Onsdag 6. juni 2018
BYBANEROT: Byrådsleiar Harald Schjelderup (Ap) meiner trygg­leiken kring vidare utbygging av bybanen er viktig for at partiet skal halde på makta etter kommune­valet i 2019.
Ny meiningsmåling gjev Arbeidarpartiet fornya tru på byrådsmakt i Bergen:
Jamstore med Høgre
Undersak

Glepper i storbyane

Meiningsmålingane frå storbyane denne våren er dyster lesnad for Arbeidarpartiet.

I målinga til Adresseavisen i Trondheim går oppslutnaden til Ap i kommunevalet frå 41,5 til 27,2 prosent. Høgre er størst i Ap-bastionen med 28 prosent, fram 8 prosentpoeng.

I Nordlys-målinga for Tromsø er krisa også stor. Oppslutnaden er på 16,9 prosent, ned 12,9 prosentpoeng. Høgre er størst med 30,5 prosent, opp 10,2 prosentpoeng.

I VG-målinga for Oslo får Ap ein oppslutnad på 23,2 prosent, attende 9,7 prosentpoeng. Her er Høgre størst med 31,8 prosent.

I Bodø-målinga for Avisa Nordland er Ap ned med 9,1 prosentpoeng til 21,1 prosent. Høgre er størst med 32 prosent, men også Høgre er ned med 1,8 prosentpoeng.

OPTIMIST: Tilbakegangen i Bergen er stor for Ap, men partiet har heng på Høgre. Byrådsleiar Harald Schjelderup har tru på fire nye år.

kommuneval

Dei dystre meiningsmålingane Arbeidarpartiet har opplevd sidan før valet i fjor haust, gjer at det ikkje skal så mykje til før optimismen brer seg i 14. etasje i rådhuset i Bergen, der byrådsleiaren har kontor.

Sentio har gjort ei meiningsmåling for partiet i Bergen, der spørsmålet er kva ein ville ha røysta om det var kommuneval i morgon. Ap går kraftig attende frå kommunevalet i 2015. Oppslutnaden er 28,1 prosent, attende med 9,7 prosentpoeng frå kommunevalet.

Fakta

Meiningsmåling:

• Meiningsmålingsbyrået Sentio Research har på oppdrag frå Arbeidarpartiet i Bergen gjort ei meiningsmåling i Bergen.

• 1000 er spurte om kva dei ville røyste viss det var kommuneval i morgon.

• 75 prosent av dei spurde har oppgitt partival.

• Målinga må tolkast innanfor feilmarginar på mellom 1,6 og 3,3 prosentpoeng, størst for dei største partia.

• Målinga er teke opp i perioden 27. april til 10. mai.

Optimist

Resultatet overraska likevel Harald Schjelderup. Medan Høgre er til dels mykje større enn Ap i meiningsmålingar i Oslo, Trondheim, Tromsø og Bodø, er stoda betre i Bergen.

– Isolert sett er dette ein tilbakegang frå kommunevalet. Den må vi sjå i samanheng med at vi slit nasjonalt. Samstundes meiner eg at målinga i Bergen gjev oss eit godt grunnlag for den lange valkampen fram mot valet om 15 månader. Vi er jamstore med Høgre i ein by som vert sett på som ein Høgre-bastion. Partiet har også større oppslutnad i Bergen enn vi har nasjonalt. Det er mot normalt.

Høgre er større, men berre marginalt. Meiningsmålinga gjev Ap ein oppslutnad på 28,1 prosent, Høgre 29,3. Høgre går fram 7,2 prosentpoeng frå kommunevalet i 2015.

Resultatet i Bergen 2015 var eit unnatak. Kombinasjonen av stor intern uro i Høgre, rot kring bybanen, konflikt om nominasjonen og styringsslitasje gav partiet eit av dei dårlegaste valresultata i Bergen sidan krigen. Ap fekk eit av dei beste. Schjelderup er usikker på om det gjentek seg i 2019.

– Vi skal styre vidare etter valet og verte større enn Høgre, men eg tek ikkje nokon «Jagland». Skal vi gjere det like godt i Bergen, må oppslutnaden om partiet nasjonalt verte mykje betre, seier Schjelderup.

Isolert Høgre

Respons gjorde ei kommunevalsmåling for Bergens Tidende i mars.

Då fekk Ap 22,1 prosent, medan Høgre fekk 34,8. Kva gjev Ap grunn til å tru at deira måling treff betre enn den i Bergens Tidende?

– Målinga vår har fleire respondentar, men dette er augeblikksbilete. Eg har eit nøkternt tilhøve til meiningsmålingar. Når eg er optimist, ser eg på denne målinga og det gode byrådssamarbeidet vi har i Bergen, som har isolert Høgre og Frp.

Schjelderup nemner slutt på stoppeklokkeomsorga innan pleie og omsorg, reinare byluft, sosial utjamning og betre økonomistyring, som døme på den nye politikken.

Står på Bybanen

Likevel går dei tre byrådspartia attende samanlikna med valresultatet, Ap mest, KrF minst. Byrådspartiet ville fått berre 26 plassar i bystyret med dette valresultatet, sju frå fleirtal.

– Vi skal bruke tida fram mot valet på å synleggjera korleis vi gjer Bergen til ein grønare og meir rettferdig by. Dessutan tvilar eg sterkt på at Høgre og Framstegspartiet greier å stable eit styringsdyktig alternativ på beina, lyder spådomen.

– Høgre har skapt uvisse om dei vil støtte ei vidare utbygging av Bybanen til Åsane. Ei sak som for både Venstre og KrF er avgjerande.

gunnarw@klassekampen.no

Artikkelen er retta: I ein tidlegare versjon av denne saka var det oppgitt feil tal for Trondheim. Vi beklager. Red.

Artikkelen er oppdatert: 6. juni 2018 kl. 11.03
Fredag 22. juni 2018
VIL PRØVE: Varaordføreren i Oslo mener Arbeiderpartiet bør støtte regulert salg av cannabis for å hindre at organiserte kriminelle håver inn millioner.
Tirsdag 19. juni 2018
NEKTER: Kommunalministeren vil la Troms overkjøre Finnmark. Tromspolitikere fra Rødt, SV og MDG sier blankt nei, og nekter å overstyre finnmarkingene.
Lørdag 16. juni 2018
PÅ DØRA: Reklameguru Ingebrigt Steen Jensen og samboeren Trude Solheim er lei av at Arbeiderpartiet ikke skaper entusiasme, og fremmer ti saker som de håper kan gjenreise partiet.
Fredag 15. juni 2018
BØYER IKKE AV: Finnmark vil møte trusler fra regjeringen med sivil ulydighet. Regjeringen lover represalier.
Torsdag 14. juni 2018
RAUD ELLER DAUD: Støre meiner tida etter valnederlaget har gjort han meir oppteken av å finne løysingar på venstresida. Om 15 månader kjem folkets dom.
Onsdag 13. juni 2018
INNTOG: Amerikanske marinesoldater skal til Indre Troms – og blir der i fem år. Opposisjonen reagerer på regjeringens forsvarspolitikk.
Lørdag 9. juni 2018
SENTRUM: Høyre snuser på 30-tallet på Klassekampens juni-måling, men er fortsatt av­hengig av kriserammede KrF for flertall.
Onsdag 6. juni 2018
OPTIMIST: Tilbakegangen i Bergen er stor for Ap, men partiet har heng på Høgre. Byrådsleiar Harald Schjelderup har tru på fire nye år.
Mandag 4. juni 2018
RESSURSMANGEL: SV meiner kommunane får ei ekstrarekning på «eit tresifra tal millionar» for dei innbyggjarane som treng mest hjelp. Endringa har tilbakeverkande kraft.
Lørdag 2. juni 2018
URO: Tomrommet etter Trond Giske, politisk uenighet mellom Nord- og Sør-Trøndelag og skandaler i Trondheim har svekket Arbeiderpartiets største partilag.

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk