Du kan bla til neste sideBla med piltastene

I vinter sa Senterpartiet at dei – som einaste stortingsparti – hadde fått null varsel:

15 varsel i Senterpartiet

I HARDT VÊR: På Senterpartiets landsmøte i Trondheim i 2017 visste framleis ikkje Sp kor mange varsel dei skulle få. Frå høgre: Sp-leiar Trygve Magnus Slagsvold Vedum, første nestleiar Ola Borten Moe, andre nestleiar Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim, generalsekretær Knut M. Olsen og parlamentarisk leiar Marit Arnstad. FOTO: FRIDA HOLSTEN GULLESTAD Frida Holsten Gullestad

TAL SOM TEL: Sp har fått 15 varsel. To av sakene er framleis ikkje ferdig handsama, seier partiets generalsekretær.

I november kunne Senterpartiets generalsekretær fortelje at hans parti var det einaste som ikkje hadde fått varsel om uønskt seksuell merksemd etter at metoo-kampanjen starta.