Onsdag 30. mai 2018
UØNSKT: Medlemmene i NNN seier dei er straffe fordi dei streika for tariffavtale. Her møtest 16 av dei utanfor Sekkingstad AS, i midten klubbleiar Krzysztof Jedlikowski. Nestleiar Maciej Marvicz står foran i biletet i grå t-skjorte.
Ingen av dei streikande Norse-tilsette har fått jobb i nystarta laksepakkeri:
62 organiserte stengt ute
STRAFFA: Berre dei uorganiserte fekk arbeide vidare då Norse Production slo seg konkurs, og tre mellomleiarar tok opp att drifta i ei ny verksemd.

arbeidsliv

– Sekkingstad! Kven søker du?

Klassekampen står utanfor inngangsdøra til resepsjonen hjå Sekkingstad AS på Skageneset i Sund kommune utanfor Bergen. Vi har nett ringt på klokka til callinganlegget. Dei siste dagane har vi freista å få fatt i leiinga i Sund Laksepakkeri AS utan å lukkast.

Verksemda vart etablert i april i år og overtok slakting og pakking av laks for Sekkingstad AS etter konkursråka Norse Production. Dei to verksemdene deler kontor.

– Eg får ikkje fatt i nokon av dei nett no. Dei er nede i produksjonen i første etasje og eg kan ikkje sleppe deg inn der. Har du avtale? spør kvinna i callingen.

Fakta

Norse-konflikten

• I fjor melde dei fleste tilsette i Norse Production seg inn i Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund (NNN), og same haust gjekk dei til streik for å få tariffavtale.

• Etter fire veker fekk dei avtale med verksemda.

• I april vart Norse slått konkurs. Leiinga hevda NNN forsura samarbeidstilhøva og fremja urettkomne krav som gjorde vidare drift umogleg.

• NNN og klubbleiinga ved Norse avviste dette og hevda at leiinga dreiv med trakassering av dei tillitsvalde.

• Tre mellomleiarer i Norse har etablert ny verksemd. Ingen av NNN-medlemmene har fått arbeid her.

Vil ikkje svare

Avtale har Klassekampen ikkje. Dei tre mellomleiarane i Norse som etablerte Sund Lakseslakteri, svarer ikkje korkje på e-post, telefon eller SMS.

Ein som svarer på telefon, er klubbleiar for dei NNN-organiserte Krzysztof Jedlikowski. Sidan midten av april har han og nestleiar Maciej Marvicz freista å hjelpe dei 62 arbeidslause medlemmene med å fylle ut skjema med lønnskrav, få oversikt over gamle timelister, hjelpe i kontakt med Nav, og skrive cv-ar. No gjer han jobben for seg sjølv. Han er gift med ei norsk kvinne, har barn og treng arbeid.

– Vi har ikkje høyrt noko frå Sund Laksepakkeri. Ingen av medlemmene har fått arbeid i den nye verksemda, fortel han.

Lynetablering

Kor mange som faktisk har fått jobb, var mellom dei spørsmåla Klassekampen ville stille leiinga i den nye verksemda, men dei svarer ikkje. Ifylgje Jedlikowski har alle dei uorganiserte fått seg arbeid, rundt 50 personar. I tillegg skal Sund Laksepakkeri ha leigd inn eit 20-tal tilsette frå bemanningsselskapet Eterni. Stadfeste dette kan ikkje klubbleiaren.

Då Klassekampen var på Skaganeset ein dryg time i går, tydde ingenting på at dei gjekk gjerandslause i slakteriet og pakkeriet. Produksjonsstøyen var tydeleg, og to trailerar var innom, den eine dansk som skulle henta laks til kontinentet.

– Det vi undrar oss over, er korleis dei makta å etablere denne verksemda. Konkursen skjedde torsdag 5. april. Fredag fekk vi melding. Heile neste veka arbeidde vi på rekninga til bustyret som hadde garanti frå Sekkingstad. I helga var det ingen på jobb, men måndag var det full drift med dei nye eigarane utan at nokon av oss i klubben visste noko. Korleis gjekk det til? spør Marvicz.

– Det var godt planlagd?

– Sjølvsagt.

Har pengar

Dei fleste av dei 62 har hatt arbeidd på Norse gjennom fleire år, nokre så lenge som fem år. At ingen av dei skulle vere godt kvalifisert for ei stilling i den nye verksemda, har Jedlikowski vanskeleg for å tru.

– Vi er haldne ute fordi vi streika for tariffavtale og fordi vi er organiserte. Dei vil kvitte seg med oss.

Dei siste dagane har det vorte betre for dei utestengde medlemmene i NNN.

– Vi har fått pengane frå Lønnsgarantifondet. Ikkje alt vi hadde utståande frå februar og mars, men det meste.

– De har også eit krav om etterbetaling etter streiken for å få tariffavtale i fjor haust. Kva med det?

– Det trur eg ikkje vi får. Då må det rettssak til, seier Marvicz.

Åtvara arbeidsgjevar

Leiar og nestleiar i klubben har teke med seg 14 kollegaer for å ta bilete framføre Sekkingstad. Ein av dei har nye opplysningar å kome med, fortel Jedlikowski.

– Ein av medlemmene våre hadde søkt på ei stilling. Arbeidsgjevaren skal ha ringt Sund Laksepakkeri og fått melding om at dei ikkje burde tilsette kollegaen fordi han ikkje gjorde godt arbeid, fortel Marvicz.

Jakta på arbeid har starta. Fem av dei tilsette ha fått arbeid hjå Salmar, ei av dei store lakseverksemdene etablert på Frøya i Trøndelag. Dei fem skal ta til i arbeid i juni.

– Nokre av kollegaene våre har gitt opp og reist attende til Polen. Det dreier seg i alt om 25 personar.

– Kva for arbeid kan dei få i Polen?

– Det er fem år sidan eg reiste frå Polen, så eg veit ikkje så mykje om tilhøva, men det er betre no enn det var då eg flytta, seier Jedlikowski.

– Men dårlegare løn?

– Sjølvsagt. Det er noko av grunnen til at vi er her.

Angrar ikkje

Dei andre, nærare 35 i talet, vil til liks med dei fem som alt har fått jobb, framleis bu i Noreg.

– Eg har alt vore innom fleire verksemder i Bergen med søknad og cv, fortel Marvicz.

– Vi er ikkje berre på jakt etter arbeid med fiskeforedling. Vi har mange ulike kvalifikasjonar frå Polen og kan arbeide i fleire verksemder, seier han.

Det var også meldinga dei fekk frå Nav. I utgangspunktet er dei kvalifisert for mange typar arbeid. I neste veke skal dei få hjelp frå Nav til å sette saman aktivitetsplan, skrive korrekte cv-ar og søknadar.

I fjor haust streika dei i fem veker for retten til tariffavtale. Dei hausta mykje støtte for streiken og vann til slutt ein viktig siger. Norse Production bøygde av og skreiv under ein avtale.

I vinter opplevde både leiar og nestleiar mykje ubehag, mellom anna med skriftleg åtvaring og færre vaktar. Dei meiner dei kan dokumentere at medlemmane deira fekk færre vakter enn dei uorganiserte. Så mister dei alle arbeidet etter konkursen. Spørsmålet er, var det verd det?

– Vi kjenner oss urettvist handsama. Vi er straffa fordi vi kjempa for rettar nordmenn tek som sjølvsagde, og vi er alle sinte på den nye verksemda, seier Jedlikowski.

– De står utan arbeid?

– Vi kjempa for å få ein kollektiv avtale. Alle seier det same. Det var verd det.

Kva leiinga ved Sund Laksepakkeri har å seie til den krasse kritikken frå dei tilsette, veit vi framleis ikkje. Til slutt fekk Klassekampen eit svar på SMS frå styreleiar i Sund Laksepakkeri AS Kjersti Solberg. Ho kunne ikkje akseptere at Klassekampen kom utan avtale til Skaganeset. Avtale måtte gjerast god tid i førevegen. På spørsmål om avisa kunne få eit intervju på telefon svara ho:

«Kanskje en annen dag».

gunnarw@klassekampen.no

Tirsdag 5. juni 2018
KVOTER: Fiskeriministeren vil gjøre kvotesystemet for de minste fiskebåtene mer effektivt og enkelt. Langs kysten frykter man at noen få rike vil sikre seg fiskerettighetene.
Onsdag 30. mai 2018
STRAFFA: Berre dei uorganiserte fekk arbeide vidare då Norse Production slo seg konkurs, og tre mellomleiarar tok opp att drifta i ei ny verksemd.

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk