Torsdag 12. juli 2018
TETT: Trafikken av turistar er stor ned mot cruisehamna i Flåm. Bygda har ein million togpassasjerar og 250.000 cruisepassasjerar kvart år.
• Rekordvekst i turisttrafikken på Vestlandet • Fjord Norge vil ha fleire turistar utanom høgsesongen
Krev færre sommarturistar
REIN SELFIE: Flåm har sin eigen Sami shop i eit telt, med samiske produkt og eit populært reinsdyr.
VEGG: MS Costa Favolosa ligg som ein vegg mot fjorden ved kaia i Flåm.
OVERFYLT: På det meste har Bryggen i Bergen dagsbesøk på 40.000 turistar. Alt for mykje, meiner bergensarane.
VEGG: MS Costa Favolosa ligg som ein vegg mot fjorden nedst i Flåmsdalen.
FULLT: Bergen, Flåm og Geiranger kneler under vekta av masseturismen. Lokalbefolkninga reagerer og vil ha færre turistar.

Reiseliv

Flåm i Aurland er ein turistmaskin. Denne solfylte dagen yrer det av liv mellom stasjonen og cruisekaien.

Når toget frå Myrdal tømmer passasjerane, vert det trengsel. Turistførarar med små flagg løfta over hovudet, leier dei reisande til rett stad. Til ein turbuss for å reise vidare i Noreg, til den elektrisk drivne katamaranen for ein fjordtur, eller til ferja som tek passasjerane til Gudvangen. Nokre går åleine attende til MS Costa Favolosa, som ligg til kai bak eit terrorgjerde. Skipet har denne morgonen ført nye 3000 cruiseturistar til bygda i Sognefjorden.

– Flåm sentrum er ein stor og effektiv trafikkterminal. Attraksjonane ligg rundt og er lette å nå som Flåmsbana, Flåmsdalen, Nærøyfjorden, Undredal og Aurlandsdalen, seier ordførar i Aurland, Noralv Distad (H).

Ikkje alle set pris på turistmaskinen. Anders Fretheim er ein av dei som meiner turismen har teke kvelartak på Flåm. Det vert for mykje.

– Turismen betyr mykje for bygda og har vore satsa på i meir enn hundre år, men no er alt masseturisme. Tenk om vi hadde satsa meir på kvalitet, gått ned til halvparten så mange turistar, auka prisane og gitt folk betre opplevingar og bygda mindre slitasje.

Fakta

Turisttrafikken

• Turistrafikken i Noreg har hatt ein kraftig auke dei seinaste åra. Låg kronekurs, terrorfrykt og mange positive kåringar av Noreg som reisemål er årsaka til veksten.

• Turistane brukte 42,8 milliardar kroner i Noreg i 2017, 8,8 milliardar meir enn i 2015, syner tal frå Innovasjon Norge.

• Nordmenn er dei viktigaste turistane, men utlendingane la att 17 milliardar kroner i 2017.

• Cruisetrafikken aukar også kraftig. Den årlege vekstraten er på fem prosent. Talet på passasjerar auka frå 100.000 i 1995 til 700.000 i 2017.

• To tredelar av cruisetrafikken går til Vestlandet med Bergen som største cruisehamn.

Million-trafikk

Flåmsbana mellom Flåm og Myrdal har årleg over ein million på- og avstigningar. I tillegg kjem bussturistar og bilturistar. Frå Flåm går det eit titals turistbåtar som tilbyr fjordturar. Her er rib-båtar som fresar inn i Nærøyfjorden. Køen for å kome om bord i heilelektriske Future of the Fjords har vakse seg kjempelang.

Sjølvsagt er det tilbod for dei handlande. Fleire store forretningsbygg dannar små gater nede ved stasjonsområdet. Her ligg serveringsstadene tett i tett. Du kan kjøpe suvenirar, smykke, kunsthandverk, klede, sko og alle typar norsk mat i butikkar på rekke og rad.

Ytst ute på kaiområdet står ei tjørebreidd ølstove i vikingstil med drakehovud på taket og utskorne vikingar i tre ved inngangen. Den lokale ølprodusenten Ægir har installert eit lite mikrobryggeri der turistane kan få smaksprøver av seks ulike ølsortar.

«No cruise ships»

Anders Fretheim er mellom dei som bur med utsikt over hamneområdet. Han vart landskjend då han i 2014 plasserte rundballar godt synleg frå sjøen og skreiv «No cruise ships».

– Det er synd å seie det, men vi snakkar om menneskeureining, for mange turistar på ein stad til same tid. Turistane er ikkje dumme. Dei ser kor trongt det er, seier han.

Ordførar Distad vil ikkje ha færre cruiseskip, men meiner det held no.

– Dei siste åra har trafikkveksten stansa. Vi held oss på 250.000 cruisepassasjerar.

Han seier Flåm er den største suksessen for å få til eit heilårs reiselivsprodukt tufta på naturopplevingar.

– Båten på Nærøyfjorden går heile året. Det same gjer Flåmsbana. Fleire hotell og attraksjonar held ope. Vi passerer 300 heilårs arbeidsplassar knytt til reiseliv i Aurland kommune.

– Skal det vekse meir?

– I hovudsak utanom sommarsesongen. Dei meldingane eg får, tyder på at dei som kjem hit om vinteren er særs nøgde.

Sommardovent

MS Azura er nær 300 meter lang. Sjølv under dei 1800 meter høge fjella i Olden inst i Nordfjord er ho dominerande. Skipet kjem med 3000 passasjerar, men det herskar likevel ein litt sommardoven ro over Olden.

På kaien står det oppstilt nokre sightseeingbussar og eit par fargesterke turisttog av typen du ser på dei fleste turiststadene i desse dagar. Dagleg leiar i Olden Sightseeing, Endre Muri, seier cruise­trafikken er eit vere eller ikkje vere for verksemda.

– Eg starta med eit tog for ti år sidan. No har eg fem. Det hadde aldri gått utan cruiseskipa. Aldri i livet.

Ekteparet Kapoor og Nirmala Shah busett i Sussex i England er cruiseveteranar i dei norske fjordane. Kvart einaste år kjem dei attende. Kvifor?

– Lufta, naturen, landskapet, fargane. Alt er så reint og stille her, forklarer dei smilande rett framføre det store cruiseskipet.

– Det er ikkje så stille i Olden nett no?

– Nei, kanskje ikkje for dykk, men for oss er dette berre fantastisk, seier Kapoor.

– Det vert ikkje for mykje folk når de kjem i land?

– Ikkje her i Olden, men i Flåm vart det litt mykje, seier Nirmala.

Vil krevje betaling

9. juli ligg fem cruiseskip med over 10.000 passasjerar til kai i Bergen. På turisstripa mellom Dokkeskjærskaien i nord via Håkonshallen, Rosekrantztårnet, Bryggen og Vågsbunnen går ei endelaus rekke med turistar. Langt frå alle er cruisepassasjerar. Bergen er rett nok den aller største cruisedestinasjonen i Noreg med over 350 anløp og meir enn 400.0000 passasjerar.

I Bergen har det dei siste åra gått føre seg ein diskusjon om talet på cruiseskip og turistar. Mange meiner det er nok no. Direktør i Stiftelsen Bryggen, Bernt-Håvard Øyen, er mellom dei kritiske. For alle skal inn på verdsarvstaden Bryggen, som slit med å bere vekta av opp til 40.000 dagsbesøk på det meste.

– Det er trongt, det er slitasje, folk får ikkje ei god oppleving når dei går i kø overalt. Vi slit med boss, vi manglar toalett og så har vi tryggleiken. Det er ikkje lett å evakuere om vi skulle få eit branntilløp.

– Kva vil de gjere?

– Vi vil ha færre turistar om sommaren. Eg har gjort framlegg om å ta betaling, men det har vekt negative reaksjonar mellom bergensarane. Dei er vane med at Bryggen er ei allmenning open for alle.

– Midt på sommaren kjem vel ikkje bergensarane, for då er det fullt av turistar?

– Eg heller mot å ta betaling, eller setje ei grense for kor mange vi kan sleppe inn kvar dag. Stiftelsen Bryggen eig 70 prosent av husa på den freda verdsarvstaden. Bergen trur på ei dobling av talet på turistar innan ti år. Då må vi seie stopp, seier Øyen.

Meir vintertrafikk

Direktøren for Fjord Norge, Kristian B. Jørgensen, gler seg over veksten i turisttrafikken, men vedgår at det kan verte for mykje.

– Nokre stader på Vestlandet i nokre periodar har dei nådd eit tak. Samstundes må vi ikkje gløyme at mange andre stader på Vestlandet har mykje ledig. Kritikken er ei krisemaksimering. Vi har åtte månader i året der det er mest heilt tomt.

– På mange av desse stadene reagerer lokalbefolkninga negativt på masseturismen?

– Turismen er ikkje berekraftig om lokalbefolkninga er negativ. For cruisetrafikken hadde vi ein periode med særs kraftig vekst utan at mottaksapparatet med ulike tilbod var bygd ut til å ta unna trafikken. Det er sjølvsagt uheldig.

– Det vert heller ikkje mange heilårs arbeidsplassar av turismen?

– Får vi ikkje til heilårlege arbeidsplassar, er det heller ikkje berekraftig. Då opplever turiststadene ei kraftig tilstrøyming i fire månadar med import av arbeidskraft som reiser frå bygda på hausten.

Jørgensen vil spreie trafikken, men det går ikkje om ein ikkje kjem opp på eit visst nivå i sommarsesongen.

– De kan auke prisane om sommaren og spreie trafikken utover til resten av året. At vi no har ein infrastruktur av tilbod til turistane som er i drift heile året, gjer det lettare å få til ei slik spreiing.

– Mange meiner det er meir enn nok om sommaren allereie?

– Vi har mangla kundar på Vestlandet. Det er først no vi kan snakke om anna enn vekst. Då må vi selje eit anna Vestland. Eit kaldare, gråare og tristare, men også eit tøffare, råare, barskare og kulare vestland. Eit vestland slik det eigentleg er.

gunnarw@klassekampen.no

Torsdag 19. juli 2018
VERSTING: Cruisetrafikken er miljø­svinet alle vil til livs. Men ikkje eitt av dei 100 cruiseskipa som er under planlegging verda over, siktar mot null­utslepp.
Onsdag 18. juli 2018
VERRE: Meieri­giganten Tine fryktar mjølkemangel dersom mykje storfe blir slakta på grunn av fôrmangel. Tine vil ha krisemøte med bøndene og regjeringa.
Tirsdag 17. juli 2018
INKASSOKRAV: Hvor mye penger har Erna Solberg lovet Nato å bruke på forsvar de neste årene? Det er spørsmålet Bjørnar Moxnes nå krever et klart svar på.
Mandag 16. juli 2018
TØRT: Tørken som nå rammer Østlandet kan bli en del av et normalt ustabilt klima. Det vil ramme jordbruket hardt. – Det er så dårlig at en blir deprimert av å gå i åkeren, sier bonde Anders Klaseie.
Lørdag 14. juli 2018
SKADEN SKJEDD: Tørken raserer kornavlingene på Østlandet og Norge får sitt dårligste kornår siden 1974. Det er allerede for seint å berge kornhøsten.
Fredag 13. juli 2018
SLITER: Mange personer som går på sosialhjelp eller lever på stønader, har ikke råd til å gå til tannlegen, reise på ferie eller delta i fritidsaktiviteter.
Torsdag 12. juli 2018
FULLT: Bergen, Flåm og Geiranger kneler under vekta av masseturismen. Lokalbefolkninga reagerer og vil ha færre turistar.
Onsdag 11. juli 2018
BØNDA IFRA NORD: Finnmark kan ramle heilt ut av Stortinget. Finnmarks fylkesordførar er likevel open for at areal skal telje mindre enn i dag når ein fordeler stortingsmandat.
Tirsdag 10. juli 2018
TRYGD: Regjeringen vil hindre at trygde­ytelser eksporteres ut av landet. Men internasjonale avtaler gjør at forslagene får få konsekvenser. – Prinsipielt viktig, sier Erlend Wiborg (Frp).
Mandag 9. juli 2018
GASS: I Kirkenes er det på nytt håp om gassvirksomhet etter framstøt fra det russiske selskapet Novatek. Ordfører Rune Rafaelsen tror Russland vil bestemme om prosjektet får lov til å starte.

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk