Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Er Spania klar til å opna gløymeboka og minnast offera for Franco-styret?

Ei uheilag pakt

GRAVA: Mária Mártin ved motorvegen som er lagt over massegrava frå borgarkrigen. Der ligg mora, Faustina. Foto: frå filmen

– Franco sine offer er gjort usynlege. Det vonar vi denne filmen vil vera med å endra, seier regissør Robert Bahar.

«Livet er urettvist … nei, ikkje livet, vi menneske er urettvise», seier Mária Mártin i «The Silence of Others», ein prisvinnande dokumentar som no blir vist under Oslo Pix.