Lørdag 25. august 2018
TETT: Språket til Kristine Næss er fyldig nok til å romma store tankar og finmaska nok til å halde på små detaljar. FOTO: TOM HENNING BRATLIE
Tenkt og framandgjort
Vilter: Kristine Næss går opp grensene mellom ideal og realitet i sin nye roman.

MELDING

Kristine Næss’ romanar handlar om utsette, tilsidesette og litt rufsete eksistensar. Personane hennar er likevel ikkje tuslete og tafatte, men heller viltre og uføreseielege: råbarka og aggressive i ein augeblink, sjølvutslettande og sårbare i den neste.

I «Hannahs historie med Heddy» (2010) viser denne dynamikken seg i det gjenstridige samspelet mellom dei to tittelpersonane, som strevar med høvesvis anoreksi og bulimi. I «Bare et menneske» (2014) sender slektas gjengangarar Bea Britt fram og attende mellom depresjonens sinne og sorg.

Ingeborg, som fører ordet i årets roman «Mens jeg husker det», er openbert ein slektning av desse personane – vilter og vanskeleg å følgje, like skrøpeleg som halsstarrig. Ho jobbar deltid i eit bemanningsbyrå, og brukar resten av tida på det ho kallar «mitt eget»: For snart ti år sidan skreiv ho romanen «I fri flyt», som blei møtt med stor interesse. No jobbar ho visstnok med ei doktorgradsavhandling i filosofi, sjølv om ho verken har stipendsøknad, master- eller bachelorgrad på plass.

Ingeborg kan nok trenge ei realitetsorientering, men i ei verd der det heiter at «det immaterielle» er den nye olja, kan dette forståeleg nok vere vanskeleg: «[…] for det er oppløste tilstander i verden nå, det er det, anstrengende å skulle finne en form».

Fakta

roman

Kristine Næss

Mens jeg husker det

Forlaget Oktober, 354 sider

Tankane spring ustanseleg hos Ingeborg, og når ho er saman med andre, krasjar dei støtt med realitetane: «[…] helt alene inne i leiligheten tenker jeg ut alt det som skal til for å gjøre verden normal. Men det har null å si. Det er folk det er noe i veien med.» Relasjonane hennar er kompliserte, og ho synest å streve med den psykiske belastninga det er å vere blant andre.

Men ei slik forklaring er for enkel. Hos Kristine Næss har einsemda også andre grunnar, og nokre av dei kjem til syne i alt det Ingeborg tenkjer på, når ho tenkjer på klasse­omgrepet og kunnskapssamfunnet, informasjon og teknologi, og på dei vanskelege spranga mellom kjensler, tankar og handlingar. Grenseoppgangen mellom individ og samfunn, psyke og politikk, er hårfin i denne romanen.

Utan å røpe for mykje, verkar dei store tankane hennar om «avhandlinga» å vere bygd på ei form for overidentifikasjon, i ein triangel med namnesystera Ingeborg Bachmann, som avhandlinga til Ingeborg skal handle om, og med venninna Kristin, som faktisk har skrive ei avhandling om Bachmann. Ingeborg er splitta, spalta, delt – mellom tanke og handling, ideal og realitet, og mellom lengten etter kontakt og motviljen mot faktisk kontakt med menneska ho møter.

Til avhandlinga noterer ho tankar om framandgjeringa i det såkalla post-industrielle samfunnet: «Vi er industri­arbeidere, men i hver vår leilighet. Forlenget med små, stillegående maskiner som står på bordet, ligger i lomma, skjermene lyser og suser.»

Samstundes viser ho medvit om at dette samfunnet er bygd på basis av industrisamfunn i andre delar av verda: «Og dette er en produktiv tidsforskyvning for eierne. […] Eierne høster godt fra begge epoker».

Men ho drøymer om å overskride framandgjeringa. Avhandlinga hennar om Bachmann skal også handle om utopiar, som ho formulerer som ei tru på «det klasseløse samfunn og ideen om det hele mennesket». Mot slutten av romanen prøver ho å realisere ein utopi i miniatyr, i si eiga stove, der ho inviterer ei brokete forsamling til middagsselskap: venninner og kollegaar, ein psykisk sjuk nabo og den tidlegare eigaren av leilegheita ho bur i – og kanskje tiggaren frå parken? Dei skal vere tolv rundt bordet, i tillegg til henne – nett som i Jesu siste måltid.

Middagsselskapet er både endepunkt og høgdepunkt i romanen. Gjennom Ingeborgs forsøk på å «skape en større sammenheng», lagar Næss eit lite lurve­leven av snurrige samtalar og sosiale samanstøyt. Det er vanskeleg å sjå at det blir skapt nokon samanheng i løpet av kvelden, men for Ingeborgs del munnar det likevel ut i noko mildt og håpefullt: Dei store tankane hennar brest, men ho synest å utvikle ei sterkare sjølvkjensle og finne ei slags forankring.

Kristine Næss har eit stort språk, fyldig nok til romme store tankar og finmaska nok til å halde på små detaljar. Ho går tett på hovudpersonen sin, og gjennom livsverda hennar stig også omverda fram. Det flakkande sinnet til forteljaren gjer lesinga uføreseieleg, men Ingeborg er også innfallsrik til det infernalske, og strør om seg med tankar som romanen ikkje behandlar.

Sjølv om det er fleire tematiske spor som kryssar kvarandre, er det berre nokre få av dei som stikk seg godt nok fram. Det rufsete er ein kvalitet ved romanane til Næss, men i «Mens jeg husker det» bikkar det over i rot.

Eg mistenkjer at eg lettare ville ha godtatt mylderet av halvtenkte tankar om romanen hadde ein tydelegare farge og ei sterkare stemning, slik til dømes «Bare et menneske» hadde. Nokre skildringar frå barndommens familie- og hytteliv i Sverige har rett nok meir farge og temperatur enn resten av romanen, men også desse scenene frå barndomen blir snart nok invadert av Ingeborg og tankane hennar i notida, i jag etter minner og tapt tid.

Eg tvilar ikkje på at «Mens jeg husker det» inneheld innsikter som vil klårne med tid og tanke, men ved første møte er romanen ofte irriterande svirrande og utydeleg.

eivind.myklebust@klassekampen.no

Lørdag 22. september 2018
Status: Helene Uri leverer eit bittertglitrande forsvar for kvifor vi treng å avpaternalisere språket.
Lørdag 8. september 2018
Til sjøs: «Havlandet» av Per Anders Todal er et fabelaktig dypdykk i havet – havet som skapte Norge.
Lørdag 1. september 2018
Absurditet: Marita Fossums «Singularitet» er en overbevisende refleksjon over forholdet mellom tenkning og handling.
Lørdag 25. august 2018
Vilter: Kristine Næss går opp grensene mellom ideal og realitet i sin nye roman.
Lørdag 18. august 2018
Undersida: Med eit både poetisk og essayistisk uttrykk er Anne Helene Guddal blant dei sterkaste stemmene i den unge litteraturen.
Lørdag 11. august 2018
Lykke: Er det så enkelt som at når institusjonene svekkes, står det erotiske begjæret alene tilbake som drivkraft i menneskelivet?
Lørdag 30. juni 2018
Fragmentert: Andrzej Tichýs fremragende «Kairos» skildrer ensomhet, terror og muligheten for revolt i moderne samfunn.
Lørdag 23. juni 2018
Norsk syke? Øystein Noreng er kritisk til Norges næringspolitikk og petroleumsøkonomi.

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk