Hendeleg

Ei venninne studerte medisin i si tid. Ein kveld kom ho heim frå det som på den tida vart kalla prekliniske. For første gong hadde dei i oppgåve å dissekera ei hand. Dei hadde fått tildelt og hadde framføre seg den døde handa, eller ein arm med handa på, rettare sagt.