Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Dommarmangel i Jæren tingrett går ut over varetektsfengslaForsvarsadvokat Arvid Sjødin er svært kritisk

Har venta ni månader på å få dom

VARETEKT: Ein mann frå Rogaland har sete i samanhengande varetekt sidan januar. Fyrst i desember startar hovudforhandlingane i retten. Klassekampen har møtt mannen i Haugesund fengsel. Anne Kari Hinna

PÅ VENT: Ein mann i Rogaland sit varetektsfengsla på niande månad. Han lir på grunn av at kapasiteten er sprengt i retten, seier sorenskrivar i Jæren tingrett.

– Eg er ikkje farleg. Eg er ikkje valdeleg. Eg har rota det til når eg har rusa meg, seier mannen, som har sete i samanhengande varetekt sidan midten av januar i år.