Rett veg

Mandag 20. juni, 2011
- Stortinget har stort sett vore på sidelina i snart seks år med raudgrøn fleirtalsregjering, og mykje av stortingsarbeidet blir både frå opposisjonen og dei raudgrøne stortingsgruppene opplevd som ei ørkenvandring. Men dagen før stortingsferien viste partia evne og vilje til å utvikle politikk i fellesskap, då dei innfridde ønsket frå regjeringa om å inngå eit samla rovdyrpolitisk forlik. Konfliktlinene i rovdyrpolitikken har gått tvers gjennom både regjeringa og opposisjonen, og i slike situasjonar kan det parlamentariske systemet fungere for å finne kompromiss.
- Alle parti må gje og ta i forlik som dette, og alle framhevar det dei er mest nøgde med. SV understrekar det historiske ved at Stortinget samla slår fast at dei fire store rovdyra - bjørn, ulv, jerv og gaupe - skal sikrast overleving i norsk natur. Dette er utvilsamt i tråd med folkemeininga. Men det faktum at dei utprega distriktspartia Senterpartiet og Framstegspartiet no sluttar seg til forliket, medan dei har stått utanfor forliket som har vore gjeldande sidan 2004, illustrerer at politikken er flytta i riktig retning sett frå Bygde-Norge og beitenæringa si side.
- Grunnen er at Stortinget no vil gjera det lettare å felle rovdyr som gjer stor skade blant beitedyr og rein, og at fleire avgjerder skal bli lagt til lokal forvaltning. Det er ikkje berre bestandsmåla for rovdyr, men minst like mykje eit stivbeint byråkrati som har utløyst ei stigande misnøye med rovdyrpolitikken, særleg i landbruksfylka med grense mot Sverige. No blir naudretten styrka, og det skal bli høve til å felle streifande hannbjørn. Forhandlinger med Sverige om reknemåten for grenseulven gjer at måla for ulvebestanden blir utsett til 2013. Forliket er ambisiøst når det slår fast at det ikkje skal vera rovdyr med skadepotensial i prioriterte beiteområde for husdyr og kalvingsområde for tamrein. Dette kjem vil å bli tema for tolking. Småbrukarlagets leiar Merete Furuberg har utvilsamt rett når ho seier at testen for om forliket vil føre til praktiske forbetringar er om politikarane og byråkratiet følgjer opp med meir effektive tiltak for skadefelling.










