Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kollektivforsvarar, solidaritetspåminnar og utretteleg formidlar: Eirik Ingebrigtsen om årets festspeldiktar Edvard Hoem.

Skrivekar på jorda

EIT HUNDRETALS ROSER: I romanen «Ave Eva» var bonden Edmund Saknevik «den siste bonden vest i fjordane som dyrka roser og trudde på himmelen». I huset etter tippoldefaren Erik Olsen Hoem, bygd i 1742, har Edvard Hoem planta rosene sjølv. FOTO: MARIA GOSSÉ Maria GossÈ

Då norsklæraren min på Os strente inn i klasserommet med eit nytt klassesett skjønnlitteratur, steig knising og forventing til nye høgder då den okergule framsida på Edvard Hoems «Kjærleikens ferjereiser» lyste imot oss. Her hadde vi pubertert oss gjennom «Dei kallar meg kvisa» (Mæland) og «Alltid fleire dagar» (Hovland) og sto no ved døra til nok eit resonansverk for vår famlande leiting, trudde vi.