STRAUM: Den første elferga til Fjord 1 er allereie levert. No er alt klart for bygging av ytterlegare åtte elferger, som skal setjast i trafikk på Vestlandet. Finansiering skjer i samarbeid med DNB, Nordea og KLP, og skal dekke kjøp av ni elektriske ferger i Fjord1-konsernet som skal byggjast ved Havyard og Fjellstrand verft. Dei resterande fergene skal bli levert kontinuerleg fram til oktober 2019, skriv Garantiinstituttet for eksport (GIEK) som garanterer for 900 millionar kroner av kostnadene. Den mellombelse låne- og garantiordning i GIEK og Eksportkreditt Noreg for kjøp av skip frå verft i Noreg til bruk i Noreg blei oppretta i statsbudsjettet for 2018.©NPK
Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Mange byggjer identiteten sin på at naturen har gjeve dei rett over andre.
Aristotelisk
Solveigs salt
Filosofen Aristoteles hadde eit ope blikk for det meste, og forklarte samanhengen mellom form, innhald og energi så treffande at det har vitskapleg interesse enno i dag. Men når observasjonane kom i konflikt med hans eiga privilegerte stilling, kortslutta den aristoteliske logikken.
Ikkje søtt, ikkje surt, ikkje bittert – men salt. Solveig Aareskjold skriv om det ho sjølv vil i Klassekampen kvar laurdag.