Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Lukka religiøse arenaer som Jehovas vitner utfordrar rettstryggleiken.

Med Gud mot verda

INDERLEG: Her lar eit Jehovas Vitne seg døype under eit stemne i Minsk i 2015. FOTO: VASILY FEDOSENKO, REUTERS/NTB SCANPIX VASILY FEDOSENKO

«Alle vitner har lyst til å forkynne», fastslo talsperson for Jehovas vitner (JV) i Skandinavia, Dag-Erik Kristoffersen, i Vårt Land 6. juli. Høvet var at 20.000 vitne var venta til Oslo i samband med eit internasjonalt sommarstemne. Forkynnarlyst slått fast som eit faktum for drygt åtte millionar vitne globalt, er sjølvsagt ei bydande fråsegn. Me ser andre talsmenn for andre religionar erklæra liknande «sånn er det for alle hos oss», der bodskapen er at variasjon og endring ikkje finst eller er illegitim.

Lars Gule, Eivor Oftestad, Mina Bai, Anne Kalvig og Helene Næss skriv om religion i Klassekampen kvar torsdag.