SOLIDARITET: Nye tal gjev ny skyts for asylliberale krefter i Ap: Noreg kan ikkje slutte å ta imot asylsøknader ved grensa.
Berre 23 prosent av nordmennene ønskjer å ta imot færre flyktningar i framtida. Det er også stor støtte til at vi framleis skal la folk kunne søkje asyl på riksgrensa – sjølv om eit relativt stort mindretal heller vil erstatte dette med asylsøknader ved eigne mottakssenter utanfor Europa.