Fredag 20. juli 2018
SLEPP BILLIG: Carin Leffler i Framtiden i våre hender meiner dei store kleskjedene som importerer klede frå verstingland, slepp for billig unna ansvar for gode arbeidsforhold for arbeidarane.
Sju av dei ti viktigaste importlanda som leverer klede til Noreg, er dårlegast på arbeidstilhøve:
Importerer frå verstingland
Undersak

Fryktar byråkrati

Dei norske aktørane i klesindustrien er medvitne ansvaret sitt og blir betre år etter år, meiner direktør for faghandel mote og fritid Bror Stende i Virke.

– Mange av våre medlemmer får ros av Framtiden i våre hender for arbeidet dei gjer med å sikre rettferdig løn og anstendige arbeidsplassar.

Stende vedgår at nokon er flinkare enn andre til å vere opne om eigen produksjonskjede, men at mange har blitt langt meir transparente. Han trur ikkje ei lov om openheit er vegen å gå for å tvinge tekstil­industrien til å ta meir ansvar.

– Vi meiner ei lov berre vil bringe med seg meir byråkrati, når det vi eigentleg treng, er meir forenkling så bransjen kan halde fram med å skape arbeidsplassar, seier Stende.

Han trur bransjen får gjort meir ved å ta initiativ til meir etisk produksjon sjølv, enn om politikarane skal verte strengare med dei.

– Fleire av våre medlemmer er med på frivillig bransjearbeid, som initiativ for etisk handel.

Han synest ikkje arbeidet går for treigt, teke i betraktning at så mykje må verte gjort, og sidan dei norske aktørane er forholdsvis små på marknaden.

– Det er ein enorm industri og bildet er komplekst. Vi er ikkje ved målet, med det vert gjort mykje godt arbeid.

Mari Holm Lønseth (H)
Hans Fredrik Grøvan (KrF)
TREIGT: Betring av vilkår for tekstil­arbeidarar går altfor sakte, meiner Framtiden i våre hender. Dei ønskjer seg modigare politikarar.

Klesindustri

I 2017 vart 77.601 tonn klede importert til Noreg til ein verdi av 20,9 milliardar kroner. Ti land stod for 77,7 prosent av desse kleda. Alle er i botnen av International Trade Union Confederation sin årlege oversikt over arbeidarars rettar. Det kjem fram i ein fersk rapport frå Framtiden i våre hender.

Elendig løn, farlege arbeidsforhold og manglande faglege rettar blant tekstil­arbeidarar har vore noko dei store klesimportørane har lova at dei skal gjere noko med.

– Vi ser at dei framleis har ein lang veg å gå, og det går alt for sakte, seier fagrådgivar i Framtiden i våre hender Carin Leffler.

Ho meiner selskapa må ta eit langt større ansvar, og at styresmaktene må tore å ha høgare forventningar og krav til dei som sel klede i Noreg.

Fakta

Global rights index:

• Laga av International Trade Union Confederation (Ituc)

• Indeksen kjem kvart år, og rangerar arbeidaranes rettigheiter i kvart land på ein skala frå éin til fem.

• Landa i kategori fem har ingen garanti av rettigheiter. Ituc opererer òg med ein «fem+»-kategori, der land som systematisk ignorerer arbeidarars rettigheiter hamnar.

• I botnkategorien 5 finn vi land som Kina, Bangladesh, Tyrkia, India, Pakistan, Vietnam, Kambodsja og Indonesia. Klede vert importert til Noreg frå alle desse landa.

Må ta kraftigare i

– Importen frå desse landa kjem til å halde fram. Det må vere kleskjedene sitt ansvar å gjere sitt ytste for å gjere arbeidsforholda gode og auke lønningane, seier Leffler.

Førebels har ho ikkje sett at dei store kleskjedene tek dette ansvaret på stort nok alvar.

I 2016 vart det samrøystes vedteke i Stortinget at regjeringa skulle sjå på føresetnadane for ein lov som gjev næringslivet etikkinformasjonsplikt. No er det sette ned eit ekspertutval som skal sjå nærare på saka. Utvalet startar ikkje arbeidet sitt før august i år, og skal vere ferdig senast 1. desember 2019. Leffler er nøgd med at ein slik lov vert vurdert, men meiner politikarane må vere modigare.

– Det må verte lagt meir press på selskapa, politikarane bør gå i bresjen for lovar som heilt klart bind selskap til meir etisk åtferd, seier Leffler.

Ho meiner FN sine rettleiande prinsipp for næringsliv og menneskerettar, som Noreg allereie støttar opp om, i større grad bør nyttast av styresmaktene til å sjå kva som kan verte kravd av nærings­livet.

– Ein kunne til dømes konkretisert FNs prinsipp om «knowing and showing»: Selskapa må vere opne om kva leverandørar dei nyttar, og kontrollrapportar og tiltaksplanar for betringar av arbeidsforhold må verte tilgjengelege for interessegrupper, seier Leffler.

Ønskjer streng lov

KrF var saman med Sp og MDG pådrivar for å få på plass ein lov om etikkinformasjon. Dei synst oppfølginga har vore treig etter at stortingsvedtaket var på plass.

– Tala frå indeksen syner at det hastar med å få på plass denne loven. Han kan ikkje løyse alt, men det vil vere eit skritt på vegen til å få betre medvit rundt forhold kleda våre vert produsert under, seier stortingsrepresentant Hans Fredrik Grøvan (KrF).

Han meiner ein må vente og sjå kva loven vil innehalde, før ein ser meir nøye på andre aktuelle tiltak. Grøvan håper Stortinget vil vedta ein lov som set strenge rammer for kleskjedene.

– Eg håpar den kan vere så streng at den ikkje berre gir meir informasjon til forbrukarar, men at den òg kan gjere noko så vi ser at forholda vert forbetra, seier Grøvan.

Må vente på utvalet

– Skal ein få til noko som monnar, må ein gjere eit grundig arbeid. Det er naturleg at slikt kan ta lang tid, seier stortingsrepresentant for Høgre Mari Holm Lønseth.

Partiet ønskjer ikkje å ta stilling til kor strenge dei vil ha ein eventuell etikklov, eller om dei bør leggje meir press på klesindustrien.

– Utvalet som er sette ned må kome fram til korleis det er hensiktsmessig å regulere dette området, seier Lønseth.

– Høgre har ingen eigne tankar om kva loven skal innebere?

– Utvalet må sjå kva som kan verte gjort. Mandatet til utvalet er sjå på kor vidt ei etikkinformasjonsplikt bør verte innført, og kven den skal gjelde for.

– Industrien har gjort lite sjølv, vil de sette strengare krav til dei?

– Det er ikkje bra at anstendige arbeidsvilkår ikkje er på plass. Korleis dette kan sikrast betre skal vi vurdere nærare og så skal vi sjølvsagt følgje opp konklusjonane. norar@klassekampen.no

Lørdag 20. oktober 2018
FORTVILELSE: Kjell Ingolf Ropstad «dolket sin egen partileder i ryggen» med abort­utspill i VG, mener sentrale KrF-kilder.
Fredag 19. oktober 2018
MOT: Togtrafikken i nord og vest skal på anbud. Men om Sp og Ap får viljen sin kan det bli full stans i prosessen.
Torsdag 18. oktober 2018
ADVARER: Trusselen om et «uskikkelig» Frp i opposisjon kan ikke bety at Frp skal sitte i regjering til evig tid, sier Knut Arild Hareide. Samtidig advarer han Erna Solberg mot å legge seg opp i KrFs veivalg.
Onsdag 17. oktober 2018
VINN-VINN: Uansett hva KrF velger, vil Frp vinne på det, mener flere i Frp. – Vi er relativt gode på å være i opposisjon, sier Per-Willy Amundsen.
Tirsdag 16. oktober 2018
UT: 260 par har blitt nektet opphold i Norge siden 2017 på grunn av regler mot tvangsekteskap. Også frivillige ekteskap rammes, innrømmer Utlendingsnemnda.
Mandag 15. oktober 2018
OPP: Fra 2016 til 2017 gikk lederlønna i 40 statseide selskaper opp med 6,5 prosent i snitt. Nå tjener lederne i snitt 2,7 millioner kroner i året.
Lørdag 13. oktober 2018
MENNESKEFISKAR: Leiarar for misjonsorganisasjonane Normisjon og Troens Bevis trur KrF vil få mest gjennomslag i eit samarbeid med Ap og Sp.
Fredag 12. oktober 2018
PÅ RANDEN: KrFs veivalg splitter KrF Kvinner. Oddbjørg Minos, som trolig overtar som kvinneleder før partiets skjebnemøte, vil ikke si hvor hun står.
Torsdag 11. oktober 2018
NIX: Kjersti Toppe mener helseminister Bent Høie (H) utviser «forakt for Stortinget» når han trosser et klart flertalls­vedtak fra Stortinget.
Onsdag 10. oktober 2018
BEKYMRET: Vi kommer neppe til å klare å begrense oppvarmingen nok til å unngå alvorlige følger av klimaendringene, mener ledende norske klimaforskere. De ber om radikal politikk.

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk