Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Ålreit dyr

  • Mange tonn sauekjøt ligg på fryselager, og ubalansen i marknaden er tidvis så stor at sauebønder nesten ikkje får betalt når dei sender dyr til slakt. Likevel har Norge ifølge Nationen importert nesten 400 tonn sau og lam til no i år. 96 tonn kjem frå New Zealand og har reist halve jorda rundt. Den langt større svinenæringa er inne i den same paradoksale utviklinga. Det har særleg vekt reaksjonar at det bondeeigde samvirkekonsernet Nortura gjennom eit underselskap tek del i kjøtimporten, medan medlemene produserer for lager i stor stil. Er dette reint idioti, og er det mogleg å gjera noko med det?