Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Fleire foreldre vel å sende borna sine på skular med mindre andel minoritetselevar:

Skeptisk til skulefridom

VEL TØYEN: Bjarte Breiteig synest det er ei sjølvfølgje at sønene Askil (9) og Bendik (6) skal gå på nærskulen på Tøyen, sjølv om den har stor andel elevar med anna morsmål enn norsk. Tøyen skule hadde eit dårleg rykte då Askil starta der for nokre år sidan, men godt samarbeid mellom skule og foreldre har snudd trenden, fortel Breiteig. John Trygve Tollefsen

GRUNNSKULE: Mange etnisk norske i sentrumsnære bydelar vel å sende borna til andre skular enn nærskulen. Uheldig, meiner Bjarte Breiteig, som er ein av få etnisk norske foreldre ved Tøyen skule.

I doktorgradsavhandlinga til forskar Ingvild Bjordal ved NTNU levert i 2016 kom det fram at rektorar i Osloskulen skil mellom «brune» og «kvite» skular, mellom anna fordi fleire foreldre vel å senda borna til skular med mindre andel barn med minoritetsbakgrunn.