Tirsdag 4. september 2018
SET FART: Aps partisekretær Kjersti Stenseng vil halda fram med fylkesreforma sjølv om det ikkje vert samanslåing i Viken og Troms og Finnmark. Her skal ho på tur med Den norske turistforeningen for å sjå på nye nasjonalparkar, under Arendalsuka i 2017.FOTO: TOM HENNING BRATLIE
• Ap-topp krev avklaring om nye fylke • Held fast ved nei til Viken og Troms og Finnmark
Ap ivrar for fylkesreforma
Undersak

Avviser all tvang

Senterpartiet vi stogge samanslåinga av Troms og Finnmark, og Viken.

– Troms og Finnmark står i ei særstilling. Her er førebuingane dårlegast. Dessutan er folkeviljen i Finnmark så sterkt mot. Viken er den regionen det er mest uro kring. Det er knapt andre enn dei få som teikna kartet, som meiner det er ei god inndeling, seier Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum.

Han seier dei fylka som ønskjer å slå seg saman, kan gå vidare, medan dei som ikkje vil, må få sleppe.

– Er det eit problem for overføring av oppgåver at det vert mange små fylke?

– Eg meiner det er ein underleg logikk. Dagens fylke hadde ansvaret for sjukehusa. Ingen av dei oppgåvene som ekspertutvalet no vil overføre, er så komplekse som sjukehusdrifta.

Senterpartiet har to fylkesordførarar. Jenny Følling i Sogn og Fjordane ønskjer ikkje omkamp om Vestland.

– Som fylkesordførar er mi rolle å halde fram samanslåinga, eit arbeid vi har kome langt med, seier ho.

Fylkestinga i Hordaland og Sogn og Fjordane sa ja til samanslåing.

Fylkesordførar Arnfinn Nergård i Hedmark ville i går ikkje seie anna enn at det som skjer i Viken må vurderast. Fylkestinga i Hedmark og Oppland gjekk imot ei saman­slåing.

OVERFØRING: Ap-topp Kjersti Stenseng vil stoppe samanslåingar i nord og i Viken. Men ho vil halde fram på Vestlandet og i Innlandet.

fylkes­REFORM

– Viken og Troms og Finnmark viser godt at dette er eit veldig dårleg handverk av regjeringa. Dei har hatt fokus på tvang og struktur før oppgåver. Prosessen er lite forankra, seier partisekretær i Arbeidarpartiet Kjersti Stenseng.

Reforma var på dagsorden i sentralstyret i Ap nyleg. Klassekampen har fått tilgang til ei melding som gjekk til fylkesleiarar, fylkesordførarar/gruppeleiarar og fylkessekretærar frå Stenseng og partileiar Jonas Gahr Støre etter møtet.

«Nå må fokuset være på oppgaver og overføring av myndighet. (…) Nå haster det med å reparere reformen», skriv dei.

Fakta

Fylkesreform:

• Stortinget har vedtek å slå saman dagens 19 fylke til 11.

• Fylkestinget i Finnmark har sagt nei til samanslåing, og fylkesutvalet i Troms har vedteke å ikkje delta i arbeidet med å slå dei to fylka saman.

• Det er fleirtal i Akershus fylkesting om mellombels å stogge førebuingane til å slå saman Østfold, Buskerud og Akershus til Viken.

• I Vestland, Agder, Innlandet og Vestfold Telemark fylkeskommunar er arbeidet med samanslåing godt i gang.

• Regjeringa kjem med framlegg til nye oppgåver for fylka i oktober.

Krev avklaring

Stenseng seier at regjeringa og Kristeleg Folkeparti må komma med ei avklaring om den vedtatte strukturen står fast, eller om dei opnar for endringar.

– No har me eit klart vedtak i Stortinget at Finnmark, Troms og Viken skal slåast i hop, men vår posisjon har vore klar heile vegen. Me har stemt mot både Troms og Finnmark og Viken, fyrst i juni og så i desember, seier ho.

Skapar uvisse

Protestane mot ei samanslåing av Troms og Finnmark har vore store i lang tid. Nyleg valde kommunalminister Monica Mæland (H) å lytta til motstanden i nord ved å stoppa arbeidet med å slå saman Troms og Finnmark – inntil regjeringa i oktober kjem til Stortinget med forslag til kva oppgåver dei nye fylka skal få.

I helga blei det klart at arbeidet med å slå saman Buskerud, Østfold og Akershus til det nye storfylket Viken også kan bli lagt på is.

Arbeidet i den såkalla fellesnemnda vert truleg mellombels stansa, etter eit forslag frå Ap, Senterpartiet, SV og Frp

«Jeg synes hele regionreformen er latterlig. Det tåpeligste er Viken, som blir uforholdsmessig stort», sa gruppeleiar for Akershus Frp Vibeke Limi til NTB i helga.

Er utolmodig

Men Stenseng synst ikkje regionreforma er latterleg. Ho vil få reforma på rett spor att, og komma i gang med ein debatt om kva oppgåver fylka skal få.

– Er det vits i å gå i gang med ein debatt om oppgåver, før det er klart korleis strukturen blir?

– Me må klara å gjera begge delar når oppgåvemeldinga kjem. Den skal me bruka hausten på å diskutera. Men det hastar å avklara, du set mykje på vent. Det er så enkelt som at fleirtalspartia må komma med ei avklaring.

– De er eigentleg positive til reforma, som de meiner hastar å få inn på rett spor?

– Ja. Men me er opptatt av at gode reformer treng legitimitet. Då får du best resultat, seier Stenseng.

I meldinga som gjekk ut frå Stenseng og Støre, blir den spesielle situasjonen i nord og rundt hovudstaden kommentert slik:

«Vi [vet] at det er en spesiell situasjon i Troms/Finnmark og Viken. Den følges opp, men Arbeiderpartiets politikk står vi samlet om. Arbeiderpartiet ønsker sterke regioner med flere oppgaver. Det er viktig for å gi bedre tjenester til innbyggerne. Vårt utgangspunkt har hele tiden vært at frivillighet gir best resultat når kartet for framtidas regioner skal tegnes, derfor har vi stemt imot tvang.»

Står ved Innlandet

Også det nye fylket Innlandet, ei samanslåing av Hedmark og Oppland, skjer med tvang, og i utgangspunktet imot Aps ønske.

Men verken Stenseng eller partifelle og fylkesordførar i Hedmark, Even Aleksander Hagen, ser føre seg ein omkamp om Innlandet, jamvel om dei to fylkestinga sa nei.

– Troms og Finnmark og Viken er så spesielle at om desse to samanslåingane ikkje vert noko av, så bør ikkje det få følgjer for Oppland og Innlandet. Det er ikkje noko nytt at vi var imot, men etter at Stortinget vedtok samanslåinga har vi arbeidd med å slå dei to fylka saman. Eg føreset sjølvsagt at det følger mange nye oppgåver med, seier han.

Heller ikkje fylkesordførar i Hordaland Anne Gine Hestetun (Ap) ser nokon grunn til at eit nei til Viken skal få følgjer for Vestland fylke.

– Fylkestinga i dei to fylka sa ja, og vi er komne så langt at vi ikkje kan snu, seier ho.

gunnarw@klassekampen.no

annekarih@klassekampen.no

Lørdag 22. september 2018
BØNN: – Jeg ligger våken om natta og ber for Inga Marte Thorkildsen, sier Åse Pedersen. Vi tok tempen på Thorkildsen-saken på et lærerværelse.
Fredag 21. september 2018
VOLD: – Dette er systemsvikt og et direkte resultat av norsk asylpolitikk. Disse guttene tåler ikke mer, sier Ine Johannessen, tidligere verge for den siktede i dobbeltdrapssaken i Trondheim.
Torsdag 20. september 2018
KRITISK: Varselet mot skolebyråd Inga Marte Thorkildsen kan ende med at varslerne får sparken, tror advokat Olav Lægreid. Han mener det er gjort flere feil i varslingen.
Onsdag 19. september 2018
SNUDDE: Etter «nærmere dialog med departementet» stokket forsvarssjefen om på innstillingen til ny sjef i Heimevernet. Dermed rykket Eirik Kristoffersen opp fra bunnen til toppen av lista.
Tirsdag 18. september 2018
MEGAPROSJEKT: Equinor søker Enova om 2,5 milliarder i støtte for å elektrifisere to oljefelt med havvind. Det tilsvarer hele Enovas støttepott i fjor.
Mandag 17. september 2018
HØVLAR: Kutt i sjukehusbudsjett skal spara millionar. No åtvarar både tillitsvalde og direktørar om at det går ut over pasientar og arbeidsvilkår.
Lørdag 15. september 2018
IVRIG: Statsministeren hyllet amerikanske soldater i forkant av norgeshistoriens største Nato-øvelse. Landet rundt forberedes motdemonstrasjonene.
Lørdag 15. september 2018
LOVBRUDD: Juss­professor Geir Ulfstein mener Norge brøt FN-mandatet for Libya-operasjonen.
Fredag 14. september 2018
BOMBER: 9. mai 2011 sa Jonas Gahr Støre til Stortinget at Gaddafi ikke var et mål for krigen. Omtrent samtidig deltok Norge i bombingen av diktatorens hovedkvarter.
Torsdag 13. september 2018
UKLART: Begge fløyene i Ap er fornøyde med migrasjonsutvalgets innstilling. Ekspertene mener den er uklar.

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk