Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Mykje talar for at Gullpalmen i kveld går til ei kvinne.

Kunst på liv og død

GATEBARN: Nadine Labakis «Capharnaüm» kan vinna Gullpalme i kveld. Filmen rørte publikum til tårar. FOTO: CANNES-FESTIVALEN

I kveld blir palmeprisane delte ut i Cannes, og entusiasmen for hovudkonkurransen har vore jamt stigande i løpet av festivalen. I skrivande stund har den tyrkiske Cannes-favoritten Nuri Bilge Ceylan enno ikkje avrunda konkurransen med sitt nye familiedrama «Villpæretreet», så alt er ope. Likevel: Med det pågåande kvinneopprøret i bransjen synleg til stades på Rivieraen, talar mykje for at ein jury leia av Cate Blanchett vil velja ei av dei to kvinnelege regissørane som har fått mykje ros denne veka.