeleg god film, som eg trur vil stå seg lenge. Den er både sår og energisk - og ekte, føler eg.

Ungdomshit

Den største overraskinga Tore Renberg har hatt med «Mannen som elsket Yngve», er at boka har slått så godt an mellom ungdom i dag.

- Eg trudde dette skulle bli ei bok for 30-åringane, og at dei svært konkrete tidsskildringane skulle stå i vegen for 17-åringar i dag. Det var ein naiv tanke. Boka har hatt reine signingsferda gjennom skuleverket og blir brukt som ei samtidshistorisk bok og ei bok som dei eldste tenåringane kan identifisera seg med. Eg hugsar sjølv kor avgjerande det var for meg som 15-åring å finna bøker som appellerte breitt til meg som lesar. Ein skal vera takksam for bøker som Ingvar Ambjørnsens «Hvite niggere», Lars Saabye Christensens «Beatles» og Erlend Loes «Naiv.Super», som held lesinga oppe i eit svært sårbart alderssegment.

- Om eg som forfattar har vore med på å gje unge i dag ei slik bok, så er det pedagogisk oppbyggeleg og hyggeleg å ha vore med på. Slikt er også viktig, og eg har hatt ei fantastisk gøy reise med Yngve, medgjev Tore Renberg.

«Mannen som elsket Yngve» har kinopremiere 15. februar.

Innenriks
Fredag 25. mai, 2012
Statsrådene må koke kaffe selv

Statsrådene må koke kaffe selv

KAMPVILJE: Statens forhandlingsleder Rigmor Aasrud hentet selv kaffen og tok telefonen i går. Hennes eget forværelse sto streikevakt.
Utenriks
Fredag 25. mai, 2012
Valgets tikkende bombe

Valgets tikkende bombe

ULØST: Egypterne håper på stabilitet etter presidentvalget. Men uten en grunnlov som bestemmer den nye presidentens oppgaver, kan mer uro være i vente.
Kultur & medier
Fredag 25. mai, 2012
Poet refser oljegiganten

Poet refser oljegiganten

For et år siden mottok han penger fra Statoil. Nå skriver Helge Torvund dikt om selskapets oljesandprosjekt.
Dagens leder
Fredag 25. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Ny praksis

Ny praksis

Dagens leder
Powered by eonBIT