Finsk varsku

Tirsdag 19. april, 2011
- Valresultatet i Finland skakar ikkje berre det finske etablissementet, men også maktorgana i EU. Sannfinnane fekk nesten 19 prosent, klart meir enn dei siste meiningsmålingane. Euroen vart svekt måndag, og på stutt sikt er det frykt for at Finland dersom Sannnfinnane kjem i regjering kan skape problem for EUs krisepakke til Portugal. På lengre sikt fryktar EU-strategane at det finske valet er varsel om at ei veksande folkeleg mistru til EU vil føre til fleire veljaropprør, fordi dei sosiale ulikskapane aukar i land etter land etter finanskrisa. Sannfinnane har teke stemmer frå alle parti og gjorde det godt over heile landet. Verst gjekk det ut over Senterpartiet, som også tidlegare har blødd under konservative stemningsbølgjer på landsbygda.
- Den karismatiske partileiaren Timo Soini likar ufyselege spissformuleringar som at det hardt arbeidande finske folket ikkje vil «betale nattklubbrekningar for grekarane». Men den bråkjekke populismen har ein seriøs bodskap, om at folket i mange EU-land har fått nok av rekningar for krisa i den europeiske valutaunionen. Det har vore ein så klam konsensus om EU i finsk politikk at den aggressive valkampen til Timo Soini og Sannfinnane stakk hol på ei demning. Finland har heilt sidan landet kom med i EU vore blant dei mest entusiastiske medlemslanda, og dette har fått eit skot for baugen.
- Sannfinnane har ei innvandrings- og framandfiendtleg framtoning, i eit land nesten utan innvandring, og er dermed lette å plassere i den høgreekstreme falden. Men partiets gjennombrot er eit meir samansett fenomen. Den svenske Vänsterparti-politikaren Jonas Sjöstedt skriv at ein ikkje kan samanlikne Sannfinnane direkte med Sverigedemokratane, sidan det finske partiet i motsetning til Sverigedemokratane ikkje har rasisme som hovudbodskap. Han understrekar som andre observatørar at partiet ser ut til å ligge til venstre i fordelingspolitikken. Og framfor alt ser han valresultatet som illustrasjon av kor skadeleg det er når alle parti omfamnar EU. Dette legg landet ope for populistar når krise råkar.










