Mandag 4. juni 2018
FØR STORMEN: Dei svenske regissørane Måns Månsson (til høgre) og Axel Petersén (med ryggen til) vart møtt med hard kritikk for bustadkrisefilmen «Toppen av ingenting», her fra Berlin internasjonale filmfestival i februar i år. FOTO: TOM HENNING BRATLIE
– Ikkje ein gong Spotify kan skaffa husvære til sine tilsette i Stockholm, seier svenske regissørar.
Brennbar bustadfelle
KRITIKK: «Toppen av ingenting» vart aggressivt møtt av filmkritikarar i bransjepressa. Her ventar Nojet (Léonore Ekstrand) rastlaust på at faren skal bli kremert.FOTO: NJUTAFILMS
Den svenske bustadpolitikken har kollapsa i Stockholm. Filmfarsen om krisa blir vist på Oslopix i morgon.

film

– Mange har fortalt korleis bustadkrisa ser ut nedanfrå, sett frå dei som søkjer eit høveleg husvære til overkomeleg pris. Vi snudde om på perspektivet for å visa korleis ein korrupt marknad ser ut frå toppen, fortalde regissørane Måns Månsson («Yarden») og Axel Petersén («Alvalon»), då Klassekampen møtte dei ved filmfestivalen i Berlin i vinter.

Fakta

«Toppen av ingenting»:

• Svensk filmsatire om ein hushai i knipe.

• Regissert og skrive av Måns Månsson («Yarden») og Axel Petersén («Avalon»).

• Filmen har berre amatørar og ein verkeleg aktør frå Stockholms svarte bustad­marknad i rollene.

• Blir vist på filmfestivalen Oslopix i morgon.

Bridge og bustadarv

Tittelen «Toppen av ingenting» er ein bridgeterm, men også eit talande uttrykk for posisjonen til den bridgespelande hovudrolla, Nojet (Léonore Ekstrand). Den 70 år gamle kvinna har levd ein einaste lang «grisefest» i Spania, betalt av farens eigedomsinntekter i Sverige. No er faren død, og Nojet må heim for å ta over ei høgblokk i Stockholm.

Arven viser seg å vera alt anna enn lukrativ. Eigedomen er vanskjøtta og leilegheitene leigd ut på både andre- og tredjehands framleige. Ingen har kontraktar og mange er innvandrarar som dels ikkje talar svensk.

Månsson og Petersén har laga film av temaet alle stockholmarar er opptekne av på tvers av sosiale skilje. Filmen er også – ulikt det det meste av svensk film – tatt opp på Kungsholmen.

– Bustadkrisa har også forvist det meste av kreativitet frå byen, seier Petersén.

Bustadkriminalitet er kjent frå alle storbyar, men den svenske hovudstaden er eit særtilfelle. Sverige har framleis offentleg regulering av bustadmarknaden, men mangel på husvære og lange ventelister har skapt ein enorm, svart utleigemarknad.

– Du må stå ein mannsalder på dei offentlege bustadlistene! Ikkje ein gong Spotify kan få tak i husvære til sine utanlandske tilsette, fortel Måns Månsson.

– Reglane er ei felle

Svenske politikarar har ikkje greidd å handtera problema, som no er så omfattande at filmskaparane ikkje heilt ser kor ein skal byrja å rydda opp.

Det er lett å finna ulovleg framleige på «Blocket», som svarar til det norske Finn, og det å vera «svartmäklare» er ein profitabel, ikkje alt for risikabel geskjeft. Ein som vart rikskjent, og som har måtte sona for slik verksemd, Christer Levin, spelar rolla som Lex, Nojets advokat (ei av mange eksentriske roller) i «Toppen av ingenting».

I filmen rår Lex Nojet til å selja arven snarast råd. Månsson og Petersén forklarar kvifor:

– Du er ikkje heilt rettslaus som leigetakar. Om folk går saman og skipar eit leigebuarkollektiv, kan ikkje huseigaren kasta ut leigetakarane, jamvel om dei har ulovlege kontraktar. Reglane er ei felle også for eigarane, og private huseigarar er ein utdøyande rase. Storselskap og offentlege institusjonar dominerer no bustadmarknaden, utan at det gjer det betre.

Møtt av hard kritikk

«Toppen av ingenting» konkurrerte om Gullbjørnen i Berlin, men vart aggressivt møtt av filmkritikarar i bransjepressa. Amerikanarane fann den ekspressive filmen «aggressivt stygg» og vond å høyra på.

– Vi ville at filmen og huset skulle spegla den klaustrofobiske situasjonen Nojet er i. Vi gjer ikkje narr av henne, vi forstår hennar desperasjon, forsikra regissørane, som var i forsvarsmodus, då Klassekampen møtte dei dagen etter gallapremieren.

Dei to var noko sjokkerte over dei hatske omtalane av den dominerande hovudrolla, som er spela av Peterséns tante.

– Ein mann ville aldri fått alder og utsjånad kommentert slik, eller rolla si så personleg moralsk fordømt, sa Månsson.

– Nojet er eit produkt av samfunnet ho lever i, la Petersén til.

Til slutt går Nojet laus på blokka ho er makteslaus eigar av med eld og sinne. Jamvel om det i fleire byar finst døme på at huseigarar kvittar seg med «vanskelege» eigedomar med å setja fyr på dei, fall dei sterkt karikerte scenene dårleg ut for filmen, sidan premieren kom etter London-brannen i Grenfell Tower.

No kan publikum i Oslo sjølv vurdera snakkisen frå Berlinalen.

guri.kulaas@klassekampen.no

Fredag 17. august 2018
Flere forskere mener pressen har spekulert for mye i Sandberg-saken. – Spekulasjoner hører hjemme i private samtaler, sier Elisabeth Eide.
Torsdag 16. august 2018
Mari Skurdal er ansatt som Klassekampens nye ansvarlige redaktør. Hun varsler at hun vil løfte utenriks- og kommentar­stoffet i avisa.
Onsdag 15. august 2018
God kjønnsbalanse til tross: Menn diskuterer teknologi og økonomi, mens kvinner diskuterer omsorg, abortlov og metoo under Arendalsuka.
Tirsdag 14. august 2018
Arendalsuka gjenskaper forskjellene i det norske lobby-systemet, ifølge en ny rapport.
Mandag 13. august 2018
Dansk Folkeparti har lansert en egen nettavis. Frp sier de ville gjort det samme om de hadde ressursene.
Lørdag 11. august 2018
På ett år har seks ansatte ved norske kunstutdanninger mistet jobben eller sagt opp etter varsler om seksuell trakassering. Er kunstskolene verst i klassen?
Fredag 10. august 2018
– Pengemakten må ikke få skyve maktbalansen i samfunnet, advarer Martin Kolberg (Ap). Han frykter at høyresida er i ferd med å vinne kampen om tankene.
Torsdag 9. august 2018
Vektere leid inn til Øyafestivalen har skift på opptil 13 timer flere dager i strekk.
Onsdag 8. august 2018
Tenketanker får mye pressedekning, men blir knapt nevnt på Stortinget. – De rører sjelden ved den politiske virkeligheten, hevder Torgeir Knag Fylkesnes (SV).
Tirsdag 7. august 2018
Mens Civita gjør storeslem i mediene, prøver konkurrentene å øve innflytelse på andre måter. – Ideene er viktigst, sier Manifest-leder Magnus E. Marsdal.

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk