Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Gruvedrifta i Kiruna er storslått, men historia blir retusjert.

Ein falsk klasseidyll

Meir enn 500 meter under jorda ligg gruveselskapet LKABs visitors centre, som ein ørliten del av eit på alle måtar storslått gruve- og industrianlegg i den nordsvenske byen Kiruna. Hit kjem hundrevis av turistar med buss kvar dag, under nøye kontroll av unge guidar. Desse veit alt om produksjon av jernpellets av fjellets malm, «Sveriges olje», men fint lite om dei sosiale forholda som har prega eit av Nordens største økonomiske og industrielle eventyr.