Lørdag 29. september 2018
HISTORISK VEGVAL: I går råda KrF-leiar Knut Arild Hareide partiet til å vurdere regjeringssamarbeid med Ap og Sp. Sterkast verdifellesskap av alle partia meiner han KrF har med Sp.
• KrF-Hareide vil regjere med Ap og Sp • KrF-veljarane likar Høgre betre enn Sp:
Klar for å felle Solberg
Jonas Gahr Støre
Erna Solberg
VENSTRE OM: Knut Arild Hareide vil felle regjeringa allereie i haust. Men dei som vurderar å stemme KrF, likar Høgre betre enn Ap og Sp.

KrFs VEGVAL

– Dagens politiske landskap krev at vi tek modige val. Mitt råd er nå at vi undersøker moglegheita for kva politisk gjennomslag det er mogeleg å få gjennom eit samarbeid med KrF, Senterpartiet og Arbeidarpartiet, utan SV.

Endeleg slapp Knut Arild Hareide nyheita: I ein historisk tale til sitt eige landsstyre slo Hareide fast at KrF ikkje kan bli verande utanfor regjering.

I talen råda han partiet til å opne for eit regjeringssamarbeid med Ap og Sp. Han meiner KrF står for langt frå Frp til å kunne gå inn i dagens regjering.

Fakta

KrF-veljarar til Høgre:

Norstat har gjort ei måling av potensielle KrF-veljarar sitt inntrykk av andre parti, både negative og positive.

Målinga er utført på vegner av partiet Høgre.

• Svara er samla inn frå februar til september i år, med 512 respondentar.

Skjebneval i haust

Og det skiftet kan skje allereie i haust.

Slik eg ser det, kan vi ikkje bli der vi er fram til 2021. Vi har berre to val: Å gå inn i ei regjering den eine eller andre vegen. Og jo lenger vi ventar, dess meir vil det smerte partiet. Difor bør vi etter mi meining gjere det denne hausten, sa Hareide.

Det endelege svaret på retningsval kjem etter at KrF har diskutert spørsmålet internt. Etter Hareide sin tale i går, starta landsstyret debatten bak lukka dører. Hareide varsla ein grundig debatt i organisasjonen før ei endeleg avgjerd blir tatt.

Ros til Senterpartiet

I talen til landsstyret snakka Hareide om Senterpartiet i særs rosande ordelag.

Han kalla Sp et «sysken» og «nære allierte» av KrF.

– Det er med Sp at KrF har den sterkaste verdifellesskapen i norsk politikk. Kontrasten til Frp er etter mi meining betydeleg, sa Hareide.

Ei regjering med Ap, Sp og KrF vil ha eit sterkare tyngdepunkt i sentrum enn dagens regjering, der Frp er ei «tydeleg kraft», hevda Hareide.

Hareide trakk fram saker som ruspolitikk, sorteringssamfunn, bioteknologi, landbruk og distriktspolitikk som saker der Sp og KrF står kvarandre nært.

– Ikkje noko parti står oss nærare enn Senterpartiet. Sp støtta KrF i at søndagen skulle vere ein annleis dag, ein dag med rom for familien, frivilligheita og kyrkja.

Og omvendt:

– KrF har støtta Senterpartiet i mykje av distrikts- og landbrukspolitikken fordi vi vil ha levande bygder og trygg, kortreist norsk mat, sa Hareide.

Han vedgjekk større avstand til Ap, men la vekt på at KrF og Ap står kvarandre nært når det kjem til store spørsmål, som fordelingspolitikk, sosialpolitikk og internasjonalt ansvar.

– Om fleirtalet skiftar, er Arbeidarpartiet klart, sa Ap-leiar Jonas Gahr Støre til pressa i Stortingets vandrehall etter Hareide sin tale i går. Også Senterpartiet har opna for å inngå samtalar om regjeringssamarbeid.

Veljarar føretrekker Høgre

Høgre har kjempa innbitne imot det historiske sideskiftet. Same dag som Knut Arild Hareide tala, slapp regjeringa nyheita om at bistandsbudsjettet skal aukast med fleire milliardar i det komande statsbudsjettet.

Høgre har dessutan delt ei meiningsmåling om synet på dei andre partia blant KrF-veljarar med Klassekampen.

Tala i målinga, som Norstat har gjort for Høgre, tydar på at Hareide tek feil når han seier at «KrF-veljarar likar Senterpartiet best».

Utanom KrF er Erna Solbergs Høgre det partiet dei som vurderer å stemme KrF, liker best: 52,2 prosent svarer at dei har eit positivt inntrykk partiet.

Senterpartiet er på tredjeplass, der svarer 40,2 prosent av potensielle KrF-veljarar at dei har eit positivt inntrykk.

Berre 20,9 prosent av dei moglege KrF-veljarane er positive til Ap, medan 59 prosent svarer at dei har eit negativt inntrykk av partiet.

Upopulære partnarar

Samstundes er det ikkje noko parti som er så upopulært blant potensielle KrF-veljarar som Framstegspartiet. Nesten 63 prosent av veljarar som vurderer å stemme på KrF, svarer at dei har eit negativt inntrykk av Siv Jensens parti.

24,8 prosent svarer at dei er positive til Frp – som rett nok er fleire enn for Ap.

Men heller ikkje Venstre står høgt i kurs: Langt fleire potensielle KrF-veljarar oppgir å ha eit negativt inntrykk av Venstre, enn positivt. 43,2 prosent svarer at dei er negative til partiet, 25 prosent er positive.

I talen fredag sa Hareide:

– Det er Framstegspartiet, og ikkje Høgre, eg ser som den største utfordringa med dagens regjering. KrF skal ikkje no vurdere om vi skal samarbeide med Høgre, vi skal vurdere om vi skal samarbeide med Framstegspartiet og Høgre, og Venstre.

politikk@klassekampen.no

Onsdag 17. oktober 2018
VINN-VINN: Uansett hva KrF velger, vil Frp vinne på det, mener flere i Frp. – Vi er relativt gode på å være i opposisjon, sier Per-Willy Amundsen.
Mandag 15. oktober 2018
OPP: Fra 2016 til 2017 gikk lederlønna i 40 statseide selskaper opp med 6,5 prosent i snitt. Nå tjener lederne i snitt 2,7 millioner kroner i året.
Lørdag 13. oktober 2018
MENNESKEFISKAR: Leiarar for misjonsorganisasjonane Normisjon og Troens Bevis trur KrF vil få mest gjennomslag i eit samarbeid med Ap og Sp.
Fredag 12. oktober 2018
PÅ RANDEN: KrFs veivalg splitter KrF Kvinner. Oddbjørg Minos, som trolig overtar som kvinneleder før partiets skjebnemøte, vil ikke si hvor hun står.
Torsdag 11. oktober 2018
NIX: Kjersti Toppe mener helseminister Bent Høie (H) utviser «forakt for Stortinget» når han trosser et klart flertalls­vedtak fra Stortinget.
Lørdag 6. oktober 2018
FEIL MEDISIN: – Jeg registrerer at det ikke har vært et svar for Venstre å gå inn i regjering med Frp, sier KrF-leder Knut Arild Hareide om den historisk dårlige Venstre-målingen.
Tirsdag 2. oktober 2018
URANSAKELIGE VEIER: Knut Arild H­areides forutsetning for å regjere med Ap og Sp, er at SV holdes utenfor. – Vi lukker ikke døra for SV, sier A­rbeiderpartiets partisekretær.
Mandag 1. oktober 2018
FREDAGSBØNN: Sju av KrFs sentral­styremedlemmer vil søke regjeringsmakt med Ap og Sp. Seks går imot rådet som Knut Arild Hareide ga fredag.
Lørdag 29. september 2018
VENSTRE OM: Knut Arild Hareide vil felle regjeringa allereie i haust. Men dei som vurderar å stemme KrF, likar Høgre betre enn Ap og Sp.
Fredag 28. september 2018
GRUNNFJELL: Knut Arild Hareides signal om venstresamarbeid blir ikke godt mottatt i KrFs fem viktigste fylker. – Vi trenger en ny partileder, sier lederen av Eigersund KrF.

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk