Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Finanskrisa gav fritt fram for grov utnytting av arbeidsfolk:

Luseløn og lange dagar

RIGGING: Søren Zeuth gjer klar utstillinga i Norsk Trikotasjemuseunm i Salhus utanfor Bergen.

Fotograf Søren Zeuth reiste i mange år ut av Europa for å dokumentere elendige arbeidstilhøve. Etter finanskrisa i 2008 treng han ikkje det lenger.

Den store kvitmåla utstillingshallen i gamle Salhus Tricotasjefabrikk er bada i solljos. På golvet ligg store bilete, nokre av dei lett krulla. Søren Zeuth står og veiver med armane, peikar og forklarer korleis han meiner dei best bør hengje.