Venstresidas dagsavis
Til forsiden
Nettutgaven, tirsdag 9. februar, 2010

Den store nissekampen

Dette er eit ublygt forsvar for fjøsnissen. Alle progressive jole-heidningar er kalla til strid. Cola-nissen må vekk!
Fredag 24. desember, 2004

Den pysjamaskledde diabetes2-pusharen Santa Claus har kapra den norske jola medan handelsstanden klukkar ho-ho-ho heile vegen til banken. Den handlekraftige, innfule fjøsnissen er derimot redusert til ein tannlaus skugge av seg sjølv mellom dompapar og nek på jolekort. Når vi har ein frekk og oppsedande nisse i vår eigen tradisjon, kvifor har vi då late dette oppblåsne trugsmålet mot familieøkonomi og folkehelse få overtaket?

«Kommersialismen,» vil mange sukka, resignert, medan dei hastar vidare med førjolsinnkjøpa. Men dette er vankunne og ansvarsfråskriving.

Luther si skuld

På sett og vis er det Martin Luther som har skulda. Ironisk nok kan ein lasta religiøse pietistar for at den kommersielle nissen vart med på jolelasset. Dei skal ikkje få døy i synda, men før ugjerningane blir avdekte, må vi langt tilbake i tid. Då uskulda enno fanst i nissedyrkinga.

Ein omtale i Olav Trygvassons saga tyder på at «fjøsnissen» har vore kjent alt i norrøn mellomalder. Den eldste nordiske illustrasjonen av ein - rett nok namnlaus - «fjøsnisse» vart prenta i Olaus Magnus? «Carta Marina» frå 1539. Han er ein raggut liten diabolsk skapning i ferd med å sopa ein stall. I folketradisjonen er ikkje nissen større enn eit barn, men bråsterk og dessutan urgammal og skrukkut som ei bjørkerot, med hår over heile kroppen. Han er kledd i gamle, grå vadmålsklede - knekort bukse og lang skjorte - med raud topplue. Olaus Magnus plasserte han i alle fall rett, med ein sopelime i stallen.

Ein einsleg mannsfigur

Folkeminnegranskar Ørnulf Hodne kan fortelja at «nissen» sine oppgåver i første rekkje var å passa kyr og hestar og gjera ymse arbeid for bonden. Noko han helst gjorde om natta. Men fjøsrøkt og vedlikehald måtte ikkje berre gjerast midtvinters. Den norske nissen er i utgangspunktet ikkje einsidig knytt til jola, jamvel om han kravde litt ekstra omtanke då. Enklare blir dette å forstå om vi kallar han med dei opphavelege namna, som gardvord (Trøndelag), tunkall (Rogaland), tomtegubbe (Austlandet) eller godbonde (Nordland).

Nemninga nisse har berre eksistert i Noreg i to-tre hundre år, og har spreidd seg frå Austlandet, dit det kom frå Danmark. Nisse er eigentleg Niels, som er den danske versjonen av Nikolaus. Ein tekst frå indre Sogn, om lag 1700, set likskapsteikn mellom «Nisse-God Dræng», som danskane kalla han, og «voor» som fanst på ein kvar gard. Det gammalnorske «vordr» tyder vaktar. Gardvorden er han som vaktar garden. Tradisjonen vil ha det til at han budde i ein stein, i eit stort lauvtre eller i ein jordhaug nær garden, eventuelt på låven eller i stallen.

Og det er alltid tale om «han» - ein einsleg mannsfigur. Nissemor er ei moderne oppfinning.

Støy, fyll og husbråk

Denne gardsnissen er ingen godfjott som smiskar for borna. Han er ein lunefull type som kan ha god moro av å spela gardsfolk og husdyr infame puss. Men han er også ein god hjelpar, om enn både streng og hemngjerrig. Om du driv garden godt og får nissen til å trivast, sørgjer han for velstand. Men tek du ikkje omsyn til vilkåra han set, kan han bli uforsonleg og føra ulukke, sjukdom og armod over folk og fe.

Som motyting for arbeidet krev han offer. Kvar torsdag skal han ha mat - og aldri noko dårlegare enn den føda sjølfolket et. Maten skal setjast ut der nissen bur, anten det er ved tuntreet eller på låven. Gjerne graut og mjølk. På ein høgtidsdag som jolekvelden derimot, duger ikkje dette, då må det vera rjomegraut, lefse - og øl.

Den gamle jola var like prega av støy, fyll og husbråk som den moderne jola. Det sørgde brygge- og brennetradisjonane for. Men desse uskikkane kan ein i alle fall ikkje klandra nissen for! Jamvel om han kravde sin ølsup til jol, kunne han ikkje lika uro eller støyande arbeid etter solnedgang. Han tolte heller ikkje kritikk eller banning. Då kunne det vanka ei øyreteve frå ei usynleg hand.

Ein luring

Medan Santa Claus sitt breiale korpus i signalraud habitt står for visuell forsøpling av landet frå oktober til januar, var det ikkje ofte at fjøsnissen synte seg. Han var i prinsippet usynleg, slik alle vette er, men ein kunne likevel stundom skimta han i vindauga, høyra han le eller snorka, eller sjå kor han hadde sove i høyet. Heilt til 1920-talet hadde dei nokre stader på Vestlandet ei oppreidd gardvord-seng ståande. Den måtte ingen leggja seg i.

Hodne fortel i «Vetter og skrømt i norsk folketro» at ei kone i Jondal kunne rapportera at ho hadde sett «bolet» etter gardvorden i senga: «Da va rundt so ette ain katt.» Han var ein luring, nissen, som også kunne skapa seg om!

Nissen, eller gardvorden, var eigentleg rudkallen, han som hadde rydda garden, og ein rest etter ein gammal forfedrekult. Trua på nissen var ein nedarva «arbeidskontrakt», som Hodne kallar det. Nissen var den som heldt gammal sed og skikk i hevd.

No er det ingen som tenkjer på nissen anna enn i jola. Det er fordi jola har vore høgtidene sitt kombinerte svar på ei supernova og eit svart hol: ho overstrålar andre høgtider, samstundes som ho trekkjer dei til seg og tømer dei for tradisjonar. Dette har den andre «jolenissen», St. Nikolaus, òg vore offer for.

Nikolaus var eigentleg biskop (difor den raude kappa) og borna sin verjehelgen. Katolikkane mintest han den 6. desember. Det galdt å ha vore snill, for då viste helgenen seg for småbarn med ris i den eine handa og godteri i den andre. Difor sette borna ut skorne sine denne natta, eller hengde strømpene sine på sengestolpen, så St. Nikolaus kunne leggja gåver i dei. Nederlendarane feirar framleis sin Sinterklaas med gåveutveksling denne dagen.

Kom med joletreet

Og då er vi framme ved korleis reformasjonen skulle koma til å forkludra joletradisjonane og uforvarande rydda vegen for vanhelging av høgtida. Dei nyreformerte protestantane førte ein hard kamp mot helgendyrkinga. Men folk gjev ugjerne avkall på ein fest for ingenting, så styresmaktene flytta likte godt heile gåveritualet til jolaftan og feiringa av Jesu fødsel. Det vart kanskje vel vulgært å lata jesusbarnet dela ut gåver, så St.Nikolaus vart med på det protestantiske flyttelasset. Til alle handelsmenn si store glede.

Resten er historie som det heiter. Den er omfattande dokumentert i Ane Ohrviks «Nisser - Fra helgen til sinnatagg». I dag dukkar den verdsleggjorte bispen opp i reklamen bak rattet på ein semitrailer med Coca-Cola. Der Santa Claus har vore, tindrar barneaugo av sukker og koffein. Ein jolefilm av året dukkar opp i minnet: «Bad Santa» - indeed! Ville ikkje den fromme bisp Nikolaus ha knekt riset over kneet, kasta godteriet ut i skodda og ete bispelua i rein forarging, om han hadde gløtta ned frå sin helgenhimmel?

Det var byborgarskapet som drog den maskekledde Nikolaus/Santa Claus til Noreg, tidleg på 1800-talet. Han kom i lag med joletreet og spreidde seg til dal og vik med joletrefestane, som vart populære tilskipingar fram mot førre hundreårskifte. Ørnulf Hodne meiner at jolenissen i Noreg er ein syntese av fjøsnissen og St. Nikolaus, samstundes som dei framleis opptrer parallelt. Det er ein viss affinitet mellom dei to gamle karane, som båe kan vera gjevmilde om ein held seg til vens med dei. Men hybridnissen har vorte eit overflatisk symbol. I dag har både folketradisjon og opphøgd religiøsitet, gardvordar og helgenar drukna under cola-nissar, til klang frå kassaapparatet.

Heim att?

Den pysjamaskledde diabetes2-pusharen Santa Claus har kapra den norske jola medan handelsstanden klukkar ho-ho-ho heile vegen til banken. Den handlekraftige, innfule fjøsnissen er derimot redusert til ein tannlaus skugge av seg sjølv mellom dompapar og nek på jolekort. Når vi har ein frekk og oppsedande nisse i vår eigen tradisjon, kvifor har vi då late dette oppblåsne trugsmålet mot familieøkonomi og folkehelse få overtaket?«Kommersialismen,» vil mange sukka, resignert, medan dei hastar vidare med førjolsinnkjøpa. Men dette er vankunne og ansvarsfråskriving.Luther si skuldPå sett og vis er det Martin Luther som har skulda. Ironisk nok kan ein lasta religiøse pietistar for at den kommersielle nissen vart med på jolelasset. Dei skal ikkje få døy i synda, men før ugjerningane blir avdekte, må vi langt tilbake i tid. Då uskulda enno fanst i nissedyrkinga.Ein omtale i Olav Trygvassons saga tyder på at «fjøsnissen» har vore kjent alt i norrøn mellomalder. Den eldste nordiske illustrasjonen av ein - rett nok namnlaus - «fjøsnisse» vart prenta i Olaus Magnus? «Carta Marina» frå 1539. Han er ein raggut liten diabolsk skapning i ferd med å sopa ein stall. I folketradisjonen er ikkje nissen større enn eit barn, men bråsterk og dessutan urgammal og skrukkut som ei bjørkerot, med hår over heile kroppen. Han er kledd i gamle, grå vadmålsklede - knekort bukse og lang skjorte - med raud topplue. Olaus Magnus plasserte han i alle fall rett, med ein sopelime i stallen.Ein einsleg mannsfigurFolkeminnegranskar Ørnulf Hodne kan fortelja at «nissen» sine oppgåver i første rekkje var å passa kyr og hestar og gjera ymse arbeid for bonden. Noko han helst gjorde om natta. Men fjøsrøkt og vedlikehald måtte ikkje berre gjerast midtvinters. Den norske nissen er i utgangspunktet ikkje einsidig knytt til jola, jamvel om han kravde litt ekstra omtanke då. Enklare blir dette å forstå om vi kallar han med dei opphavelege namna, som gardvord (Trøndelag), tunkall (Rogaland), tomtegubbe (Austlandet) eller godbonde (Nordland). Nemninga nisse har berre eksistert i Noreg i to-tre hundre år, og har spreidd seg frå Austlandet, dit det kom frå Danmark. Nisse er eigentleg Niels, som er den danske versjonen av Nikolaus. Ein tekst frå indre Sogn, om lag 1700, set likskapsteikn mellom «Nisse-God Dræng», som danskane kalla han, og «voor» som fanst på ein kvar gard. Det gammalnorske «vordr» tyder vaktar. Gardvorden er han som vaktar garden. Tradisjonen vil ha det til at han budde i ein stein, i eit stort lauvtre eller i ein jordhaug nær garden, eventuelt på låven eller i stallen.Og det er alltid tale om «han» - ein einsleg mannsfigur. Nissemor er ei moderne oppfinning.Støy, fyll og husbråkDenne gardsnissen er ingen godfjott som smiskar for borna. Han er ein lunefull type som kan ha god moro av å spela gardsfolk og husdyr infame puss. Men han er også ein god hjelpar, om enn både streng og hemngjerrig. Om du driv garden godt og får nissen til å trivast, sørgjer han for velstand. Men tek du ikkje omsyn til vilkåra han set, kan han bli uforsonleg og føra ulukke, sjukdom og armod over folk og fe.Som motyting for arbeidet krev han offer. Kvar torsdag skal han ha mat - og aldri noko dårlegare enn den føda sjølfolket et. Maten skal setjast ut der nissen bur, anten det er ved tuntreet eller på låven. Gjerne graut og mjølk. På ein høgtidsdag som jolekvelden derimot, duger ikkje dette, då må det vera rjomegraut, lefse - og øl. Den gamle jola var like prega av støy, fyll og husbråk som den moderne jola. Det sørgde brygge- og brennetradisjonane for. Men desse uskikkane kan ein i alle fall ikkje klandra nissen for! Jamvel om han kravde sin ølsup til jol, kunne han ikkje lika uro eller støyande arbeid etter solnedgang. Han tolte heller ikkje kritikk eller banning. Då kunne det vanka ei øyreteve frå ei usynleg hand.Ein luringMedan Santa Claus sitt breiale korpus i signalraud habitt står for visuell forsøpling av landet frå oktober til januar, var det ikkje ofte at fjøsnissen synte seg. Han var i prinsippet usynleg, slik alle vette er, men ein kunne likevel stundom skimta han i vindauga, høyra han le eller snorka, eller sjå kor han hadde sove i høyet. Heilt til 1920-talet hadde dei nokre stader på Vestlandet ei oppreidd gardvord-seng ståande. Den måtte ingen leggja seg i. Hodne fortel i «Vetter og skrømt i norsk folketro» at ei kone i Jondal kunne rapportera at ho hadde sett «bolet» etter gardvorden i senga: «Da va rundt so ette ain katt.» Han var ein luring, nissen, som også kunne skapa seg om!Nissen, eller gardvorden, var eigentleg rudkallen, han som hadde rydda garden, og ein rest etter ein gammal forfedrekult. Trua på nissen var ein nedarva «arbeidskontrakt», som Hodne kallar det. Nissen var den som heldt gammal sed og skikk i hevd.No er det ingen som tenkjer på nissen anna enn i jola. Det er fordi jola har vore høgtidene sitt kombinerte svar på ei supernova og eit svart hol: ho overstrålar andre høgtider, samstundes som ho trekkjer dei til seg og tømer dei for tradisjonar. Dette har den andre «jolenissen», St. Nikolaus, òg vore offer for. Nikolaus var eigentleg biskop (difor den raude kappa) og borna sin verjehelgen. Katolikkane mintest han den 6. desember. Det galdt å ha vore snill, for då viste helgenen seg for småbarn med ris i den eine handa og godteri i den andre. Difor sette borna ut skorne sine denne natta, eller hengde strømpene sine på sengestolpen, så St. Nikolaus kunne leggja gåver i dei. Nederlendarane feirar framleis sin Sinterklaas med gåveutveksling denne dagen.Kom med joletreetOg då er vi framme ved korleis reformasjonen skulle koma til å forkludra joletradisjonane og uforvarande rydda vegen for vanhelging av høgtida. Dei nyreformerte protestantane førte ein hard kamp mot helgendyrkinga. Men folk gjev ugjerne avkall på ein fest for ingenting, så styresmaktene flytta likte godt heile gåveritualet til jolaftan og feiringa av Jesu fødsel. Det vart kanskje vel vulgært å lata jesusbarnet dela ut gåver, så St.Nikolaus vart med på det protestantiske flyttelasset. Til alle handelsmenn si store glede. Resten er historie som det heiter. Den er omfattande dokumentert i Ane Ohrviks «Nisser - Fra helgen til sinnatagg». I dag dukkar den verdsleggjorte bispen opp i reklamen bak rattet på ein semitrailer med Coca-Cola. Der Santa Claus har vore, tindrar barneaugo av sukker og koffein. Ein jolefilm av året dukkar opp i minnet: «Bad Santa» - indeed! Ville ikkje den fromme bisp Nikolaus ha knekt riset over kneet, kasta godteriet ut i skodda og ete bispelua i rein forarging, om han hadde gløtta ned frå sin helgenhimmel?Det var byborgarskapet som drog den maskekledde Nikolaus/Santa Claus til Noreg, tidleg på 1800-talet. Han kom i lag med joletreet og spreidde seg til dal og vik med joletrefestane, som vart populære tilskipingar fram mot førre hundreårskifte. Ørnulf Hodne meiner at jolenissen i Noreg er ein syntese av fjøsnissen og St. Nikolaus, samstundes som dei framleis opptrer parallelt. Det er ein viss affinitet mellom dei to gamle karane, som båe kan vera gjevmilde om ein held seg til vens med dei. Men hybridnissen har vorte eit overflatisk symbol. I dag har både folketradisjon og opphøgd religiøsitet, gardvordar og helgenar drukna under cola-nissar, til klang frå kassaapparatet.Heim att?


Nyheter
Mandag 8. februar, 2010
Lørdag 6. februar, 2010
Mandag 11. januar, 2010
Lørdag 9. januar, 2010
Fredag 8. januar, 2010
Utenriks
Mandag 8. februar, 2010
Lørdag 6. februar, 2010
Mandag 11. januar, 2010
Lørdag 9. januar, 2010
Fredag 8. januar, 2010
Kultur & medier
Mandag 8. februar, 2010
Mandag 11. januar, 2010
Lørdag 9. januar, 2010
Fredag 8. januar, 2010
Torsdag 7. januar, 2010
Kommentarer
Mandag 8. februar, 2010
Lørdag 6. februar, 2010
Mandag 11. januar, 2010
Lørdag 9. januar, 2010
Fredag 8. januar, 2010