Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Klassekampen i nord – før og no

Vel heimkome frå ei vekes totalferie utan aviser hiv eg meg over Klassekampen, og sjeldan har det vore så gledelig å lese avisa. Ved sida av ei rekke gode artiklar av avisa sine faste journalistar i vest og nord, har journalistar frå Oslo-kontoret virkelig kome seg ut og skriv frå heile landet – bokstavelig talt frå Kirkenes til Lindesnes. Slikt har vi ikkje vore bortskjemte med i seinare år. Måtte det bare halde fram slik! No er dette faktisk ikkje første gongen at Klassekampen satsar i nord, men det er så lenge sidan at denne historia synest å ha gått i gløymeboka hos noverande redaksjon. Som ein av dei som bidro til avisa si dekking av Finnmark i siste firedel av førre hundreåret, vil eg tillate meg ein kommentar til reisebrevet av Jens Kihl 14. juli. Der skriv han: «Trass i freistnadar på å gjøre Klassekampen til folkelesnad i nord, var det visst ikkje heilt enkelt for ei avis til venstre for Finnmark Ap i 1970- og 80-åra. Det blei til og med gjeve ut utgåver på nordsamisk, men visstnok utan vidare hell.» Her ligg ein masse halve påstandar, og både «visst» og «visstnok». Dersom journalisten veit meir om dette, hadde det vore fint om han dokumenterte det.