Klassekampen.no
Onsdag 23. mai 2018
Ei språkreise til naboane i øst, vest og sør.
På tur i Europa
FRI OG FRANK: Frankrike vart til etter ein germansk invasjon.

I vest heiter naboen Island fordi ein av dei første som segla rundt øya, på 800-talet, observerte mengdevis drivis nordvest for øya. Isbreane i innlandet såg han knapt. Danmark i sør heiter så etter ei germansk folkegruppe som kalla seg danane. Så det er marka, landet, til danane.

Sverige inneheld ‘sveane’ og ‘rike’, altså er det sveane sitt rike, og Finland er finnane sitt land. Finnar vart dei kalla i eldre tid, både dei i Finnmark (sic!) og dei lenger søraust. Kanskje vart dei kalla finnar fordi dei var dyktige til å finna fram over vidder og fjell. I alle fall, den romerske historikaren Tacitus nemner dei alt rundt 100 e. Kr.

Suomi har vore deira eige landsnamn, det står Sami, samefolket, nær. Suomi er attestert alt på 1200-talet. Opphavet er omstridd; kanskje det er eit ord for myr, suo. I så fall myrland.

Me må skilja mellom Nederland (låglandet) og Holland. Det siste er berre ein landsdel, rett nok den suverent største. Første leddet svarar til holt (treklynge) i norsk og Holz (tre) i tysk.

England i sørvest har vore namnet i berre vel tusen år. I hundreåra etter Kristi fødsel var det Britannia, etter dei keltisktalande britane. Men så kom dei germansktalande anglane og saksarane over, rundt 500, og slik vart England til. Angelsaksisk, monaleg mindre enn vårt norrønt, har hatt ei ufatteleg utvikling, i dag er det slik at det «holds the whole world in its hand».

Somme av britane flytte til sørsida av Kanalen rundt 600, og området heiter stadig Bretagne (Britannia). Den dag i dag er det kanskje om lag 50.000 som talar keltisk der.

Då er me i Frankrike, frankarriket. Frankarane var òg ei germansktalande stamme, som flytte sørvestover i folkevandringstida. Deira språk, etter kvart svært mykje dominert av latin, trengde unna dei keltiske språka i det som fram til då hadde vore Gallia.

Frankarane kom frå området ved dagens Frankfurt. Frank tyder ‘fri’, jamfør at me norske stadig snakkar om å vera fri og frank. Ironien er altså at det stolte France vart til etter ein germansk invasjon.

Sveits har truleg sitt germanske namn frå svi-jordbruk. I så fall er dette ‘svi-landet’ språkleg i slekt med Sveio i Hordaland. Det gamle namnet Helvetia har ingenting med vårt helvete å gjera; helvetarane var keltarar. Caesar omtalar dei i historia om krigen i Gallia.

Polen har med eit slavisk ord for slette å gjera, så det er ‘slettelandet’. Basisen for Sovjetunionen var det russiske sovjet, som tyder ‘forsamling’, men Russland har ikkje russisk opphav. Det er svensk! Vikingar grunnla det første kongeriket der aust, og nokre kom frå området Roslagen nord for dagens Stockholm; dei vart kalla ‘rus’.

Difor heiter Sverige ikkje uventa Ruotsi på finsk, som då historisk sett er det same som første leddet i Russland. Finnane har med andre ord ‘Russland’ på begge sider! Og Putin, han har landsnamnet sitt frå Sverige ...

Det var nasjonshistorie rundt i Europa – seks dagar etter vår eiga feiring av Noreg og Norge.

sylfest.lomheim@gmail.com

Sylfest Lomheim skriv om språk i Klassekampen kvar onsdag.

«Finnane har med andre ord ‘Russland’ på begge sider!»

Artikkelen er oppdatert: 11. juni 2018 kl. 15.02
Onsdag 9. mai 2018
Ingen månad er så prega av kunnskapsprøving som mai. Her kjem eit bidrag til eldre som ofte er rådgjevarar, og til yngre som er utøvarar.Først -ning og -ing: -ing fortel om handling,...
Onsdag 2. mai 2018
Den 1. mai byrja i 1889. Og rørsla, die Bewegung, the movement, le mouvement har halde seg. Fordi mange nok stiller opp. Men eg melder eit sakn: Eitt ord var mykje fråverande i talane i går,...
Onsdag 25. april 2018
«Wara for Listhaug» var Klassekampens kreative overskrift i byrjinga av månaden. Den nye ministeren kom som vara for den tidlegare ministeren... Ein desktiar og blink me ikkje ser kvar dag. Etternamnet til...
Onsdag 18. april 2018
Aker og Acer, fru Blom? Acer er, dessverre, i ferd med å bli eit av årets ord. Kva tyder det eigentleg, dette som også går under omtalen «den tredje...
Onsdag 11. april 2018
Livet vaknar i april. Latin aprilis er «den som opnar (året)», opplyser norske ordbøker. Den autoritative franske Grand Robert skriv derimot at april har kome frå gresk
Onsdag 4. april 2018
Turid Farestvedt (og nokre til) lurer på dette med aksentar. Ho ser eg skriv òg (også), for å skilja det frå bindeordet og. Uttalen er jo den same – /åg/. Eit betimeleg spørsmål.
Onsdag 28. mars 2018
Eg vil på ingen måte vera respektlaus i påskeveka. Men det er så mykje påskestoff i dei fleste aviser at eg i dag vel å skriva om noko så aktualitetsuavhengig som ‘skål’. Eg presiserer igjen, for å møta all eventuell...
Onsdag 21. mars 2018
Ein vaken lesar, Tore Været, gjorde merksam på at i same nummer av Klassekampen som eg skreiv om forleddstilknyting, stod det, tre sider lenger bak, om ferjefri E39 på Vestlandet. SV ville slå eit slag for

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk