Klassekampen.no
Torsdag 24. mai 2018
Eit skilje mellom klassekamp og metoo er det få som tener på.
Mjuke verdiar

Førre fredag bringa Morgenbladet ein lang reportasje om Trond Giske sitt politiske comeback. Han har reist tilbake til «sine egne» i Trøndelag Arbeidarparti, og dei har teke imot han med opne armar.

Det finst tilgjeving for den som ber om forlating, slo partiveteran i Trondheim Nils Nesjan fast. Han hadde høyrt biskopen i Nidaros snakke om metoo og Giske.

No er verken Nesjan eller biskopen i Nidaros fornærma i sakene som felte Trond Giske, så tilgjevinga er noko malplassert. Men likevel: Det finst ei tid og eit liv etter metoo. Om det finst eit liv i politikken for Giske, er det veljarane som til slutt får bestemme. I så fall får vi håpe på eit noko høgare refleksjonsnivå enn Giske og hans folk gav uttrykk for i saka i Morgenbladet.

Ei kjelde gav uttrykk for at det finst ein by/land-dimensjon i metoo-sakene. At dei får ein større dimensjon i Oslo, enn i resten av landet. Då er det verdt å minne om at varslarar i metoo-saker, ikkje berre i Giske sitt tilfelle, men i alle sakene knytt til norsk politikk, har kome frå heile landet. Frå Tromsø og Trøndelag til dømes. Dersom lokale partifolk skaper eit inntrykk av at dette er saker som høyrer heime i Oslo, hos det NRK i ein famøs reportasje kalla «den urbane metoo-eliten», lover det dårleg for både rekruttering av, og rom for, ungdom og kvinner i lokalpolitikken. Og dei finst det framleis altfor få av.

Trond Giske sjølv ville ikkje kommentere metoo-sakene til Morgenbladet. Dei er ferdig handsama. Han har lagt dei bak seg og ser framover.

Men når journalist Jo Moen Bredeveien spør om metoo slår ekstra sterkt i eit arbeidarparti som har late rettigheitskampar og «mjuke verdiar» få skygge for interessekampen mellom arbeid og kapital, viser han til statsvitskaps-stjerna Francis Fukuyama, som slår fast at identitetspolitikk tek for stor plass på venstresida. Mennesket er rett nok meir enn økonomiske aktørar, seier Giske, men for han sjølv er det «dei økonomiske interessene og kampen for enda betre velferd for alle som veg tyngst».

Eit slikt skilje, mellom metoo og kampen for betre velferd, er det nesten ingen som tener på. Også det Giske kallar «vanlege kvinner og menn som jobbar kvar dag for eit betre samfunn», kan bli utsette for seksuell trakassering.

Metoo slo ned i norsk politikk på tvers av høgre-venstre-aksen og på tvers av interne partiskiljelinjer. Dersom konklusjonen i ettertid blir at metoo var eit byfenomen blant identitetspolitisk orienterte hipsterar, og dessutan berre i eit ledd i ein politisk kamp mellom dei som er opptekne av «mjuke verdiar», og dei som er opptekne av arbeid og kapital, er vi like langt.

Trond Giske vil aktivere Ap-grasrota og gjere Ap til eit tydeleg venstreparti. «Trond reiser seg i landskapet Senterpartiet har vakse seg store i, de siste årene. Han skjønner at her ligg det dynamitt», seier ei kjelde til Morgenbladet. Giske vil gjere avstanden mellom folk flest og partieliten mindre, mellom anna ved å lytte til folkemeininga i Acer-saka.

Desse ideane er det mange som deler, særleg utanfor Oslo.

«Det Trond er skulda for, er berre ein vanleg bygdefest i Trøndelag», sa ei anna kjelde til avisa. Og her finst kanskje kimen til problemet. Politikken kan ikkje vere ein bygdefest. Den har kanskje vore det fram til no og slett ikkje berre i Trøndelag.

Ein lærdom etter metoo er at bygdefest-tendensar i politikken kan bidra til å halde kvinner tilbake, som i tilfellet med lokallagsleiaren i AUF i Tromsø, som trekte seg frå politikken etter ei slik hending. Den hendinga har Trond Giske teke ansvar for. No bør han bidra til å gjere politikken til ein god stad å vere, også ute i distrikta.

marias@klassekampen.no

Artikkelen er oppdatert: 11. juni 2018 kl. 15.06

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk