Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Ulv, ulv

  • Verda rasar som vanleg saman der ute. Krigar, konfliktar og kaos pregar verda. Jordskjelv, skogbrann og ikkje minst: Då klima- og miljøminister Ola Elvestuen og Gordana Elvestuen gifta seg, hadde dei to ulvar som pynt på toppen av bryllaupskaka. Dette må vere det mest provoserande ein partinestleiar i regjeringa har gjort denne sommaren, i alle fall basert på reaksjonane frå jordbruket.