Du kan bla til neste sideBla med piltastene

CO2-utslepp frå meieri vert gjødningKjølevatnet blir nytta til oppvarming

Fart på miljøgartneri

SPARKESYKKEL: Det tek for lang tid å gå gjennom dei store gartneria. Difor nyttar dei tilsette sparksykkel når dei skal ha lunsj. Gunnar Wiederstrøm

NULLUTSLEPP: Eit hopehav mellom Noregs største meieri og gartneri har redusert klimagassutsleppa frå dei to verksemdene til null.

Klokka er 11.30. I den 452 meter lange korridoren, med plastikkvegg på eine sida og tre meter høge radar av tomatplanter på andre, kjem dei tilsette trillande på sparkesyklar. Først passerer to, så kjem to til, og brått er det ti på veg mot oss. Det er lunsjtid, og avstandane i gartneriet er så store at det einaste som duger, er å flytte på seg med sparksykkel.