Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Mystikar: Meditasjonar etter Meister Eckhart.

Svaret er ei elv og eit bjørketre

AUDMJUK: Noko ikkje-tenkt talar i Helge Torvund sin 26. diktsamling. FOTO: MORTEN BRUN Morten Brun

Mange av dagens kunstnarar held den tyske teologen Meister Eckhart (1260–1327) svært høgt. Helge Torvund er ein av desse. Ein tanke ein finn hos mystikaren Eckhart, er at det guddomelege finst som ein gneiste i alt som er. Ikkje som eit attskin av Gud, slik romantikarane tenkte seg, men som eit nærvær.