Mandag 4. juni 2018
MAGEPLASK: Einar Busterud er ordførar for lokalpartiet By- og bygdelista (BBL) i Hamar Kommune. I år må han finne 20 millionar for å dekkje manglande betaling frå staten for dei mest ressurskrevjande innbyggjarane. Det er nesten like mykje som dei 23 millionane Hamars vidgjetne stupetårn kosta. FOTO: SIV DOLMEN
• Staten betaler mindre for ressurskrevjande brukarar • Hamar taper 20 millionar:
Inntektene vil stupe
Undersak

Regjeringa styrkte ordninga med 3,3 milliardar

Ove Trellevik sit i kommunalkomiteen på Stortinget for Høgre. Han avviser blankt alle skuldingar om at høgresida har snurpa att pengesekken.

– Frå 2013 til 2018 har vi styrkt ordninga med 3,3 milliardar kroner. Så blei vi samde i budsjettet om at vi skulle evaluere ordninga. Vi har auka kommunens del med 50.000 kroner, men vi har ikkje redusert tenestene til innbyggjarane, slår Trellevik fast.

Han fortel at Stoltenberg-regjeringa i sitt siste budsjett ville auke nedtrekket.

– Det nedtrekket la vi i ei skuff.

Trellevik er klar på at ordninga er særleg viktig for småkommunar.

– Det er klart at ein kommune med 700 innbyggjarar blir meir påverka av ein enkeltbrukar som treng mykje støtte. Det er også eit argument for større og meir berekraftige kommunar.

Regjeringa vil no arbeide for å finne ei betre innretting på ordninga for særleg ressurskrevjande brukarar.

– No skal vi evaluere ordninga saman med KS. Kommunane vil bli høyre – dette er ikkje noko one man show, seier Trellevik.

RESSURSMANGEL: SV meiner kommunane får ei ekstrarekning på «eit tresifra tal millionar» for dei innbyggjarane som treng mest hjelp. Endringa har tilbakeverkande kraft.

VELFERD

– Vi kjem ikkje utanom å skjere ned på tilbodet til dei menneska det gjeld, og resten må vi ta frå eldre og ungar. Men det er jo ikkje akkurat luksusindustri vi driv.

Einar Busterud er ordførar på Hamar og fortel om konsekvensane av omlegginga av ei viktig ordning for kommunane:

Tilskotsordninga for særleg ressurskrevjande helse- og omsorgstenester i kommunane. Ordninga er på heile 9,6 milliardar kroner, og skal ta unna dei store toppane kommunane møter om dei får til dømes trafikkskadde eller alvorleg sjuke som kommunen har ansvar for.

No har Helsedirektoratet endra på kva staten seier seg villige til å betale for i 2018. Det gjev store konsekvensar – ikkje minst fordi vi er halvvegs inn i kalenderåret. I tillegg aukar eigedelen for kommunane.

– Her på Hamar er det snakk om 20 millionar. Dette er pengar som går rett til dei svakaste, og dette må vi no dekkje opp på anna vis, forklarer Busterud, og legg til:

– Dette er som å fortelje i mars at husleiga har gått opp til 15.000 kroner, men at endringa gjeld frå januar.

Fakta

Ressurskrevjande brukarar:

• Tilskotsordninga for særleg ressurskrevjande helse- og omsorgstenester i kommunane er i år på cirka 9,6 milliardar kroner.

• Den er meint å dekkje kommunanes utgifter over 1,235 millionar kroner for personar som treng svært mykje omsorg. I mange tilfelle kan utgiftene vere på mange millionar kroner.

• Ordninga er ei overslagsløyving, slik at alle kommunar får det dei har rett på etter kriteria, og så blir storleiken på potten justert ut frå dette.

Kjelde: Helsedirektoratet

Staten styrer

Det er staten som avgjer kor mykje dei vil betale.

– Eg er heilt sikker på at denne endringa gjeld dei fleste kommunar. Eg snakka med ein statssekretær som sa han hadde fått veldig mange kommentarar på dette, seier Busterud.

Dei siste dagane har det vore mykje snakk om at det er for lite pengar i kommunane til å betale for bemanningsnorma i barnehagane.

– Vi har fem millionar i underdekning for å betale bemanningsnorma i barnehagane. Denne kostnaden er fire gongar så stor.

Blå skrustikke

Busteruds samfylking Karin Andersen frå SV leiar for Stortingets kommunalkomité:

– Her har regjeringa stramma inn i det skjulte. På landsbasis er dette eit tresifra milliontal, og dette er snakk om folk som på ingen måte kan ta vare på seg sjølve, seier Andersen.

I desse dagar blir kommuneproposisjonen for 2019 vedteken:

– Eg er forferda over at regjeringa ikkje er open om kva som skjer. Dette er ikkje nemnt i kommuneproposisjonen, trass i stort tap.

SV-aren vil no ta opp saka:

– Vi vil kome med eit framlegg til revidert nasjonalbudsjett, og så må regjeringa ordne dette i 2019-budsjettet. Den rike staten kan ikkje skubbe ansvaret over på kommunane.

politikk@klassekampen.no

Lørdag 22. september 2018
Aviser i Sogn og Fjordane og i nord rammes hardest dersom antall postdager kuttes, viser Klassekampens gjennomgang.
Lørdag 22. september 2018
BØNN: – Jeg ligger våken om natta og ber for Inga Marte Thorkildsen, sier Åse Pedersen. Vi tok tempen på Thorkildsen-saken på et lærerværelse.
Lørdag 22. september 2018
• Torsdag kveld var det bydd til fest i Folkets Hus i industribygda Sauda i Rogaland. Det tradisjonsrike huset, som salige Frank Aarebrot døypte «arbeiderbevegelsens stavkirke», har vorte pussa opp av...
Lørdag 22. september 2018
DRAGKAMP: Om kort tid blir det klart om nominasjonen av Brett Kavanaugh til USAs høyesterett overlever metoo-anklager og høylytte protester.
Lørdag 22. september 2018
Status: Helene Uri leverer eit bittertglitrande forsvar for kvifor vi treng å avpaternalisere språket.
Fredag 21. september 2018
• Nordmenn liker å se på landet sitt som et egalitært land med små forskjeller. Det har vi gjort så lenge at vi har vent oss til det, uavhengig av hva statistikken viser. Forestillingen har også blitt dyrket på høyresida i norsk politikk, som...
Fredag 21. september 2018
VOLD: – Dette er systemsvikt og et direkte resultat av norsk asylpolitikk. Disse guttene tåler ikke mer, sier Ine Johannessen, tidligere verge for den siktede i dobbeltdrapssaken i Trondheim.
Fredag 21. september 2018
FORHANDLINGER: Sviktende lederskap fra Nato-landene USA, Frankrike og Storbritannia gjorde det vanskeligere å få til en fredsavtale i Libya, sier Jonas Gahr Støre.
Fredag 21. september 2018
Et ekspertutvalg vil kutte statsstøtten til private høyskoler med færre enn 500 studenter. Nå er flere skoler i ferd med å bli kjøpt opp av Høyskolen Kristiania.
Torsdag 20. september 2018
KRITISK: Varselet mot skolebyråd Inga Marte Thorkildsen kan ende med at varslerne får sparken, tror advokat Olav Lægreid. Han mener det er gjort flere feil i varslingen.

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk