Klassekampen.no
Lørdag 9. juni 2018
Sexkjøp­propaganda

KULTUR

Me registrerer at Klassekampens teatermeldar Charlotte Myrbråten deltok i Teater Bæst og Eja Dues prostitusjonsforsvarsteater på Festspela sist veke. Meldinga hennar sto på prent 31. mai. Myrbråten held fram at det i forkant av teaterstykket har vore «tilløp til debatt om sexkjøpsloven på ny», og unnlèt å nemna at det er Kvinnegruppa Ottar som gjennom kronikkar og appellar har protestert mot Festspela sitt val av prostitusjonspropaganda som kunst.

Det er skuffande at ikkje ei samla kvinnerørsle, fagrørsle og venstresida har evna å engasjera seg i dette slaget mot sexkjøpslova frå den statleg finansierte kunst- og kultureliteinstitusjonen Festspela. Me forventar at venstresida si dagsavis ikkje bidrar til ytterlegare usynleggjering av kva den radikale kvinnerørsla bruker tid på, frontar og formulerer av politisk analyse.

Høgst urovekkande er det sjølvsagt å lesa teatermeldinga, der Myrbråten finn det «ubehageleg» å forsvara sexkjøpslova fastbunden, med ei naken Eja Due som «sensuelt» frontar legaliseringspropaganda. Myrbråten kjenner den feministiske analysen og forsøker fronta denne i ein-til-ein-teateret, fortel ho, og konkluderer med at ho er glad for å ha opplevd dette teaterstykket.

Ennå gladare er sikkert horekundane som har oppsøkt Due, og dei unge mennene som ikkje ennå har kjøpt sex, folk som ikkje kjenner eller er interessert i feministisk prostitusjonsanalyse: i dette grensesprengande stykket har dei lært at det dreier seg om sexarbeid og sexarbeidarane sine rettar, og har fått normaliseringspropaganda med seg for trygg ferd i sexkjøparland.

At det av Myrbråten blir framstilt som «bastant og insisterande» at Teater Bæst og Festspela har skipa til «debatt» om stykket berre med folk som er einige i deira syn og legaliseringsagenda, føyer seg fint inn i resten av teatermeldinga.

anne.kalvig@uis.no

Artikkelen er oppdatert: 11. juni 2018 kl. 14.01

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk