Klassekampen.no
Fredag 8. juni 2018
Norske soldatar trudde dei såg ein invasjonshær i kvitauget.
Panna i steikepanna

Norge tek del i ei stor Nato-øving nær russiske grenser rett før fotball-VM tek til i Russland, og ein kan alltids lage blaute vitsar om å styrke forsvaret.

For 50 år sidan i desse dagar var det ingen som lo, då sovjetiske styrkar gjennomførte ein oppmarsj mot grensa til Finnmark som sette garnisonen i Sør-Varanger i krigsberedskap, og soldatar og befal trudde at dei såg ein invasjonshær i kvitauget.

Desse hendingane er det ikkje mange som hugsar, i svermen av jubileum frå det mytiske 1968. Skribenten og amatørhistorikaren Øyvind Stranna Larsen frå Kongsberg har gjort ein kolossal jobb for å hente historia fram i lyset, når han no gjev ut boka «Som en fiende mot Norge» på eige forlag.

Om ettermiddagen 6. juni 1968 rykka den sovjetiske 45. motoriserte infanteridivisjonen med eitt fram mot den norske grensa i Finnmark, med formidabel kraft. Kanonskott drønna, meir enn 200 stridsvogner rulla fram, 15.000 mann nærma seg med mange hundre kampvogner, lastevogner og tungt artilleri.

I sommarnatta til 7. juni var stridsvognene godt synlege frå norske grensepostar, då dei grupperte seg halvannan kilo­meter unna. «Ja, no kjem dem, russen», sa finnmarkingen Per Henriksen uforstyrreleg då han som vaktleiar purra mannskapet sitt. Ved garnisonen i Sør-Varanger vart det slått såkalla skarp alarm, noko som truleg var eineståande sidan krigen. Rundt 600 mann vart utrusta med skarpladde våpen og førebudde seg på krigshandlingar.

Som kjent vart det ingen krig, og heller ingen grensekrenkingar som førte til diplomatisk krise. Det gjekk fleire dagar før spenninga var over, men det var tydeleg at den sovjetiske hæren viste ein effektiv maktdemonstrasjon og ikkje planla eit militært åtak.

Det er likevel ei dramatisk historie som Øyvind Stranna Larsen rekonstruerer i stor detalj. Han dokumenterer mellom anna grov svikt i den militære etterretninga. Om morgonen 7. juni kom etterretningsoffiseren Torkel Hovland på jobb og fekk sjokk då han såg at ei rekke alarmerande meldingar frå garnisonen hadde komme inn om natta, utan at vakta fann grunn til å varsle overordna.

Den viktigaste grunnen til at desse hendingane framleis har offentleg interesse, var det som skjedde seinare om sommaren. Natt til 21. august 1968 vart Tsjekkoslovakia invadert av store sovjetiske styrker, med støtte frå andre land i Warszawapakta.

Den kalde krigen hadde ikkje vore kaldare sidan Cuba-krisa, og skremmeskota mot Natos nordlege flankeland like før var ein del av det tryggingspolitiske dramaet.

I 1968 var Per Borten statsminister for ei borgarleg samlingsregjering, og forsvarsminister var Otto Grieg Tidemand frå Høgre. Då han vart informert, tok han det heile så roleg at ein kunne lure på om han hadde fått eit vink om kva som skulle skje.

Hausten 1967 var Tidemann på offisielt besøk i Sovjetunionen, som den første forsvarsministeren frå eit Nato-land. Forholdet mellom landa var tillitsfullt, men forsvarsminister Andrej Gretsjko og statsminister Aleksej Kosygin brukte sterke ord for å åtvare den norske gjesten. Det hadde berre gått 22 år sidan andre verdskrigen tok slutt, og Kosygin sa at Norge frå tysk side var sett som eit militært bruhovud og oppmarsjområde mot Sovjetunionen: «Fra norsk side aksepterer man dette, og hva det fører til. Dere legger hodet i steikepanna».

Eit tysk trugsmål mot Sovjet­unionen var eit spøkelse, men reaksjonen seier noko om tenkemåten som festa seg under Den store fedrelandskrigen. Den dag i dag er dette verdt å hugse, når Nato gradvis etablerer seg i det som var sovjetiske bufferstatar.

alfs@klassekampen.no

Artikkelen er oppdatert: 11. juni 2018 kl. 14.28

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk