
Vikarskandale i kommunen
Torsdag 24. mars, 2011
Pleiarar ved Orkerød sjukeheim har jobba doble vakter utan å få overtidsbetalt, og fleire har overnatta på romma for pårørande. På Melløsparken sjukeheim har tilsette sove over i kjellaren.
Høyrest det kjent ut? Denne gongen er det ikkje Adecco som står bak, men kommunale sjukeheimar i Moss kommune, styrt av Arbeidarpartiet, SV og Raudt.
- Dette er ikkje noka hyggjeleg sak for oss. Det er ei skitsak, seier Erik Tveiten, bystyrerepresentant for Raudt.
Før saka sprakk i Moss Avis, skreiv han i eit innlegg i Klassekampen at Adecco-saka røpa kor skadelege private selskap er for arbeidsforholda i omsorgssektoren.
Vikarar frå Sverige
Det er duka for full gransking i kommunen etter at brota på arbeidsmiljølova kom fram.
- Vi skal hyre inn eit eksternt, privat selskap for å granske kva omfang dette har hatt, i heile Moss kommune. No går rykta over ein låg sko her, seier Tomas Colin Archer, Aps ordførarkandidat og leiar av kommunens administrasjonsutval.
Kommunen har sjølv varsla Arbeidstilsynet og bede om gransking frå dei.
- Vi vil gjerne ha hjelp til å rydde opp, seier Tveiten.
Virksomhetsleiar Edel Bruun ved Orkerød sjukeheim forklarer kva som har skjedd:
- Seks svenske sjukepleiarar og fire hjelpepleiarar har i langhelgane budd på to rom for pårørande ved Orkerød sjukeheim. Tilsette har bytta rundt på vaktane for å få jobbe meir samanhengande. Når folk har spurt sjølv om å jobbe meir, har vi ikkje betalt overtid.
Sjukeheimane skal ha slite med å få tak i nok personell og tetta hola med vikarar, særleg frå Sverige. Hovudverneombud Nils Jørgen Kraft seier leiinga har fortalt vikarane at skulle dei ta så mange vakter som dei ville, var det ikkje pengar til overtidsløn.
- Folk har vore vikar for vikar for vikaren, særleg i helgane. Det har vore altfor mange ledige stillingar, særleg i helgane.
- Kampestein i glashus
Overnatting i kjellaren på Melløsparken sjukeheim skal liggje lenger tilbake i tid.
Moss var Høgre-styrt fram til 2003, då dei raude tok over. Venstresida stogga då anbodsrunden om Orkerød sjukeheim, som det private selskapet Norlandia hadde drive. Det nye fleirtalet meinte vilkåra for dei tilsette og tilbodet til brukarane ville bli betre i kommunal regi.
Etter at Adecco-saka byrja rulle svinga leiinga i dei raudgrøne partia seg opp mot uforsvarleg lang arbeidstid og manglande overtidsbetaling ved Ammerlunden sjukeheim, som Adecco dreiv i Oslo. Oslo Ap vedtok at dei private måtte kastast ut.
Tage Pettersen, Høgres gruppeleiar i bystyret, er ikkje nådig i kritikken.
- Venstresida har kasta stein i glashus, for å seie det mildt, seier han til Klassekampen.
Han fekk bekymringsmelding frå pårørande og tilsette tidlegare i mars. 11. mars, ei veke før Moss Avis avslørte sjukeheimane, bad Pettersen rådmannen om ein gjennomgong av arbeidsvilkåra ved kommunens sjukeheimar, «for å sjå om vi har reint mel i vår eigen pose».
- Kommunevalkampen er to månader unna. Dette vil setje dagsorden. Ap, SV og Raudt hadde nok ønska å køyre beinhard kamp mot våre private løysingar, men det vert verre for dei no.
Han var i helga på sentralstyremøte i Høgre, og tok opp saka der.
- Så denne saka vil nok gå vidare, seier han.
Press i offentleg sektor
Tomas Colin Archer frå Ap meiner saka syner kor pressa heile omsorgssektoren er, også den storparten som det offentlege driv.
- Eg trur ikkje slike forhold er spesielle korkje for Adecco eller Moss kommune, dette har nok større omfang enn vi veit. Heimepleie og sjukepleie krev store ressursar, og kommuneøkonomien er streng. Då må verksemdene presse mykje ut av folk, noko som gjer sjukefråveret enno høgare, og gjer at vi treng fleire vikarar. Det vert ein vond sirkel.
- Adecco sa dei ikkje kunne drive i det heile om dei skulle gje alle overtid og lovlege vakter. Det du seier liknar ganske mykje?
- Nei, dette er inga unnskyldning. Vi har ikkje planlagt å spare pengar på dette. Det er ikkje sett opp ulovlege turnusar, ein må skilje mellom planlagt pressing og naudverje.
- Men lovbrot i naudverje er òg lovbrot?
- Jau, difor seier vi tydeleg frå om at dette skal vi rydde opp i. Vi såg denne saka først i Moss Avis, så vi er like sjokkerte og overraska som Tage Pettersen. Siste melding vi fekk, var at alt er i orden. Og når vi ikkje veit, vert det veldig vanskeleg å rydde opp, seier Archer.
Eirik Tveiten minner om at det òg er press i offentleg sektor på å vere effektiv, sjølv utan konkurranseutsetjing.
- Det å drive økonomisk rasjonelt er framleis der. Med Kostra-statistikken vert vi målte på kor mykje pengar vi brukar på kvar sjukeheimsplass. Det har vore eit overfokus, utan at det er ei unnskyldning. Det som har skjedd er heilt i strid med våre intensjonar, seier han.










