Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Svingdøra

  • Tenk deg at du blir gåande rundt og rundt i ei svingdør. Kanskje på veg inn på rådhuset. Du set det eine beinet framfor det andre akkurat så fort som dei som laga døra meiner at du bør gå. Slik går du roleg rundt og rundt, utan å kollidere i glaset bak eller framom deg. Denne rørsla er på ein måte konstant. Det er det same om att og om att. Likevel vil det, for nokon som observerer deg, sjå ut som om du er på veg to plassar: Halvparten av tida ser det ut til at du skal ut av bygget, halvparten av tida ser det ut til at du skal inn. Kor du er på veg, sånn eigentleg, er ikkje godt å seie – og kanskje veit du det ikkje sjølv heller. Sikkert er det i alle fall at du blir svimmel etter ei tid.