Klassekampen.no
Lørdag 19. mai 2018
Eg står korrigert – igjen

KRITIKK

Eg beklagar på det aller sterkaste og håper at Finn Iunker, Bernhard Ellefsen, Hennnig Hagerup og andre kritikarar som kan ha blitt såra indirekte av ordet «skamming», snart vil finne trøyst i nye, oppkvikkande karakterdrap «mellom samtykkende voksne».

Det heiter seg gjerne blant kritikarar at ein går til litteraturen for å tenkje og få nye perspektiv. Men då eg i Bokmagasinet 12. mai brukte Helene Flood Aakvaags bok «Hei, skam» som perspektiv på visse sosiale mekanismar eg meiner er relevante for den mykje omtala krisa i kritikken, gjekk eg visst for langt. Og det trass i at poet, kritikar og psykolog Joanna Rzadkowska og forfattar og kritikar Erle Marie Sørheim i lesarinnlegget «La litteratene få debattere!» (Klassekampen 16. mai) seier «ja til sviende orddueller mellom samtykkende voksne!» Tilnærminga mi er berre ikkje slik ein har blitt samde om at det skal foregå.

Uansett – det var svært opplysande for meg å lære at det slett ikkje er å påføre skam når ein, som Bernhard Ellefsen, skriv at ingenting av det ein kollega har produsert gjennom åra, held mål. For eg kan jo ikkje bevise at dette var Ellefsens intensjon. Heller ikkje Finn Iunkers påstand om at det er umogeleg å vurdere tankeinnhaldet i Ole Robert Sundes bøker, fordi det ikkje er tankeverksemd å spore der, kvalifiserer som skamming. Eg ville trudd at å fråkjenne andres livsverk all kvalitet både var å undergrave ære og påføre skam. Men kven er vel eg til å meine noko om det, eg har ikkje éit einaste profesjonsstudie og ikkje éi einaste, lita bok på CV-en.

Debattinnlegget minner meg liksom om noko … dette har nokon prøvd å forklare meg før: Det er særs ufint av meg å antyde at det kan vere element av sosial posisjonering i kritikk og debattinnlegg. Det er psykologisering av andre, og det er faktisk over streken. Rett nok siterer Rzadkowska og Sørheim meg på at «polemiske nedvurderingar (…) fungerer som skamming», ei passiv formulering som peikar på verknad, ikkje motiv. Men etter å også ha debattert med Rzadkowska på Facebook, innser eg no at ved å seie at nokon påfører skam, påfører eg skam! Det er klart at kritikarar bør kunne snakke nedsetjande om andre utan å riskere å bli tillagt motiv om å faktisk meine at den omtala part skal bli, eller kjenne seg, sosialt degradert. Det har dei ikkje samtykka til.

Eg innser også at det er urimeleg å vente at yngre kolleger skal vere interessert i korleis eg har opplevd dei tretten åra som har gått forut for at eg etter jul vart ein av dei priviligerte skribentane i Bokmagasinet. Faktisk bør eg gå i meg sjølv og innsjå at opplevingane mine av å ha blitt avskriven som debattant og til dels usynleggjort, ikkje er anna enn utslag av mitt eige forvirra kjensleliv. Til alt overmål gjer eg det altså vanskelegare for mine mest retorisk hardtslåande, mannlege kollegaer å utfalde seg fritt. Eg må berre beklage på det sterkaste! Eg håper inderleg at Iunker, Ellefsen, Hagerup og andre kritikarar som kan ha blitt såra indirekte av påstandar om skamming, vil finne læking i nye, oppkvikkande karakterdrap så snart som råd. Start gjerne med meg!

merete.rosvik@gmail.com

Artikkelen er oppdatert: 11. juni 2018 kl. 14.53

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk