Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Stortinget krev nullutslepp i verdsarvfjordaneHeilt urealistisk, meiner Sjøfartsdirektoratet

Får ikkje stoppe ureininga

CRUISESKYA: I den låge morgonsola er eksos og damp frå dei fem cruiseskipa som låg til kai i Bergen godt synleg. Bergensarane vil fjerne eksosen, men får ikkje pengar til naudsynte landstraum- anlegg. FOTO: HELGE M. JOHANNESEN

VERSTING: Cruisetrafikken er miljøsvinet alle vil til livs. Men ikkje eitt av dei 100 cruiseskipa som er under planlegging verda over, siktar mot nullutslepp.

Fem cruiseskip låg til kai i Bergen denne juli-morgonen i tillegg til lasteskipa og supplybåtane. Eksosen frå skorsteinane la seg som eit blågrått teppe over byen, lett synleg i den låge morgonsola. Ute fylte lukta av brent diesel lufta.