Det måtte vel skje: Grottedramaet i Thailand blir kinofilm. Det kristne filmproduksjonsselskapet Pure Flix Entertainment (kjend for den ikkje alt for godt mottekne «God’s Not Dead»-serien) tok turen frå USA til Thailand for å følgja bergingsaksjonen på nært hald, skriv The Hollywood Reporter. Historia om gutefotballaget og trenaren deira som ført forsvann, så vart funne og sidan berga ut av ei farleg grotte etter atten nervepirrande døgn under jorda, har vore den største, internasjonale nyhendesaka den siste veka.