Fredag 8. juni 2018
TAR GREP: Grete Metlid er sjef for den enorme nye, eininga Felles eining for etterretning og etterforsking (FEE) i Oslo politidistrikt som etterforskar ulike former for alvorleg kriminalitet.
• Oslo-politiet druknar i saker og har vanskar med å prioritera • Erfarne etterforskarar har slutta
Lar valdtektsmenn gå fri
Undersak

Pressa seksjon

Sjef for FEE Grete Metlid kjenner seg att i bildet statsadvokaten teiknar i rapporten.

Ho erkjenner at lang saksbehandlingstid og utfordringar knytt til kapasit er eit problem. Prioritering av hasteoppgåver, alvorlege hendingar og fristar knytte til tilrettelagde avhøyr legg beslag på kapasiteten til politiet.

Ikkje reformen sin feil

Ho meiner likevel at politireforma ikkje har skulda.

– Me har fått ei stor ny eining som skal gi nettopp meir einskapleg praksis, men me må gi det litt tid, seier Metlid.

Ho understrekar at det er gjort fleire betringar, og på fleire område vil det bli fleire tilsettingar.

– Me har sett ei auke i seksuallovbrot, og difor har dette feltet blitt pressa. Seksjonen har også hatt vanskar med å tiltrekke seg røynde etterforskarar, seier Metlid.

Har auka lønna

Allereie før rapporten kom, var dette forsøkt betra. Krava til røynsle hos dei tilsette har blitt heva, og lønna har auka betrakteleg for å lokka kompetente folk til seksjonen, ifølge FEE-sjefen.

Det blir også jobba med korleis ressursane kan bli betre nytta.

– Me må få meir sjølvgåande politidistrikt som kan handsama kriminaliteten dei står i utan å vera avhengige av særorgan. Det må ligga god kompetanse og kapasitet også i distrikta, så dei også kan overvinna alvorleg kriminalitet. Det blir viktig framover, seier Metlid.

I SKUFFA: Valdtektssaker med kjent gjerningsmann blir liggande, og politiet slit med å prioritera mellom saker, syner ein fersk tilsynsrapport.

POLITIET

«I mange av voldtektssakene som blir liggende i påvente av kapasitet er det kjent gjerningsmann og det er ofte kun få etterforskningsskritt som gjenstår. I flere av denne type saker som ble anmeldt høsten 2017 er det ikke gjennomført etterforskning eller det er kun gjennomført få etterforskningsskritt».

Dette er eit av fleire forhold som statsadvokaten tar opp med politimesteren i Oslo i ein fersk tilsynsrapport som Klassekampen har fått innsyn i.

Fakta

Felles eining for etterretning og etterforsking (FEE):

• Ei av Oslo-politiets største einingar etter omorganiseringa i politiet med ansvar for fleire av dei mest alvorlege formane for kriminalitet.

• FEE består av i alt ni seksjonar, kor fireer reine etterforskingsseksjoner som vart flytta under FEE etter politireforma: Seksjon for alvorlege valds­lovbrot (SEAV), Seksjon for alvorlege seksuallovbrot (SEAS), Seksjon for økonomi og spesialetterforskning (SØSE) og Seksjon for organisert kriminalitet (SEOK).

Druknar i saker

Statsadvokaten gjennomførte i februar i år eit omfattande tilsyn med Felles enhet for etterretning og etterforsking (FEE). Det er delen av Oslo politidistrikt som etterforskar drap, alvorlege valds- og seksual­lovbrot, mistenkelege dødsfall, organisert kriminalitet, økonomisk kriminalitet og arbeidslivskriminalitet.

Det er ikkje berre i seksjonen for alvorlege seksuallovbrot at saker har blitt liggande i ein skuff. Fleire av seksjonane druknar i saker.

«Enheten ble bedt om en redegjørelse for om det er samsvar mellom kapasitet og en forsvarlig behandling av straffesakene. Svaret er at det ikke er samsvar mellom kapasitet og forsvarlig behandling av straffesakene», heiter det i inspeksjonsrapporten.

Sjef for Felles enhet for etterforsking og etterretning Grete Linn Metlid stadfestar at det er store ressursproblem (sjå eiga sak).

Tina Skotnes er psykiatrisk sjukepleiar og rettleiar ved Dixi, eit ressurssenter for valdtekne.

– At slike saker blir liggande, er ei stor belasting for dei som har blir utsette for valdtekt. Ofte er gjerningsmannen ein person den utsette kjenner, og då kan det bidra til mykje angst og frykt at ein ikkje veit når vedkommande blir kalla inn til avhøyr, seier ho.

Livet sett på vent

Skotnes vil likevel ikkje legga skulda på politiet, men meiner at det trengst større ressursar over heile fjøla. Ho seier at det gjer det ekstra vanskeleg for dei som blir utsett for valdtekt at etterforskinga drar ut i tid.

– Mange valdtektsoffer beskriv at livet blir «sett på vent» medan saka blir behandla, og at det går ut over skule, jobb og fritid at ein må venta lenge på ei avklaring, seier ho.

Skotnes viser til at politiet har sett ein eigen frist for å etterforska valdtektssaker. Politididirektoratet innførte fristen i 2016 for å sikra at valdtektssaker blir prioritert.

– Me skulle så klart ønske at politiet heldt seg til fristen på tre månader som dei sjølv har sett, men me forstår at dei ikkje har nok midlar. Politiet må få meir ressursar til dette, seier Skotnes.

Statsadvokaten tar også opp arbeidet med å prioritera mellom sakene, og etterlyser strengare prioritering. Det blir poengtert at det jamnleg må bli gjennomført omfattande prioritering mellom saker og innsats.

«Slik situasjonen oppleves nå, er mye av politiets handlingsrom bundet opp med fristoppnåelse som mål i noen få typer saker som går på bekostning av etterforsking av mer kompliserte saker, som gjerne kan ha forgreninger over landegrensene», heiter det i rapporten.

Uvisse og misnøye

2107 blir omtalt som eit unntaktsår som følge av omorganisering. Oslo politidistrikt har som resten av politiet i Norge vore igjennom ei stor omlegging, som eit ledd i nærpolitireforma.

Felles enhet for etterretning og etterforsking er ei ny, stor eining med 450 tilsette, som er organisert i ni seksjonar med underliggande spesialavsnitt.

I tilsynsrapporten går det fram at omorganiseringa har ført til mykje uvisse og misnøye blant tilsette. Alle i leiarroller måtte søka på stillingane på ny, og stillingar er over tid blitt ståande ledige.

Det kjem også fram at erfarne etterforskararar og spesialistar har slutta. Stabiliteten på etterforskingsavsnitta er variabel, står det i rapporten, og mykje tid går med til opplæring.

annekarih@klassekampen.no

norar@klassekampen.no

Lørdag 23. juni 2018
ÅPNER OPP: Denne helga vedtar etter all sannsynlighet både Sosialistisk Ungdom og Unge Høyre å åpne for statlig salg av hasj. Det sikrer flertall for ­legalisering blant ungdomspartiene.
Fredag 22. juni 2018
VIL PRØVE: Varaordføreren i Oslo mener Arbeiderpartiet bør støtte regulert salg av cannabis for å hindre at organiserte kriminelle håver inn millioner.
Torsdag 21. juni 2018
NARKO: Dei kriminelle gjengane i Oslo distribuerer narkotika ut i landet. – Me er uroa for utviklinga i Oslo, seier politiinspektør Are Sangolt i Vest politidistrikt.
Onsdag 20. juni 2018
TREND: Fleire røyker hasj. Fleire med psykiske plager. Og mindre tid på leksearbeid. Det er blant resultata etter at 25.000 har svart på ei ungdomsundersøking.
Tirsdag 19. juni 2018
NEKTER: Kommunalministeren vil la Troms overkjøre Finnmark. Tromspolitikere fra Rødt, SV og MDG sier blankt nei, og nekter å overstyre finnmarkingene.
Mandag 18. juni 2018
HØRING: Faresignalene har vært mange det siste året. I dag må byrådsleder R­aymond Johansen (Ap) svare på hva han har tenkt å gjøre for å bekjempe ungdomskriminaliteten i Oslo.
Lørdag 16. juni 2018
PÅ DØRA: Reklameguru Ingebrigt Steen Jensen og samboeren Trude Solheim er lei av at Arbeiderpartiet ikke skaper entusiasme, og fremmer ti saker som de håper kan gjenreise partiet.
Fredag 15. juni 2018
BØYER IKKE AV: Finnmark vil møte trusler fra regjeringen med sivil ulydighet. Regjeringen lover represalier.
Torsdag 14. juni 2018
RAUD ELLER DAUD: Støre meiner tida etter valnederlaget har gjort han meir oppteken av å finne løysingar på venstresida. Om 15 månader kjem folkets dom.
Onsdag 13. juni 2018
INNTOG: Amerikanske marinesoldater skal til Indre Troms – og blir der i fem år. Opposisjonen reagerer på regjeringens forsvarspolitikk.

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk