Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Reisebøker: Vegen til opplysing går gjennom oppleving, men stundom fløymer kunnskapen over hos Kjartan Fløgstad.

Farande frifant

TROPISK: Reiseskildringane til Fløgstad er kunnskapsrike verk som utvidar den norske bok- og tankeheimen, sjølv om kunnskapen stundom fløymer over og druknar dei litterære kvalitetane. FOTO: ANNIKEN C. MOHR Anniken C. Mohr/ Klassekampen

Den nynorske litteraturen er frå byrjinga av ein slags reiselitteratur, slår Jan Inge Sørbø fast i «Nynorsk litteraturhistorie». Etter Ivar Aasens språkreiser, Aasmund Olavsson Vinjes ferdaminne og Arne Garborgs bondestudentar har nynorskforfattarar halde fram med å reise mellom by og bygd, mellom språk og kulturar, mellom klassar og sosiale lag. For Sørbø er bondestudenten ein djupstruktur i den nynorske litteraturhistoria – ein struktur som gir seg ulike utslag i ulike litterære periodar, men som er til stades i alle periodar.