Lørdag 6. oktober 2018
PÅ INNSIDA: «Menn i min situasjon» byd på både indre landskap og strålande naturskildringar. FOTO: ANNIKEN C. MOHR
Henda på rattet
Ru: I «Menn i min situasjon» fangar Per Petterson oppløysings­tendensar i briljante oppløysingssentensar.

MELDING

I Per Pettersons nye roman har Arvid Jansen hamna i ein livssituasjon der han anten går på bar eller set seg bak rattet på den champagnefarga ­Mazdaen sin og køyrer omkring på det indre Austlandet. Når han går på bar, får han eit retningslaust flir om munnen, og endar gjerne opp i ei anna seng enn si eiga. Med henda på rattet får han retning på rastløysa. Han legg seg i bilen når han ikkje får sove, og pansrar seg inne i eit fellesskap med andre menn som har mista fotfeste: «Jeg kunne se dem for meg, alle bilene parkert på steder som dette, langs veier og gater, ved bussholdeplasser, i garasjer og oppkjørsler, med menn i min situasjon, halvt liggende, halvt sittende i setet med frakken og bilen trukket tett omkring seg».

Petterson-lesarar kjenner Arvid frå før. Historia hans heng ikkje så tett saman frå bok til bok – det kan dukke opp ei dotter her, ein ny gammal kamerat der – men i «Menn i min situasjon» kjem vi tettare på historia og livsverda hans enn før. Arvid er som ein litterær konteinar, som Petterson synest å ta i bruk når han vil formidle noko frå eige liv. Scandinavian Star-ulukka, der både Petterson og Jansen mista fire familiemedlemmar, er eit omdreiingspunkt også i årets roman.

Fakta

roman

Per Petterson

Menn i min situasjon

Forlaget Oktober 2018, 294 sider

Arvid har framleis eit gjenstridig søkk etter ringen på fingeren, eitt år etter at han skilte seg og tok den av. Han har tre døtrer som han prøver, men ikkje heilt får til å følgje opp. Han er i oppløysing, og prøver å løyse det ved å tømme glas og treffe nye kvinner. Kvinnene glid forbi som landskapet utanfor bilvindauget. Arvid er prisoner of the white line, som det heiter i Joni Mitchell-songen, og på veg ned memory lane. Forteljinga glid fram og attende i tid, til barndommen, til brotet med kona, og til episodar frå det seinaste året. Skipsbrannen som tok familien hans eit par år før, er framleis eit sår som verker.

Arvids melankolske eventyr med ymse kvinner er nok det som interesserer meg minst i romanen, og det er noko ufullført over skildringane av det kontrastfylte kjærleikslivet hans. Arvid sjekkar sjølvsikkert, men er seksuelt usikker, gir seg ikkje heilt hen, og er «lenka fast i det stumme rommet mellom porno og bluferdighet», som det litt klønete heiter her. I møtet med kona til den kristne naboen Jondal blir dette likevel løfta til noko overraskande vakkert. Fru Jondal, eller Mæry, som ho lydrett heiter, ligg med Arvid når han er på sitt mørkaste. Ho gjer han lysare til sinns, og så gjer dei det ikkje meir. Her er omsorg og livredning nær på uskiljeleg frå lengt og begjær.

Det er Arvids forhold til døtrene, og særleg ei av dei, som spelar på dei såraste strengane, og som viser seg å vere viktigast, i romanens sjette og siste del. Det er ei strålande avslutning, der Petterson hoppar brått og bestemt fire år fram i tid, og vrid litt på perspektivet, slik han også gjorde i «Jeg nekter» (2012). Grepet er godt og Petterson landar romanen i kjernen sin, overraskande, vondt og løfterikt.

Før vi kjem dit, køyrer romanen rundt i same spor ei stund. Petterson kunne ha vore eit hakk meir effektiv, og såleis fått det til å slå endå sterkare på dei ømmaste punkta i teksten. Men avslutninga sikrar altså at romanen ikkje køyrer seg fast, og det er trass alt ingen som lid av å lese 300 sider Petterson-prosa.

Tvert imot. Petterson kler Arvid og byen han bur i, i eit fabelaktig beherska språk – og ikkje berre Oslo by, men også mellomromma i byen, Oslos «disige distrikter» og utkantane mot det øvrige Austlandet. I denne romanen er det ikkje sjølvskrive at Frogner er Frogner i Oslo, og ikkje Frogner i Sørum. Byen og forstadane stig fram gjennom Pettersons lokalkunnskapsbaserte blikk, og gjennom evna hans til å løfte fram det særeigne i eit landskap som ikkje akkurat skrik etter merksemd: Fabrikkane og idrettsanlegga, slettene, svingane, togskinnene. Strømmen Stål som har blitt kjøpesenter. Petterson brukar landskapet «geografisk, topografisk, biografisk», og viser landemerka, trygge og trauste, men også endringar som har gitt varige mein – slik også Arvid har fått.

Slike oppløysingstendensar fangar Petterson i briljante oppløysingssentensar, som ofte er frekke, men alltid oppriktige og ømme. Eg har lyst å sitere fleire, men det er eigentleg berre å blade opp i boka og finne dei nær sagt på kvar side som helst: «Turen til Arvika og tilbake igjen tok det meste av dagen, og det var jo også poenget.» Slike setningar viser det harde og det mjuke i Pettersons stil, men i «Menn i min situasjon» finst det også naturskildringar som kan måle seg med dei beste frå «Ut og stjæle hester»:

[N]å kjørte jeg forbi de gamle tømmerrennene som dro seg bratt ned fra sjøen til elva og fortsatt var i bruk helt opp til åttitalet, […] og enda litt lenger nede i vassdraget hadde beverne gjort seg klar for vinteren. I hellinga mot elva lå skogbunnen dekka av flis og spon av osp og av or, av selje, strødd ut som et gyllent teppe mellom stammene, og flere stammer lå nede for telling, og noen sto halvgnagde oppgitt på tå, ventende på vintervindene som snart skulle komme og dra dem over ende.

eivind.myklebust@klassekampen.no

Lørdag 13. oktober 2018
Sorg: Steffen Kverneland foreviger faren og forsoner seg med livet i sin uvanlig personlige og direkte tegneseriebok.
Lørdag 6. oktober 2018
Ru: I «Menn i min situasjon» fangar Per Petterson oppløysings­tendensar i briljante oppløysingssentensar.
Lørdag 29. september 2018
Eksotisk: Espen Ytreberg forsøker å løfte Roald Amundsens østsibirske døtre ut fra glemselen.
Lørdag 22. september 2018
Status: Helene Uri leverer eit bittertglitrande forsvar for kvifor vi treng å avpaternalisere språket.
Lørdag 8. september 2018
Til sjøs: «Havlandet» av Per Anders Todal er et fabelaktig dypdykk i havet – havet som skapte Norge.
Lørdag 1. september 2018
Absurditet: Marita Fossums «Singularitet» er en overbevisende refleksjon over forholdet mellom tenkning og handling.
Lørdag 25. august 2018
Vilter: Kristine Næss går opp grensene mellom ideal og realitet i sin nye roman.
Lørdag 18. august 2018
Undersida: Med eit både poetisk og essayistisk uttrykk er Anne Helene Guddal blant dei sterkaste stemmene i den unge litteraturen.
Lørdag 11. august 2018
Lykke: Er det så enkelt som at når institusjonene svekkes, står det erotiske begjæret alene tilbake som drivkraft i menneskelivet?

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk