Du kan bla til neste sideBla med piltastene

STATUS

Andlet til andlet

PYNTA ANDLET: Landsbybeboarar frå provinsen Shaanxi i Nord-Kina har kledt seg ut og malt andleta sine. Her er dei på veg til She Hou-festivalen tidlegare i år. FOTO: Fred DUFOUR, AFP/NTB SCANPIX FRED DUFOUR

Kinesarar går drastisk til verks for å byggje ryktet sitt. «Mianzi» er gått så langt at det ruinerer både lommebøker og miljøet.

Slik ein seier at eskimoane har hundrevis av ord for snø og is, har kinesarane eit tilsvarande vokabular for mianzi. Direkte omsett tyder ordet «andlet», og refererer til eit eldgammalt sosialt konsept. Det handlar om ein person sitt ry, verd eller prestisje, samanlikna med folka rundt dei.