Torsdag 21. juni 2018
CRUISA INN: Det største funnet nokosinne i Bergen var i september 2017 då tollarar fann 100 kilo hasj gøymd i ein bil på danskebåten Fjordline. Vest politidistrikt stadfestar at gjengmiljøet i Oslo òg står for mykje av dopet i distriktet.FOTO: TOLLVESENET
Kriminelle gjengar i Oslo har forbindingar til Bergen, Trondheim og Stavanger:
Forsyner landet med dop
Undersak

Millionbutikk

– På grunn av bedre priser i Trøndelag og nordover er det interessant å levere hit. Vi ser spor etter leveranser av narkotika fra Oslo til Trondheim, og vi ser spor etter gjengmiljø lik de som har vært omtalt i mediene det siste, sier John Konstad, etterforskningsleder ved seksjon for organisert kriminalitet i Trøndelag politidistrikt.

Hvor mye penger organiserte kriminelle tjener på narkosalg i Trøndelag, er uvisst, men det dreier seg antakelig om mange millioner i året.

Basert på spørreundersøkelser om rusbruk, kloakktester og gatepris viser et konservativt anslag at det bare i Trondheim omsettes amfetamin og cannabis for til sammen 60 millioner kroner i året. Anslaget er gjort av magasinet Sorgenfri, som i mars viet en egen utgave til narkotikamarkedet i Trondheim. Hasjen og amfetaminet som omsettes her, kommer hovedsakelig fra Oslo. Den smugles inn fra Sverige og går med kurer fra hovedstaden med offentlig transport eller bil.

Oslokriminelle er ikke alene om å se mulighetene i Trøndelag.

– Det er etterretningsinformasjon som viser at organiserte kriminelle grupper som holder til i Sverige, nå finner Trøndelag interessant, på samme måte som miljø fra hovedstaden gjør, sier Konstad.

VEST: Politiadvokat Asbjørn Onarheim i Vest politidistrikt fortel om to store beslag med narkotika frå Oslo dei siste åra. 8FOTO: PAUL S. AMUNDSEN, NTB SCANPIX
NORD: Etterforskningsleiar i Troms politidistrikt, Yngve Myrvoll, seier at tilgangen på narkotika i politidistriktet er god. 8FOTO: JAN-MORTEN BJØRNBAKK, NTB SCANPIX
NARKO: Dei kriminelle gjengane i Oslo distribuerer narkotika ut i landet. – Me er uroa for utviklinga i Oslo, seier politiinspektør Are Sangolt i Vest politidistrikt.

KRIMINALITET

Narkotikaomsetting er den økonomiske ryggrada for dei kriminelle gjengane i hovudstaden, og narkotrafikken stoppar ikkje i Oslo.

Klassekampen har vore i kontakt med alle dei elleve politidistrikta i landet, og fleire stadfestar at lokale kriminelle har relasjonar med kriminelle nettverk og gjengar i Oslo.

«Som en del av vår etterretning, hvor alle i politiet bidrar til informasjon, ser vi en klar link til kjente kriminelle på Østlandet, også med gjengtilhørighet, hvor vi har informasjon om at det transporteres narkotika over fjellet til oss», opplyser politiinspektør Are Sangolt i Vest politidistrikt på e-post.

Situasjonen med kriminelle gjengar i Oslo har forverra seg dei siste åra, og tilspissa seg dei siste månadane med fleire skyteepisodar.

«Vi følger situasjonen tett i forhold til det som blir beskrevet i media, og vi er bekymret for utviklingen i Oslo og påvirkningen det kan ha hos oss», skriv Sangolt.

Fakta

Kriminelle gjengar:

• Dei kriminelle gjengane i Oslo er Young Bloods, Young Guns, Hells Angels MC og Bandidos MC.

• Den multietniske MC-klubben Satudarah MC, som finst i fleire europeiske land og Stavanger, kan bli den femte.

• MC-klubbane Hells Angels og Bandidos har i hovudsak norsk etnisk bakgrunn.

• Young Guns har medlemmar med pakistanske røter, men er mindre aktiv.

• Young Bloods har deltakarar med røter frå Oslo aust og sør. Etnisk sett er det ein blanda bakgrunn, nokre har foreldre frå Norge, andre har bakgrunn frå Albania, Somalia og Syria.

Kjelde: «Trender i kriminalitet 2018–2021» av Oslo politidistrikt

Dommar i vest

Også politidistrikta Sør-Vest, Trøndelag, Nordland, Troms og Innlandet stadfestar at dei kriminelle gjengane i Oslo har ei rolle på dei regionale narkomarknadane.

Bjørn Vidar Bollestad er leiar for seksjon for organisert kriminalitet ved Sør-Vest politidistrikt, som dekker Stavanger og omland.

– På generelt grunnlag har me gjennom etterforsking av lokale kriminelle nettverk veldig ofte avdekka samband til personar i nettverk i Oslo. Me ser både at nettverk herfrå blir styra frå Oslo og at det er nære relasjonar, seier han.

Han seier narkotikaparti som blir smugla inn over svenskegrensa, stoppar i Oslo og blir fordelt vidare ut i distrikta. Han seier det er ein betydeleg marknad for narkotika i politidistriktet.

– Har Sør-Vest politidistrikt tatt ut tiltale, og finst det dommar avsagt i Stavanger, på personar knytt til dei kriminelle gjengane eller nettverka i Oslo?

– Ja, det er det. Det er dommar i løpet av dei siste åra der ein ser dette klart, seier han.

Relasjonane til nettverk i Oslo er ikkje nye, men Bollestad peiker likevel på ein trend.

– Det me har sett, er at albanske nettverk har tatt veldig mykje av narkotika­trafikken, seier han.

– Har dei kriminelle gjengane og nettverka i Oslo ei så stor rolle på narkotikamarknaden i Stavanger at du vil kalla Oslo-gjengane eit nasjonalt problem?

– Det skal eg vera forsiktig med å uttala meg om. Men det finst bakmenn i Oslo som representerer eit nasjonalt problem. Det sit sentrale personar i Oslo og styrer narkotikatrafikken, som også har nedslagsfelt ute i distrikta, seier Bollestad.

Sender dopet med fly

At det blir frakta narkotika frå Oslo til Bergen, kan politiadvokat Asbjørn Onarheim ved avdeling for bekjempelse av organisert kriminalitet ved Vest politidistrikt stadfesta.

Politiet i vest har gjort to beslag i større parti med narkotika som er frakta frå Oslo dei siste åra. I ein tilståingsdom frå februar i år blei kureren dømt for å ha frakta drygt 19 kilo hasj frå Oslo.

– Eg kan ikkje stadfeste at denne hasjen kom frå gjengmiljøet i Oslo, men eg kan heller ikkje utelukke det. Me har ikkje hatt høve til å etterforske leverandørleddet. Me ville uansett ha vore avhengig av at politiet i Oslo følgde dette opp. Dei har mange saker og ofte andre prioriteringar enn det me har, seier Onarheim.

Også nordover strøymer narkotikaen frå Oslo. Ulf Slettan, politioverbetjent i Nordland politidistrikt, opplyser i ein e-post til Klassekampen:

«Store deler av narkotikaen som havner i Nordland, kommer fra Oslo, eller det sentrale østlandsområdet. Vi har kjennskap til at nettverk/personer fra kriminelle gjenger i Oslo har en rolle i forbindelse med at narkotika kommer til Nordland politidistrikt.»

Yngve Myrvoll er leiar for Felles eining for etterretning og etterforsking i Troms. Han seier at narkotika til Tromsø kjem enten direkte frå produksjon i Aust-Europa eller frå Austlandet med bil, men også fly.

– Me har tatt herion­kurerar med fly frå Oslo til Tromsø. Me ser på Oslo som sentral for mykje av narkotikaomsettinga som kjem til Troms, utan at eg kan seia noko konkret om dei omtalte gjengane, så er det tette samarbeid mellom kriminelle i Oslo og Tromsø, seier han.

Ofte er det sårbare personar som tar på seg oppdrag som kurer. Politiet har tatt beslag i heroin frakta inne i kroppen.

– Desse transportane går regelmessig, seier han.

– Er det mykje narkotika i omløp i Troms?

– Det er veldig god tilgang, det er det ikkje tvil om. Det er meir enn nok til alle som vil ha, seier Myrvoll.

Også Innlandet politidistrikt stadfestar eksempel på narkosamarbeid med kriminelle nettverk og gjengar frå Oslo.

Agder politidistrikt meiner det er «lite sannsynlig at gjeng­miljøet i Oslo er hovedleverandør av narkotika til politidistriktet. Det vurderes likevel som sannsynlig at noe av narkotikaen som omsettes hos oss, også distribueres fra aktører knyttet til dette miljøet».

Også Anders Rasch-Olsen, leiar for Seksjon for spesielle operasjoner (SO) i Oslo politidistrikt, stadfestar at Oslo-gjengane handlar med narkotikamarknaden fleire stadar i landet.

«Enkelte søker stadig å utvide sitt geografiske nedslagsfelt. Det finnes kriminelle i flere politidistrikter som samarbeider med kriminelle nettverk i Oslo. Samarbeid mellom kriminelle vil variere over tid, og kan være av både mer permanent karakter og enkelttilfeller», skriv Rasch-Olsen på e-post.

Finnmark og Møre og Romsdal politidistrikt opplyser at dei ikkje kjenner til at kriminelle nettverk i Oslo har ei rolle på narkotikamarknaden i deira politidistrikt, mens det ikkje lukkast Klassekampen å få svar frå Sør-Øst og Øst politidistrikt.

innenriks@klassekampen.no

Fredag 21. september 2018
VOLD: – Dette er systemsvikt og et direkte resultat av norsk asylpolitikk. Disse guttene tåler ikke mer, sier Ine Johannessen, tidligere verge for den siktede i dobbeltdrapssaken i Trondheim.
Torsdag 20. september 2018
KRITISK: Varselet mot skolebyråd Inga Marte Thorkildsen kan ende med at varslerne får sparken, tror advokat Olav Lægreid. Han mener det er gjort flere feil i varslingen.
Onsdag 19. september 2018
SNUDDE: Etter «nærmere dialog med departementet» stokket forsvarssjefen om på innstillingen til ny sjef i Heimevernet. Dermed rykket Eirik Kristoffersen opp fra bunnen til toppen av lista.
Tirsdag 18. september 2018
MEGAPROSJEKT: Equinor søker Enova om 2,5 milliarder i støtte for å elektrifisere to oljefelt med havvind. Det tilsvarer hele Enovas støttepott i fjor.
Mandag 17. september 2018
HØVLAR: Kutt i sjukehusbudsjett skal spara millionar. No åtvarar både tillitsvalde og direktørar om at det går ut over pasientar og arbeidsvilkår.
Lørdag 15. september 2018
IVRIG: Statsministeren hyllet amerikanske soldater i forkant av norgeshistoriens største Nato-øvelse. Landet rundt forberedes motdemonstrasjonene.
Lørdag 15. september 2018
LOVBRUDD: Juss­professor Geir Ulfstein mener Norge brøt FN-mandatet for Libya-operasjonen.
Fredag 14. september 2018
BOMBER: 9. mai 2011 sa Jonas Gahr Støre til Stortinget at Gaddafi ikke var et mål for krigen. Omtrent samtidig deltok Norge i bombingen av diktatorens hovedkvarter.
Torsdag 13. september 2018
UKLART: Begge fløyene i Ap er fornøyde med migrasjonsutvalgets innstilling. Ekspertene mener den er uklar.
Onsdag 12. september 2018
ASYL: Storbylagene vil at Arbeiderpartiet skal snu om returer av sårbare grupper. I dag kommer migrasjonsutvalgets innstilling om asylpolitikk.

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk