Onsdag 20. juni 2018
IKKJE OVERRASKA: Marius Sevestre (til venstre) og Sebastian Hummelen tvilar ikkje på at ungdomane frå same område som dei har gått på skule, ligg øvst på hasj-statistikken.
• Oslo-ungdom er blitt meir liberale til bruk av cannabis • Fleire elevar i Oslo bles i leksene
Fleire unge røyker hasj
TREND: Fleire røyker hasj. Fleire med psykiske plager. Og mindre tid på leksearbeid. Det er blant resultata etter at 25.000 har svart på ei ungdomsundersøking.

UNGDOM

17 prosent av gutane og 9 prosent av jentene på 84 Oslo-skular har røykt cannabis. Det er ein markant auke sidan 2015, då 10 prosent av gutane og 5 prosent av jentene svarte det same.

Dette kjem fram i den omfattande undersøkinga «Ung i Oslo» som blei lagt fram i går.

Mot slutten av tenåra har fire av ti gutar og to av ti jenter prøvd cannabis siste året.

Eit anna funn er at det er blitt meir vanleg blant gutar å meina at å røyke hasj er noko som gir status i venemiljøet.

«Resultatene tyder på at ungdom i Oslo på nokså kort tid er blitt mer liberale til bruken av cannabis», står det i rapporten.

Fakta

Ung i Oslo:

• Undersøkinga «Ung i Oslo» gir eit bilde av korleis Oslo-ungdom har det, kva dei gjer på fritida, og kva tankar dei har om framtida.

• 25.000 ungdommar har svart på undersøkinga. Ungdommane er i alderen 13–19 år og går på 84 skular i hovudstaden.

• Det er Norsk institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring (Nova) ved OsloMet som står bak undersøkinga.

Skikkeleg skikkelege

– Eg føler meg skikkeleg skikkeleg, eigentleg, seier Sebastian Hummelen (18).

– Eg òg, samtykker kompisen Marius Sevestre (18).

– Men eg drar på fest, altså. Det er berre at eg er ganske ambisiøs når det kjem til studiar, og så likar eg jo å jobbe med skule, legg Hummelen til når Klassekampens journalist ymtar frampå at vestkantungdomane kanskje er litt keisame.

Vestkantgutane kjenner seg ikkje igjen i at dei har blitt meir «rampete» den siste tida, altså. Dei to 18-åringane gjekk nyleg ut av Hartvig Nissen vidaregåande skule, som ligg på Frogner i Oslo, og skal vidare til folkehøgskule og studiar til hausten.

At hasj er blitt meir populært på vestkanten, er dei likevel ikkje veldig overraska over.

Frogner er den bydelen i Oslo (22 prosent) som flest svarar at dei har brukt hasj.

– Det har vel med pengar å gjera. Hasj er dyrt, og eg tenkar det kanskje er fleire på vestkanten som har råd, seier Sevestre, og legg til at han likevel ikkje synest det verkar som hasj har blitt «in» blant ungdomane.

Både han og kompisen meiner hasj ikkje er noko utprega kult ungdomen driv med for tida.

– Folk bryr seg eigentleg ikkje så mykje om ein har prøvd eller ikkje, seier Hummelen.

– Nei. Det er ikkje noko me snakkar mykje om. Kanskje nokre vil testa noko anna, noko sterkare, ein gong eller noko, men det er ikkje noko ein går og skryt av heller.

I tillegg har kvar ellevte gut i undersøkinga på sisteåret på vidaregåande prøvd eit eller fleire av stoffa MDMA, kokain og amfetamin.

Ungdommens røyst

25.000 ungdommar i Oslo, hovudsakleg i alderen 13–19 år, svarte i vinter i år på ei rekke spørsmål om alt frå vald, mobbing og rusvanar til leksearbeid og framtidsvisjonar. Ungdommane går på 84 forskjellige ungdoms- og vidaregåande skular og førre undersøking blei gjort i 2015.

Undersøkinga viser også at det har vore eit markant fall i tidsbruk på lekser.

Fleire gutar får psykiske plager, og fleire er plaga av depressive symptom.

Unge med innvandrarbakgrunn føler seg mindre trygge enn unge med norskfødde foreldre når dei er ute om kvelden.

Den delte byen

Hovudbildet er at endringane som er registrerte, skjer blant ungdom overalt i hovudstaden, men på ein del av områda ser ein variasjon mellom ungdom som bur i bydelar aust i Oslo og vestkantungdom.

Cannabis-bruk er eit slikt område. Auken i cannabisbruk er sterkare på vestkanten og blant ungdom med høg sosioøkonomisk bakgrunn enn på austkanten og blant ungdom med låg sosioøkonomisk bakgrunn.

Ungdommane i dei fleste drabantbyane i Oslo aust kjenner seg mindre trygge i nærmiljøet sitt enn unge i dei meir velståande bydelane i vest. I underkant av 15 prosent av ungdommane på vestkanten og Nordstrand er redde for vald i områda dei bur. I indre aust, Groruddalen og bydel Søndre Nordstrand, gjeld dette dobbelt så mange.

Slåsting er langt vanlegare blant unge med låg sosioøkonomisk familiestatus og blant unge med innvandrarbakgrunn enn anna ungdom.

innenriks@klassekampen.no

Artikkelen er retta 21. juni 2018: Norsk institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring er ein del av universitetet OsloMet. Red.

Artikkelen er oppdatert: 20. juni 2018 kl. 10.13
Onsdag 18. juli 2018
VERRE: Meieri­giganten Tine fryktar mjølkemangel dersom mykje storfe blir slakta på grunn av fôrmangel. Tine vil ha krisemøte med bøndene og regjeringa.
Tirsdag 17. juli 2018
INKASSOKRAV: Hvor mye penger har Erna Solberg lovet Nato å bruke på forsvar de neste årene? Det er spørsmålet Bjørnar Moxnes nå krever et klart svar på.
Mandag 16. juli 2018
TØRT: Tørken som nå rammer Østlandet kan bli en del av et normalt ustabilt klima. Det vil ramme jordbruket hardt. – Det er så dårlig at en blir deprimert av å gå i åkeren, sier bonde Anders Klaseie.
Lørdag 14. juli 2018
SKADEN SKJEDD: Tørken raserer kornavlingene på Østlandet og Norge får sitt dårligste kornår siden 1974. Det er allerede for seint å berge kornhøsten.
Fredag 13. juli 2018
SLITER: Mange personer som går på sosialhjelp eller lever på stønader, har ikke råd til å gå til tannlegen, reise på ferie eller delta i fritidsaktiviteter.
Torsdag 12. juli 2018
FULLT: Bergen, Flåm og Geiranger kneler under vekta av masseturismen. Lokalbefolkninga reagerer og vil ha færre turistar.
Onsdag 11. juli 2018
BØNDA IFRA NORD: Finnmark kan ramle heilt ut av Stortinget. Finnmarks fylkesordførar er likevel open for at areal skal telje mindre enn i dag når ein fordeler stortingsmandat.
Tirsdag 10. juli 2018
TRYGD: Regjeringen vil hindre at trygde­ytelser eksporteres ut av landet. Men internasjonale avtaler gjør at forslagene får få konsekvenser. – Prinsipielt viktig, sier Erlend Wiborg (Frp).
Mandag 9. juli 2018
GASS: I Kirkenes er det på nytt håp om gassvirksomhet etter framstøt fra det russiske selskapet Novatek. Ordfører Rune Rafaelsen tror Russland vil bestemme om prosjektet får lov til å starte.
Lørdag 7. juli 2018
HARDHENDT: KrF-leder Knut Arild Hareide får en opptur på tampen av sin mektigste stortingsperiode, men får mest skryt av velgerne for å ha presset ut Sylvi Listhaug (Frp).

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk