- Vi må snakke meir om podkast-serien «Dei 15 mest vestlandske vestlendingane» frå Bergens Tidende. I serien møter vi urvestlendingen og lærer litt om livet i same venda. Men kven er det vi møter? Etter tolv episodar har vi fått innblikk i liva til Wilhelm Christie, Ivar Aasen, Agnes Ravatn, Georg Johannesen, Liv Signe Navarsete, Ludvig Hope, Olav H. Hauge, Linda Eide, Jon Fosse, Bjørn Jensen, Einar Førde og Ingrid Espelid Hovig. Vi kan i alle fall slå fast at det er typisk vestlandsk å gje ut bok: Minst ni av dei tolv har hatt gleda av å sjå sine eigne ord mellom stive permar (og vi får leggje til at ni av tolv skriv nynorsk).
Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Helsetoppane som gjennomførte anbodet som har gitt krise i luftambulansen, vil vurdera endring:
Opnar for offentleg ambulanse
Helse og
FORBETRINGSPOTENSIAL: Sjef for Luftambulansetjenesten HF Øyvind Juell seier risikovurderinga kunne vore betre. Han støttar ei utgreiing av ein offentleg luftambulanse.
Krisa i luftambulansetenesta landa i går i sosial- og helsekomiteen på Stortinget. Eit av forslaga som komiteen skal ta stilling til, er å be regjeringa setta i gang ei utgreiing av offentleg drift av luftambulansetenesta, som i dag er sett ut på anbod.