Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Filmforbundet grunngjev tv-streik med at dei i årevis har kravd å få på plass eit lønnssystem for TV-drama:

– Vi er bedne om å streika

SENDE I GARDEROBEN: Tv-dramastreiken har alt ført til stopp i produksjonen av sesong to av «Heimebane», her representert ved hovudrollene Ane Dahl Torp og John Carew. Det er selskapet Motlys som produserer serien for NRK. FOTO: TORE MEEK, NTB SCANPIX Meek, Tore

Ulike påstandar om lønsvilkåra i bransjen førte til forhandlingsbrot mellom Filmforbundet og Virke Produsentforeningen og streik i TV-drama.

– Vi stod så langt frå kvarandre på hovudkravet og har så ulik forståing av røynda at det måtte enda i streik, seier forbundsadvokat og forhandlingsleiar i Filmforbundet Bjørn Alexander Brem til Klassekampen: